Klasserommet som lesesirkel!
DEBATT: Lesekondis er som annan kondis, ein må av og til utfordra seg sjølv.
- Gunhild AbelsnesLektor i norsk, Steinerskolen videregående i Stavanger

I ein mykje delt kommentarartikkel i Aftenbladet laurdag 7. januar uttrykker Aslak Sira Myhre bekymring for barn og unges evne til å lesa lengre tekstar, og han tar til orde for meir lystlesing som eit botemiddel. Han har svært viktige poeng, men eg vil gjerne nyansera biletet litt.
Myhre set opp eit skilje mellom to typar lesing: Den kjekke, meiningsfulle og individuelle lystlesinga, og ei tørr, uinspirerande, kollektive og «skulske» lesinga der analysen er viktigare enn opplevinga.
Aslak Sira Myhre: «Hvis norske ungdommer skal lære og like å lese, må skolen slutte å lete etter metaforer og forfatternes budskap»
Delte opplevingar
Myhre har rett i at skulen må legga til rette for frivillig og lystprega lesing. Men det eine utelukkar ikkje det andre. Det han legg fram som «tvangslesing», at heile klassen les same tekst, har ei rekkje fordelar og treng slett ikkje øydeleggja lesegleda. Tvert om. Lesing er ofte kjekkast når det er ei delt oppleving, når me kan samtala med andre om det me har lese. Det er ikkje utan grunn at folk søker seg til lesesirklar, lesebloggar og andre lesefellesskap.
Som lærar ser eg stadig at det nettopp er rundt bøkene heile klassa les i fellesskap at me får dei gode samtalene. Når elevar og lærar saman utforskar ein tekst, oppstår ofte gylne augeblikk. For å få det til, må ein stilla gode spørsmål til teksten, og møta elevane si undring med openheit og kloke svar. Målet er å få fram ei fleirstemmig lesing, der ulike tolkingar får brynt seg mot kvarandre. Slik får elevane trening i kritisk lesing og meiningsbryting.
Det er ikkje alltid like vellukka, det skal eg vera den første til å innrømma. Men når det fungerer, opplever elevar meistring fordi dei har lese eit verk dei elles aldri ville oppsøkt, og hatt personleg utbytte av det. Det kan opna døra for at dei frivillig vågar seg på endå meir utfordrande lesestoff. Eit eksempel er då eg drog ei Vg3-klasse gjennom «Prosessen» av Kafka. I starten av lesinga var motstanden relativt stor, etterpå var tilbakemeldinga at dette var det vanskelegaste dei nokon gong hadde lese, men òg noko av det som hadde gjort sterkast inntrykk, og dei ville ikkje vore den erfaringa forutan.
Frå plikt til lyst
Myhre har heilt rett i at tørr, formalistisk og instrumentell analyse kan drepa teksten og leselysta. Det har nok vore ein tendens til det i skulen, med skjematiske skriverammer og lite fleksible vurderingskriterium styrt av eksamensordninga. (Eg er så heldig at eg arbeider på ein eksamensfri skule, så eg har ikkje det spøkelset hengande over meg.) Ein litterær tekst er ikkje ein rebus eller eit reknestykke som skal løysast. Å gje «minuspoeng» for å forveksla besjeling og personifikasjon er meiningslaust.
Men det er eit svært viktig poeng som Myhre tek altfor lett på: For å få til gode samtalar om litteratur, trengst det eit språk som uttrykker fleire nyansar enn om boka er «kjekk», «kjedeleg» eller «vanskeleg». Dei treng eit sett med omgrep som fungerer som nøklar til å opna teksten. Eg har ofte opplevd å bli møtt med «eg fatta ingenting av den der greiå» når elevar les, men etter litt hjelp til å gjennomskoda verkemiddel – som språklege bilete eller allegoriar – går det eit lys opp for den unge lesaren om kva teksten eigentleg handlar om, og lesinga går frå å vera eit pålagt ork til å bli noko meiningsfullt, – og ja, til og med lystprega. Brukt med forstand kan «jakt på forfatterens antatte budskap» og analyse av verkemiddel vera gode verktøy for ei djupare oppleving av teksten.
Kremt, kremt
Eg vil med dette slå til lyd for klasserommet som lesesirkel. I ordet sirkel ligg det implisitt at det er snakk om jambyrdige lesarar, der terskelen er låg for kvar og ein å bringa sine tankar til torgs. Med læraren som ein mild, men kyndig ekspert som kan hjelpa til med å setja meir presise ord på elevane si leseoppleving.
Eg deler Myhre si bekymring for at lesekondisen er under press hos alle aldersgrupper. Viss han skal styrkast, er lystlesing sjølvsagt viktig. Men lesekondis er som annan kondis, ein må av og til utfordra seg sjølv, velja ei lenger løype eller ein brattare bakke enn den vanlege runden rundt Mosvatnet dersom ein skal utvikla seg. For å bruka ein (kremt) allegori.
Les også
«Skolebibliotekene – rom for demokrati og dannelse»
Hvordan skal vi rent praktisk klare å lese en roman i sommer? Her er de konkrete rådene fra professor Anne Mangen
– Lesingen i Norge går tilbake blant barn og unge
Færre kulturopplevelser for barn: – Viktig for danning og utdanning
Han har fulgt litteraturmiljøet i Stavanger i en lang mannsalder – nå er han mektig imponert!
– Kva med ei rogalandsk litteraturhistorie?
Dette lurte nordmenn mest på i 2022