Uvissa er undervurdert

DEBATT: I eit debattinnlegg i Aftenbladet onsdag 21. juni går Gunnar Berge i rette med kritiske merknadar eg hadde til Oljedirektoratet (OD) sin ressursrapport i min gjestekommentar to dagar før.

Publisert: Publisert:

«Om ein skal ta Paris-avtalen på alvor, så er rommet for ny oljeproduksjon svært avgrensa dei nærmaste tiåra», skriv Klaus Mohn. Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

  • Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
Les også

Innenfor togradersmålet for klimapolitikken er det rom for adskillig olje og gass

Les også

Uaktuell rapport frå OD

Han let til å meine risikoen rundt oljeformuen frå oljepris og klimapolitikk er godt dekka gjennom budsjettdokumenta frå regjeringa.

Høgare ambisjonar

Ambisjonane burde være vesentleg høgare, slik eg ser det. Eg er levande klar over at Nasjonalbudsjettet under Solberg-regjeringa av begynt å bruke eit avsnitt på ei enkel verdivurdering av olje- og gassressursar i bakken. Dette er vel og bra, men talet seier lite og ingenting om kva risiko ressursverdiane våre er utsett for i form av oljeprisvariasjon og innstramming i energi- og klimapolitikken.

Mitt poeng er at låge olje- og gassprisar vil gi lågare leiteverksemd, færre feltutbyggingar og tidlegare nedstenging av modne felt enn om olje- og gassprisane er høge. Difor vil mengdene av utvinnbare ressursar avhenge av oljeprisen. Prisane vil dermed påverke voluma i tillegg til verdiane. Slike mekanismar er ikkje reflektert i styresmaktene sine vurderingar av ressurspotensial og utsikter for norsk olje- og gassverksemd.

Paris-avtalen

Så til rommet for norsk olje og gass under eit togradersmål. Den mest relevante referansen for internasjonale klimapolitiske ambisjonar er Paris-avtalen. Her heiter det at den globale auken i middeltemperaturen skal avgrensast til godt under to grader. International Energy Agency (IEA) og International Renewable Energy Agency (IRENA) har rekna på kva dette vil seie for oljemarknaden, og resultata tyder på at oljeforbruket må ned under 40 prosent av dagens nivå innan 2050. Om ein skal ta dette på alvor, så er rommet for ny oljeproduksjon svært avgrensa dei nærmaste tiåra.

Kor olje- og gassproduksjonen eventuelt skal kome frå er det kostnadar og konkurranseevne som må avgjere.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Warholm reagerer på at Ingebrigtsen fikk kongepokalen: – Jeg vil ha en begrunnelse

  2. Viking-helten fortsatt taus om fremtiden: – Vil ikke tenke på det nå

  3. Her er splitter nye MF «Nesvik» på vei inn til Ølensvåg

  4. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  5. Familie følte seg forgiftet – hadde spist sønnens hasjbrownies

  6. Publikum stilte opp på korona-Kapittel - med trygg avstand til sidemannen

  1. Oljeproduksjon
  2. Klimapolitikk
  3. Debatt
  4. Klaus Mohn
  5. Oljedirektoratet