Ta vare på fellesskolen

DEBATT: Det er viktigare enn nokon gong å minne om at fellesskolen er ein av dei heilt sentrale berebjelkane i utviklinga av samfunnsmodellen vår og av velferdsstaten.

«Fellesskolen har medverka til at Noreg er eit av landa i verda med minst forskjellar mellom folk, eit av landa med størst deltaking i styringa av landet, og eit av landa der barn og ungdom hevdar seg best når det gjeld demokratisk engasjement og tenkjesett», skriv Sølvi Ona Gjul.

Debattinnlegg

  • Sølvi Ona Gjul
    Sølvi Ona Gjul
    Stavanger Ap
Publisert: Publisert:

I eit velskrive innlegg 13. mai oppmodar Solveig G. Sandelson politikarane om å la skolen få vere i fred ei stund. Ho har mange gode poeng det er lett å vere einig i, og sjølvsagt skal ikkje politikarar og byråkratar detaljstyre skolekvardagen – vi må ha tillit til at lærarane og skoleleiarane gjer jobben sin til beste for elevane.

Men det er ei særdeles viktig politisk oppgåve å ta vare på fellesskolen! Det er viktigare enn nokon gong å minne om at fellesskolen er ein av dei heilt sentrale berebjelkane i utviklinga av samfunnsmodellen vår og av velferdsstaten. Landet vårt var eit av dei første i verda som fekk ei lov om skole for alle: Kong Christian 6. si forordning av 1739 innførte krav om tre månaders skolegang i året for alle barn mellom 7 og 12 år. Alle skulle kome til den same skolen, alle og enhver, endog de fattigste Børn over alt paa Landet, og skolehaldaren skulle ikke reflectere paa Forældrenes Tilstand og Formue.

Alle skulle nemleg stå til den same konfirmasjonen, og då måtte dei kunne lese og skrive.

Det kjem stadig politiske utspel som vil svekkje fellesskolen.

Sikre betre utjamning

Frå starten av skulle alle ha litt skolegang, og så har alle fått meir og meir etter kvart som folkeskolen vart utvikla. Mange skolelover er vedtatt etter denne første, alle med mål om å sikre betre utjamning. På 1800-talet handla det mest om utjamning mellom by og land, i perioden 1900–1960 gjaldt det utjamning mellom sosiale klassar, så vart det fokus på utjamning mellom kjønna fram mot 1980, og endeleg utjamning og likeverd for barn og unge med funksjonsnedsetjing fram mot tusenårsskiftet. Først med Reform 94 fekk denne gruppa rett til vidaregåande opplæring. Dei to sentrale verkemidla i utjamningspolitikken gjennom alle desse åra har vore å sikre tilgang og rettar: Staten gav midlar til utbygging over heile landet, og staten gav lover som etter kvart sikra rett til opplæring for alle.

Størst deltaking

Fellesskolen har medverka til at Noreg er eit av landa i verda med minst forskjellar mellom folk, eit av landa med størst deltaking i styringa av landet, og eit av landa der barn og ungdom hevdar seg best når det gjeld demokratisk engasjement og tenkjesett. (Det siste veit vi frå internasjonale undersøkingar som Noreg deltar i – ICCS).

Derfor er det særdeles viktig at politikarar bryr seg med skolepolitikk. Vi må vere på vakt for fellesskolen kvar dag! Det kjem nemleg stadig politiske utspel som vil svekkje fellesskolen. Høgre har igjen fleire slike forslag, dei ønskjer m.a. at elevane i grunnskolen skal inndelast i grupper/klassar etter fagleg nivå. Eg trudde ikkje eg høyrde rett då forslaget vart omtalt sist veke!

Vi prøvde dette på syttitalet med kursplansystemet – erfaringane gjorde at det raskt vart lagt bort. Så høyrde eg at statsråden sette «etiketten» tilpassa opplæring på forslaget og prøvde å moderere det, men då slår han inn opne dører: Opplæringslova gir rom for at elevane i korte periodar og i enkeltfag kan delast inn etter fagleg nivå, som eit pedagogisk verkemiddel styrt av lærarane sjølve.

Svekke fundamentet

Høgre ønskjer også fleire såkalla profilskolar, altså ungdomsskolar som tilbyr «spissing» av tilbodet i enkeltfag. Dette forslaget er nært i slekt med forslaget om inndeling av elevane etter fagleg nivå, og det er sjølvsagt kopla til eit anna «fridoms-forslag» – fritt skoleval heller enn nærskolerett. Skulle slike forslag få gjennomslag, vil det svekkje sjølve fundamentet for fellesskolen: Den breie sosiale fellesskapen i ein klasse.

Les også

  1. Den beste skule­politikken? Gi skulen fred. Gå i karan­tene

  2. Høyre vil skille elever i ulike klasse­rom ut fra faglig nivå

Publisert:
  1. Demokrati
  2. Solveig G. Sandelson
  3. Skolepolitikk

Mest lest akkurat nå

  1. – Trygve Slagsvold Vedum bør vente i to år

  2. Bruker du en av disse medisinene? Da skal du ha en tredje vaksinedose

  3. Ble utstengt av kommunen – nå klager klubben

  4. Oilers vinner en skikkelig slitematch i Fredrikstad

  5. – Ikke vant til dette på Østlandet

  6. Fem tigerunger er født i Dyreparken. En av dem døde