Kva kjem «Stavanger» av?

DEBATT: Vågen er ikkje ein «angr». Den er bein og jambrei, og inga naturleg hamn.

«På den tida namnet oppstod (før 500 AD) kan den austre vågen ha gått inn og omfatta Breiavatnet,» skriv Dag H. Sture. Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

  • Dag H. Sture
    Stavanger
Publisert: Publisert:

Debatten i Aftenbladet om opphavet til namnet på byen har teke fleire interessante vendingar. Felles for dei er at dei er skrivne av folk med kompetanse innafor kulturhistorie, eller av filologar. Men eg har ikkje sett referert teorien til Per Hovda, som var arkivsjef i Stadnamnarkivet og spesialist på stadnamn ved sjøen. Artikkelen står i «Frå hav til hei» (Universitetsforlaget 1978), og burde då vera rimeleg kjend for dei som rører seg i fagfeltet.

Vågen er inga naturleg hamn

Her peiker han på at «angr» stort sett er fjordar eller vågar med trongt innlaup, jfr tysk og dansk: «eng» som tyder «trong, snever». Vågen er ikkje ein «angr». Den er bein og jambrei, og inga naturleg hamn. Når ein av dei vanlegaste vindretningane her (nordvest) bles, er Vågen full av dammel og skvalpesjø. Før det kom kaiar og gjestebryggjer, må Vågen ha vore ein utrygg plass å liggja for båtar.

Breiavatnet

I mellomalderen låg nausta i Østervåg, og på den tida namnet oppstod (før 500 AD) kan den austre vågen ha gått inn og omfatta Breiavatnet. Funn av salt i botnlaga i Breiavatnet stadfestar at dette har vore ein våg i førhistorisk tid, før landheving og attgroing og etter kvart ifylling har stengt av og laga den tjønna som ligg der i dag. «Staven» kan vera det bratte berget som Petrikyrkja ligg på, og som då låg ved det tronge innlaupet til Østervåg (Breiavatnet) - eller «Stafangr».

Med atterhald om at eg sjølv heller ikkje er spesialist på fagområdet, høyrest denne tydinga meir truleg og naturleg ut enn mykje av det som har vore føreslege i denne debatten.

Les også

  1. Debatten om Stavanger-navnet lever videre

  2. Staven i Stavanger-navnet har en logisk forklaring

  3. Denne kampesteinen kan ha gitt Stavanger sitt namn

Publisert:
  1. Stavanger
  2. Vågen
  3. historie

Mest lest akkurat nå

  1. Hun skal styre Grieg-familiens milliardbutikk i Rogaland

  2. Vurderer lokale tiltak etter smitteutbrudd på utesteder og private fester

  3. Kommunen fjerner de ansattes p-plass og åpner bobilcamp på rådhuset

  4. Kraftig smittehopp på Nord-Jæren: Mange smittetilfeller knyttes til utested

  5. Rødt i Oslo får kritikk, men her opptrer partiet prinsipielt riktig og i tråd med spille­reglene

  6. Byrådet i Oslo har falt