Kunnskap og arbeid – løysinga er lokal yrkesutdanning i samspel med lokale verksemder

KRONIKK: Utdanningane må vera relevante for næringslivet, slår leiaren i NHO, Kristin Skogen Lund, fast. Dette er eit kraftig signal med retning mot skule og utdanningssystemet. Meiner Skogen Lund at samspelet mellom arbeidsliv og skule for å utvikle arbeidslivet ikkje er godt nok?

Entreprenørskap som skaper innovasjon, må byggast nedanfrå – og derfor blant dei unge. Suksessfaktorar er god og aktiv dialog mellom arbeidsliv og skule. Og skulane i distrikta er tett på lokalsamfunnet.

Debattinnlegg

  • Hans Hylen Solberg
    Rådgjevar, Sauda vidaregåande skule
  • Einar Schibevaag
    Rådgjevar, Strand vidaregåande skule
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Produktivitetskommisjonen har sett lyset på vendepunktet ved overgang frå ressursøkonomi til kunnskapsøkonomi. Dette regjeringsnedsette utvalet der mellom anna konserndirektør i Lyse Toril Nag deltok, legitimerer utsegna til Skogen Lund.

I sin andre rapport frå 2016 etterlyser kommisjonen eit samarbeid mellom skule og arbeidsliv ved utforming av yrkesutdanningane, slik at arbeidslivet får nytte av dei som blir utdanna. Ressursbruken i utdanningssektoren er blant dei høgaste i OECD, men utkomet er for svakt når me veit at gjennomsnittleg utdanningsnivå i Noreg er lågt.

Produktivitetskommisjonen vurderer lågt utdanningsnivå som eit uønska hinder ved overgangen til kunnskapssamfunnet, noko NOU 2016: 3, «Fra ressursøkonomi til kunnskapsøkonomi», slår fast.

Statistikken viser ei dobling av talet på uføre dei siste 10 åra.

Utanforskap

Ser me til Rogaland, har vel 30 prosent utdanning utover vidaregåande skule, mot nærare 50 prosent av innbyggarane i det sentrale austlandsområdet. Bryt me tala ytterlegare ned, kan berre vel 20 prosent av ryfylkingane dokumentere høgare utdanning (SSB:2016).

Mange rogalendingar valde arbeid framfor utdanning i gode tider i oljesektoren. Høge lønningar og «sikre jobbar» utan særlege formelle krav var lokkande. Etter siste års hendingar har nettopp dei med låg eller inga utdanning blitt ramma hardt. Arbeidstakarar utan fagbrev eller formell utdanning har falle ut av arbeidslivet, og mange har dessverre blitt verande utanfor.

Eit slikt utanforskap trer også fram blant unge vaksne, spesifikt i aldersgruppa 25–29 år. Framleis høgt fråfall frå vidaregåande opplæring, og særleg yrkesfaga, blokkerer for etablering av ei arbeidskarriere og sender mange 20-åringar i hendene til Nav. Statistikken viser ei dobling av talet på uføre dei siste 10 åra. «Den raskest voksende gruppen uføre er unge under 30 år med psykiske vansker», ifølge helsedirektør Bjørn Guldvog (VG, 16.05.17).

Folk kjenner kvarandre og kommunikasjonslinene er korte.

Skulane i distrikta – regionale kompetansesenter

Fylkestinget i Rogaland har slått fast at kompetent arbeidskraft og tilgang på relevant teoretisk kompetanse er viktige føresetnader for verdiskaping, vekst og samfunnsutvikling. Fylkeskommunen har ei viktig samfunnsutviklar- og planleggarrolle med ansvar for koordinering og utvikling i regionane. Regionale kompetansestrategiar skal bidra til balanse mellom tilgang på kompetent og relevant arbeidskraft på den eine sida og etterspurnaden frå arbeidslivet på den andre.

Dei vidaregåande skulane i Sauda og Strand er dei største kompetansearbeidsplassane i Ryfylke. Dei er institusjonar som både må utfordrast og aktiviserast for å auke nødvendig kunnskapsproduksjon slik produktivitetskommisjonen etterlyser.

Entreprenørskap som skaper innovasjon, må byggast nedanfrå – og derfor blant dei unge. Suksessfaktorar er god og aktiv dialog mellom arbeidsliv og skule. Og skulane i distrikta er tett på lokalsamfunnet. Folk kjenner kvarandre og kommunikasjonslinene er korte, noko som er eit viktig fundament for utvikling av mellom anna fleire industribedrifter Ryfylke er avhengig av.

Dei vidaregåande skulane er inngangsporten til arbeidslivet og fundament for verdiskaping i norske samfunn. Denne porten i vårt utdanningssystem opnar for og til:

  • kompetansebevis
  • fagbrev
  • fagskole
  • høgskole og universitet
  • etter- og vidareutdanning

Krydderet i eit ungdomsperspektiv er bygging av sosiale relasjonar med høve for framtidig samhandling.

Nært, kjent, enkelt og trygt er nøkkelord for utforming av opplæring og utdanning.

MOR

Høvet er til stades for å styrke dei vidaregåande skulane i distrikta si rolle som regionale kompetansesentra. Skulane høyrer ikkje til på tribunen, men med skorne på der spelet føregår.

Kunnskap om lokale forhold og motivasjon for meir, er den enkle oppskrifta. I praksis er det å nå den enkelte, avdekke verdfulle anlegg og eigenskapar og hjelpe til med å rettleie over hindera.

Ei slik tilnærming har rotfeste i lokale forhold. Å sjå utfordringane nedanfrå og opp er rettvend fordi ho ber med seg nødvendig presisjon for å oppnå effekt. Nært, kjent, enkelt og trygt er nøkkelord for utforming av opplæring og utdanning.

Ved å utvikle ei førstelineteneste for «Motivasjon – Opplæring og Rettleiing» ved distriktsskulane, kan verktøy, hus og kompetanse hos tilsette nyttast til å auke kunnskapsproduksjon for direkte nytte og effekt.

Lokalt arbeidsliv kan betre eigne rammevilkår ved eiga involvering og medverknad. Ressursbruk vil vere knytt til avklåra behov med reelt grunnlag for utkome. Frå å vere passive tingarar, kan behovseigarar påverke og styre det dei vil ha og få utdanning og kompetanseheving levert når dei treng det.

Er det ikkje langt på veg dette NHO leiar Skogen Lund spør etter?

Les også

Les også: «Det viktige samfunnsoppdraget til dei vidaregåande skulane i distrikta»


Les også

Hilde har Downs og fulltidsjobb i barnehage

Les også

VTA-plasser: – Behovet er enormt


Publisert: