Pøbel på Karten?

DEBATT: Plasseringa av kunstverket «Mute» på Karten skurrar for meg.

– Set heller «Mute» i eit støyande vegkryss eller i ei rundkøyring der trafikken larmar forbi. Eller kanskje på taket av M44? skriv Otto Laurits Fuglestad.

Debattinnlegg

  • Otto Laurits Fuglestad
    Otto Laurits Fuglestad
    Bryne
Publisert: Publisert:

Gatekunstnaren Pøbel har gjort det igjen: På ein vegg nær innkøyringa til sjukehuset har han publisert eit svært aktuelt kunstverk. På bildet løfter ein dansande helseminister Høie ein svevande helsearbeidar i fullt koronautstyr. Det er ein flott hyllest til dei som har stått i fremste rekkje under pandemien.

Me som bur på Bryne kan dagleg gleda oss over to andre verk av den same kunstnaren. Det eine er det elskande paret med munnbind i jernbaneundergangen i Arne Garborgs veg: «Kjærleik i koronaens tid». Det andre er jærbonden i Felleskjøpet sin kjeledress som spelar gitar på høygaffelen sin på kornsiloen ved den gamle mølla.

Ja, lyden-av-kunstverket til Pøbel vil eg gjerne både ha og sjå, men ikkje på Karten.

Og det er ikkje bare på Bryne han har sett spor etter seg. Han er godt kjend både her til lands og i utlandet for mange særmerkte kunstuttrykk. Ikkje minst var det eit godt grep å målbinda ekspresident Donald Trump med «lyden-av-symbolet» (mute) då denne twitra som verst. Nå vil Pøbel gje dette mute-symbolet til jærbuen i form av ein stor skulptur, plassert i jær-naturen ein stad, der mange folk er ute på tur. Det er ingen dum ide å minna oss alle på å dempa oss litt. Her er mykje høgrøysta tale og mykje bråk og støy i den verda me lever i. Men plasseringa av kunstverket på Karten skurrar for meg.

Eg vil høyra suset i granene

Når eg går tur frå Brusaknuten til Karten, vil eg nettopp høyra dei lydane som møter meg der. Eg vil høyra suset i granene i den vesle skogdotten som veks på vegen mot Karten. Eg vil høyra sildringa av bekken eg må hoppa over i botnen av skråninga. Når eg står på toppen av Karten, vil eg både høyra og kjenna vinden mot andletet. Når eg går tur i det brune lynglandet på veg mot Synesvarden, vil eg lata dei mjuke molltonane frå heiloen klinga saman med min eigen melankoli. Og eg vil gleda meg over dei lystige trillene til lerka i den klåre vårlufta. Når eg går tur langs jærstrendene, vil eg nyta klukkinga av småe godversbylgjer som rullar sakte innover sanden. Og eg vil kjenna redsla som ein støyt gjennom kroppen når det veldige havet knuser seg i frådande bylgjer mot knausar og strand.

Ikkje i Guds frie natur

Ja, lyden-av-kunstverket til Pøbel vil eg gjerne både ha og sjå, men ikkje på Karten, og heller ingen annan stad i Guds frie natur. Men heller i eit støyande vegkryss eller i ei rundkøyring der trafikken larmar forbi. Eller kanskje på taket av M44?

Les også

  1. Pøbels kunst er fantas­tisk, men hans siste verk må ikkje plasse­rast i naturen på Høg-Jæren

  2. Se hvem som løftet fram heltene i Helse-Norge i natt

  3. – Nei, dette er ikke en hyllest til Bent Høie

  4. Helseminister Bent Høie sendte personlig hilsen til kunstneren

Publisert:
  1. Debatt
  2. Kunst
  3. Felleskjøpet
  4. Donald Trump
  5. Pøbel

Mest lest akkurat nå

  1. Neste uke er Eventyrstien tilbake i Sandnes

  2. Oilers scoret i spilleforlengelsen

  3. Dette skal heve skidestinasjonen til nye høyder

  4. – Politiet kan ha snakket usant i Birgitte-saken

  5. I dette bufellesskapet er arkitektar frå inn- og utland stadig på besøk

  6. Hestekarusell og pariserhjul til Ruten i Sandnes