Eg vil framleis vera ryfylking!

DEBATT: Det passar betre for oss 1000 Forsand-innbyggjarar å vera med dei 13.000 i Strand enn dei 80.000 i Sandnes.

«Tenk det beste for Forsand-samfunnet for framtida La Forsand få bli saman med Strand», skriv Torstein Haukalid.

Debattinnlegg

  • Torstein Haukalid
    Tidlegare kommunestyrerepr. i Forsand kommune
Publisert: Publisert:

Eg har lang fartstid som lokalpolitikar i Forsand og har mellom anna vore ordførar/varaordførar i 16 år. For meg har det vore ei glede og gitt god meining å ha vore med i samarbeid med politikarar og administrativ leiing i Ryfylkekommunane i desse åra.

Me møttest mellom anna i Ryfylkerådet, seinare Ryfylke IKS, i styret for Ryfylkevegen og Høgsfjordbruene og i fleire andre fora.

Det er som ei naturlov. Der du har eit felles bu- og arbeidsområde, der får du og kontaktar og blir kjent med folk.

Haldningen mellom politiske og administrative leiing var då at fekk me noko til i ein kommune, vart det og ein gevinst for nabokommunen. Me var jo i eit felles bu- og arbeidsområde.

Meir samkvem

Etter at me fekk ny veg over Botsheia til Jørpeland i 1994 og bru over Lysefjorden i 1997, har folk i Forsand fått stadig meir samkvem med folk i Strand og også i Hjelmeland.

Det er som ei naturlov. Der du har eit felles bu- og arbeidsområde, der får du og kontaktar og blir kjent med folk. Der byggjer du fellesskap. Der blir du med i ulike lag og interessegrupper.

Eg kan nemna dei viktigaste fellesskapa eg personleg har i Strand/Hjelmeland:

  • Som bonde: Me har felles lag, møte og kurs for landbruksorganisasjonane.
  • Som politikar: Me har hatt mange felles råd, møte, utfordringar og oppgåver.
  • Som kyrkjelydsmedlem: Me går på møte og gudsteneste hjå kvarandre.
  • Som handelskunde: Jørpeland har blitt vårt handlesentrum. Der er det ikkje større enn at ein blir kjent att, og ein får det meste ein treng av varer og tenester.

Dei treffpunkta eg har nemnt her, har eg ikkje i den nye kommunen min.

Les også

Viktig debatt å ta

Lokaldemokrati og lokalkunnskap

Det blir sagt at ein treng ikkje slutta å ha kontakt med Strand og Hjelmeland om ein høyrer til i Sandnes. Det kan vera rett. Men for meg som er opptatt av at me skal ha eit lokaldemokrati, er det viktig å ha kjennskap til dei personane som skal veljast til å styra. Og det er viktig å ha lokalkunnskap til det området som skal styrast. For oss som bur i den nye utkanten av den store kommunen Sandnes, er dette vanskeleg å få på plass.

Det er om lag 60 km frå Forsand sentrum til Sandnes. Bompengetaksten langs den ruta er nå blitt ganske så høg. Det gir ikkje mykje lyst til å engasjera seg i politikken når ein må bruka så mykje tid og pengar berre på reisa.

Ny kommune i Søre Ryfylke

Det passar betre for oss 1000 Forsand-innbyggjarar å vera med dei 13.000 i Strand enn dei 80.000 i Sandnes. Med ein ny kommune i Søre Ryfylke vil ein byggja vidare på det felles bu- og arbeidsområdet ein har med dei mange verdiane det ber med seg. Det vil vera ein distriktskommune der ein vil ha fokus på nærområdet vårt. Me vil få korte avstandar innanfor kommunen. Me treng ikkje køyra gjennom to andre kommunar for å koma til legevakt og kommunesenter mm.

Til regjering og Storting:

Tenk det beste for Forsand-samfunnet for framtida! La Forsand få bli saman med Strand.

Ikkje la ein ulovleg bruk av kommunelova 06.06.2017 av ordførar og mindretalet i Forsand kommunestyre få styra framtida for komande generasjonar i Forsand!

Les også

  1. Lokale Høyre-topper sier nei til massiv sammen­slåing i Rogaland

  2. Vi trenger ikke en ny kommunesammenslåingsdebatt

  3. Lokale Høyre-topper sier nei til massiv sammen­slåing i Rogaland

Publisert:
  1. Debatt
  2. Forsand
  3. Forsand kommune
  4. Sandnes
  5. Hjelmeland

Mest lest akkurat nå

  1. Flere unge kan ikke lenger bruke en vanlig datamaskin: – Holder ikke med et kurs

  2. Bendi fra Sandnes skal til Bocuse d'Or: – Når jeg først har sagt at jeg skal gjøre noe, gjør jeg det

  3. Før var strømprisene lavest i Sør-Norge. Så skjedde det noe

  4. Marerittkveld for Haaland og Dortmund: Største tap i Champions League

  5. Ryfast: Stenges to ganger i døgnet i 10 dager

  6. Trond Ola flyttet på hjemme­kontor i Spania. Trenden har bare så­vidt startet, tror eks­pertene