Høgre sin kunnskapsskule

DEBATT: Kunnskapsminister Guri Melby vil forbetra norsk skule. Det vil ho gjera ved å svekka kunnskapen i skulen.

– Har svekkinga av historiefaget rett og slett ein politisk funksjon: Å kamuflera partiet Venstres eiga historie, frå radikal folkerørsle til høgreparti? spør Tore Thorsen. Her Guri Melby. Foto: Håkon Mosvold Larsen

Debattinnlegg

  • Tore Thorsen
    Jelsa
Publisert: Publisert:

Visse fag skal gjerast mindre sentrale til fordel for «et nytt fremtidsrettet fag, som skal øke forståelsen for demokrati og likestilling,» foreslår departementet. Blant dei faga som ikkje lenger skal vera obligatoriske – med andre ord emne som norske elevar etter Melby si meining kan klara seg utan – er geografi, naturfag og historie. Kan Ola Nordmann for mykje av desse faga?

«Miljøpartiet» Venstre vil svekka naturfaget.

Geografi: Mange av oss hugsar kanskje ei karikaturteikning for ein del år sidan om koss verda såg ut i hovudet på nordmenn: To store og betydingsfulle land: Norge (dvs. Sørnorge) og Syden. Dei andre var meir eller mindre diffuse. På skulen lærde nok elevane litt meir enn dette, men lærde dei tilstrekkeleg til å innsjå den ministørrelsen og miniposisjonen landet vårt reelt sett har i verda? Eg har mistanke om at kunnskapsløft, heller enn kunnskapssvekking, kunne vera på sin plass.

Les også

Kunnskapsløst av Melby

Les også

Vi ønsker en bred debatt om fagene i skolen

Les også

Melby beklager etter å ha kalt fag «mindre»

Naturfag: Sjølv blir eg meir og meir klar over kva naturmangfall og naturvern betyr for at me som art skal overleva. Og eg veit at den angsten, og kanskje engasjemanget, eg føler for natursvinn og naturøydeleggingar ville vore endå større om eg hadde følgt betre med i naturfagtimane på skulen, og lært meir om eigenarten, samspelet og sårbarheten i naturen. Men «miljøpartiet» Venstre vil svekka naturfaget.

Historie: For å få forståing for demokrati og likestilling, som skal stå sentralt i det nye faget til Guri Melby, så må me først læra om koss desse rørslene historisk ikkje voks, men men blei kjempa, fram.

Professor i historie

Ludvig Holberg var professor i historie. Han var professor i latin og metafysikk også, men heldt historie som det utan samanlikning viktigaste. «Historien er livets Læremester,» skriv han (Epistler, b. 2). «Jeg lærer deraf at kjende Lande. Jeg lærer at kjende Mennesker. Jeg lærer at kiende mig selv. Ja, jeg lærer at spaa.» Han var det me i dag ville kalla ein god verdikonservativ.

Kamuflera eiga historie?

Utan historisk ballast er det fare for at det nye framtidsfaget til Melby like gjerne kan heita metafysikk, «tom, virkelighetsfjern spekulasjon.» (Fremmandordboka). Eller har svekkinga av historiefaget også rett og slett ein politisk funksjon: Å kamuflera partiet Venstres eiga historie, frå radikal folkerørsle til høgreparti?

Er det denne stortingsproposisjonen som viser konturane av Høgres kunnskapsskule?

Les også

  1. Kunnskapsløst av Melby

  2. – Regjeringen foreslår ikke at dagens fellesfag skal forsvinne

  3. Melby beklager etter å ha kalt fag «mindre»

Publisert:
  1. Debatt
  2. Guri Melby

Mest lest akkurat nå

  1. Lionel Messi forlater Barcelona: – Det var en bombe

  2. Norge klar for OL-finalen: – De har sjokkert resten av verden

  3. Stavanger: Vaksine-intervallet forkortes

  4. Espen Hana og andre lokale helter i sommerens utendørssuksess

  5. Bryne mister toppscoreren til Eliteserien

  6. Viking har forlenget med Nilsen Tangen