Tvil om det nye fellesfaget vil kunna bli ein suksess

DEBATT: Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring. I eit innlegg i Aftenbladet 31. mars inviterer statsråd Guri Melby til ein brei debatt om fellesfaga på studieførebuande linje.

«For å skapa større variasjon bør ein i undervisninga i dei teoretiske faga leggja inn emne frå kunst og handverk, musikk og drama der det høver», skriv Sigmund Sunnanå. Foto: Shutterstock

Debattinnlegg

  • Sigmund Sunnanå
    Sigmund Sunnanå
    Tidlegare utdanningsdirektør i Rogaland
Publisert: Publisert:

Ho startar innlegget sitt med det grunnleggjande spørsmålet: «Hvordan skal vi bruke 30 skoletimer i uka best mulig for å ruste dagens ungdom både på studier, arbeidsliv og selve livet?» I generasjonar før vår er det blitt stilt spørsmål med nokolunde same innhald utan eintydige svar og sameinte konklusjonar. I stortingsmeldinga prøver regjeringa å gi svar som er tilpassa vår tid.

Nytt fellesfag

Det som vil skapa mest debatt, er forslaget om at berre norsk, engelsk og matematikk skal vera obligatoriske fag. Historie, samfunnsfag, religion, geografi og naturfag skal ikkje lenger vera obligatoriske. Tema frå desse faga skal inngå i eit nytt fellesfag om demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte. Elevane skal læra om miljøvern, å tenkja kritisk og få historisk og kulturell innsikt og læra å handla etisk og miljøbevisst.

Det er viktig å ha ein levande debatt om mål, innhald, arbeidsmåtar, undervisningsorganisering og vurdering både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Historie, samfunnsfag, religion, geografi og naturfag har i alle år vore sentrale kunnskap- og danningsfag. Dette er fag som elevane har hatt også i grunnskulen. Kanskje har det vore vanskeleg i vidaregåande opplæring å gi desse faga eit nytt og spennande innhald og utfordrande arbeidsmåtar? Somme elevar har gitt uttrykk for at opplæringa i vidaregåande i desse faga er mykje gjentaking av lærestoff som dei har hatt før. Guri Melby skriv at på ein skuledag kan elevane vera innom sju forskjellige fag og like mange tema. Etter mi meining bør meir av undervisninga kunne organiserast i bolkar. Når ein arbeider med eitt av faga i ein bolk, kan ein eventuelt ta med emne også frå andre fag der det er naturleg.

Les også

Vi ønsker en bred debatt om fagene i skolen

Les også

Melby beklager etter å ha kalt fag «mindre»

Les også

Kunnskapsløst av Melby

Vanskeleg å gjennomføra

Eg er i tvil om det nye fellesfaget vil kunne bli ein suksess. Intensjonen med å integrera fleire fag i eit nytt fagområde kan vera god, men vanskeleg å gjennomføra i praktisk undervisning. Vi som har levd ei stund, hugsar kor ein i grunnskulen på 1970 – 1980-talet streva med å laga meiningsfulle undervisningsopplegg i O-faget som bestod av historie, samfunnskunnskap, geografi og naturkunnskap.

Eit av problema i vidaregåande opplæring er at mange elevar ikkje fullfører. Guri Melby skriv at rundt ein femdel av elevane som startar på vidaregåande opplæring, lykkast ikkje med å fullføre etter fem år. Tre av fem elevar seier at dei ikkje er godt førebudde på å møta dei akademiske krava i høgre utdanning. Studieførebuande er kanskje blitt altfor teoritung for ein del elevar. Opplæringa kan derfor bli kjedeleg og lite motiverande. For å skapa større variasjon bør ein i undervisninga i dei teoretiske faga leggja inn emne frå kunst og handverk, musikk og drama der det høver. Dei praktiske og estetiske faga, som inneheld både kunnskap og danning, kan gjerne også få eigne undervisningsbolkar på timeplanen. Kanskje bør elevane på studiespesialiserande bruka noko av den samla opplæringstida på organiserte praktiske, sosiale og kulturelle tiltak i lokalmiljøet?

Ros til Melby

Det er viktig å ha ein levande debatt om mål, innhald, arbeidsmåtar, undervisningsorganisering og vurdering både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Ein slik debatt kan føra til konstruktive endringar innanfor dei lover og læreplanar vi har. I dei siste tiåra har det vore lagt ned mykje arbeid i omfattande reformer som kanskje ikkje alltid har ført til forventa resultat. Guri Melby skal ha ros for at ho inviterer til ein debatt som sikkert vil engasjera mange.

Publisert:
  1. Debatt
  2. Videregående skole
  3. Skolepolitikk
  4. Guri Melby
  5. Undervisningsopplegg

Mest lest akkurat nå

  1. Redningsaksjon på Kjerag lørdag kveld

  2. Overlegen norsk seier

  3. OL-STUDIO: Her jubler stjernen for gull. Like etter innser hun tabben

  4. – Vi så et rødt lys styrte i sjøen

  5. 37 ordensforstyrringar natt til søndag - kroppsskade på Kampen

  6. Gråtkvalt Tufte etter OL-skuffelse: – Mitt ansvar