Egoistiske prioriteringar av koronavaksine

  • Skjalg Omdal
    Skjalg Omdal
    Stavanger
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Lærarar har stått i frontlinja over eitt år under denne pandemien. Det har regjeringa og Stortinget bestemt. Same regjering og Storting har no bestemt å vaksinere seg sjølve.

Dei 150.000 lærarar og barnehagetilsette i Noreg er særleg utsett for smitte. Saman med tilsette i serveringsbransjen er lærarar og barnehagetilsette dei yrkesgruppene som har størst andel av smitte (FHI, 18.5.2021). Logisk utvikling, sidan Storting og regjering har vedteke at dei skal ha opne skular og barnehagar. Lærarar og barnehagetilsette kan ikkje overhalde ein meter avstand. Svært mange har nærkontakt med opptil 30 småungar kvar dag under denne pandemien.

Skal det gå opp for dei folkevalde at her er det ei særleg urettferdig og egoistisk ordning, der dei beordrar lærarar ut i frontlinja utan vaksine, og sjølve sit dei trygt bak frontlina, med vaksine?

Publisert: