Feil om antibiotikabruk i fiskeoppdrettsnæringa

DEBATT: Stavanger Aftenblad skriv på leiarplass 23. juni at det er omfattande bruk av antibiotika i norske oppdrettsanlegg. Dette er ikkje korrekt.

Publisert: Publisert:

«Mange forbrukarar trur framleis at det er mykje antibiotika i laksen. Det er altså ein myte», skriv Hans Inge Algrøy. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

  • Hans Inge Algrøy
    Regionsjef havbruk vest, Sjømat Norge
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
Les også

Leiar: Still krav til norsk oppdrett og glade laksar

Over fleire år har offisiell statistikk frå Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet vist at antibiotika er nesten borte frå norsk oppdrett etter at det på 1990-talet vart utvikla revolusjonerande vaksiner. Mindre enn éin prosent av laksen vart i fjor behandla med antibiotika.

Ikkje eit problem

Samlestatistikk frå 2015 viser eit forbruk av antibiotika på 273 kilo til fisk (212 kg i 2016), 436 kilo til kjæledyr og 5850 kilo til husdyr på land. I lys av at havbruksnæringa produserer 1,3 millionar tonn fisk i året, er antibiotika i oppdrett ikkje eit problem.

Til sist er det slik at dei aller største mengdene antibiotika i Norge faktisk blir brukt i humanmedisin – heime hos folk og på sjukehus.

Myte

Mange forbrukarar trur framleis at det er mykje antibiotika i laksen. Det er altså ein myte, og det kan neppe vera Aftenbladet si oppgåve å halde liv i gamle mytar.

Publisert:

Les også

  1. Leiar: Still krav til norsk oppdrett og glade laksar

Mest lest akkurat nå

  1. Ble gravd ut for hånd etter spreng­nings­uhell

  2. Brekkebua i Sirdal var få uker unna åpning. Natt til mandag ble den totalskadet i brann.

  3. Nytt smittetilfelle i Stavanger

  4. Fryktet livsverket skulle gå opp i røyk i Mekjarvik-brann

  5. Skrev overgreps-novelle om barn han forgrep seg på

  6. – Til slutt står du foran ditt eget speilbilde og sier «Ohhh, Hot Mama!».

  1. Laks
  2. Debatt
  3. Sjømat