Flyktning, eg?

DEBATT: Ville du ha tenkt annleis om du var flyktning, eller flyktningen annleis om ho var i dine sko?

Det er vanskeleg å tenke seg inn i andre sin situasjon i kriser. Men det finst ein god metode, bak «sløret av fåkunne».

Debattinnlegg

  • Marte C. W. Solheim
    Marte C. W. Solheim
    Postdoktor, Senter for innovasjonsforskning, Handelshøgskolen ved UiS
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Tenk deg ein situasjon der du får vere med på å bestemme korleis samfunnet skal vere organisert, men der du er totalt uvitande til kva rolle du sjølv kjem til å ha i dette samfunnet etterpå. Du må med andre ord absorbera fullt og heilt at den mest uheldige eller den mest heldige på denne jordskorpa kan nettopp vere deg sjølv.Tenk deg at du er ein flyktning på veg vekk frå krig, eller at du lever i eit trygt og demokratisk land. Korleis ville du då ha organisert samfunnet?

Sløret av fåkunne

Det kontraktsteoretiske tanke­eksperimentet «The Veil of Ignorance», sløret av fåkunne («uvitenhet»), vart utvikla av filosofien John Rawls.

I dette tankeeksperimentet skal ein bli samde om kva slags politiske institusjonar og prinsipp ein skal ha og fordele gode etter i eit samfunn utan at ein veit kva posisjon ein kjem til å ha i dette samfunnet ein har innretta og laga lovene for. Ved å stille seg bak dette sløret vil ein unngå at partane knyt sine avgjersler opp mot sine eigne særinteresser, og ein er då i betre stand til å avgjere moraliteten i dei ulike problemstillingane og spørsmåla som vert tatt opp.

Vi fortolkar røynda deira ut frå vår eigen posisjon.

Dermed kan ein argumentere for at rettferd vert løyst utan omsyn til etnisitet, kjønn, klasse, utdanning, legning, evner og talent, kompetanse, status, kapital og so bortetter. Ved ikkje å ha kunnskap om kva posisjon du sjølv har i dette samfunnet, vil du bli utfordra på ein annan måte.

Flyktningkrisa

I media har ein den siste tida kunne lese og høyre mykje om menneske på flukt. Felles for desse sakene om flyktningar og migrantar, er at vi fortolkar røynda deira ut frå vår eigen posisjon. Korleis vi har det er med på å forme korleis vi les og fortolkar sakene som kjem opp i media. Korleis «vi» ser på «dei» baserer seg i stor grad på korleis vi har det i våre eigne liv, og korleis vi tenkjer at «vi» fortener å ha det og korleis vi tenkjer at «dei» fortener å ha det.

Tenk deg at vi knyter dette eksperimentet til flyktningkrisa. Bak sløret av fåkunne, der du ikkje veit om du bur i trygge Noreg eller er på flukt frå krig, korleis ville du då ha organisert samfunnet? Kven ville du ha tilgodesett mest? Ville du tenkt annleis bak sløret av fåkunne enn når du ikkje var bak sløret?

Skilnadar til alle beste

Skeivfordeling til felles gode står sentralt i tankeeksperimentet til John Rawls. Det er på ingen måte slik at alle skal vere like, eller at alle skal ha det på nøyaktig same måten. I Rawls sitt tankeeksperiment kan ein støtte opp om forslag som ein veit ville føre til ei skeivfordeling i samfunnet. Dette kan ein støtte opp om dersom ein kan tenkje seg at desse skeivfordelingane vert knytt til eit felles gode.

Dersom du, bak dette sløret av fåkunne, ser at det gagnar alle, kan ein legitimere desse ulikskapane.

Eit døme er lønsskilnader. Lønsskilnadar opplevast som rettferdige bak sløret av fåkunne dersom desse skilnadane er naudsynte for å motivere personar «med spesielle talent til å bruke sine talent til fordel for alle».

Altså, dersom du, bak dette sløret av fåkunne, ser at det gagnar alle, kan ein legitimere desse ulikskapane, og ein kan då tenke seg at desse kan gjennomførast.

Det som Rawls derimot vektlegg, er element ein kan knyte opp mot eit av hans mest kjende prinsipp: forskjellsprinsippet. Der vektlegg han at sosial eller økonomisk ulikskap berre er rettferdig dersom denne skilnaden er til fordel for dei svakast stilte medlemmane i samfunnet. Her står ordet «medlem» sentralt, kven tenkjer du at er medlem av vårt samfunn? Kva definerer du som «vårt samfunn»? Desse omgrepa vert plutseleg meir inkluderande når du står bak dette sløret av fåkunne, for då veit du ikkje kva for posisjon du sjølv kjem til å ha seinare.

Nærare problemstillinga

Nærleik og distanse står sentralt i det å gjennomføre eit slikt tankeeksperiment, og nokre gonger kan det vere den naudsynte «biten» som får oss til å tenkje oss om ein gong til. Det kan få oss til å reflektere over korleis vi ville ha tenkt og handla dersom vi var i posisjon til å fordele goda i eit samfunn utan å vite kva slags posisjon vi skulle hatt i dette samfunnet. På ein måte fører også eit slikt tankeeksperiment til at vi kan kome litt nærare problemstillingane, og tenke tanken «kva om?». Kan hende fører dette tankeeksperimentet oss nærare ei forståing og ei vedkjenning for dagens situasjon gjennom å få innsyn i korleis vi ville ha handla dersom vi hadde vore bak sløret av fåkunne. Kan hende kan det også føre til endring?

Framand fugl

For over tretti år sidan vart songen «Fremmed fugl» av Åge Aleksandersen gjeve ut. Songen er framleis kjend for svært mange, det var noko med den intense rytmen som vart underbygd av ein sterk tekst: «Natta hviske en sang, fremmed fugl, fremmed fugl, gang på gang.

Korleis opplever dei å forlate alt dei kjenner og det som er deira heimland?

Songen er nok ein gong aktuell, med den omfattande flyktningkrisa vi er midt i og teksten til Aleksandersen på øyret: «Den framande stranda i Europa, og om ei reise som er så lang».

Vi kan ikkje forstå det, og heller ikkje fullstendig setje oss inn i korleis desse menneska har det. Mange spørsmål dukkar opp: Kva er draumane deira? Korleis opplever dei å forlate alt dei kjenner og det som er deira heimland? Kva slags reglar vert desse møtt med? Korleis skulle dei ønske at dei vart møtt? Dette er spørsmål som ein nok berre kan svare på dersom ein sjølve har kjent på kroppen det å flykte frå alt det kjende, og inn i det ukjende.

Men kva om vi gjennomførte eit lite tankeeksperiment? Framand fugl – kva om det var deg?

Les også

  1. Sven Egil Omdal: «Åpne grenser, åpen strid»

Publisert:
  1. Debatt
  2. Flyktninger

Mest lest akkurat nå

  1. Kø flere steder i Stavanger-området etter trafikkuhell på Motorveien

  2. Fylket: Budsjett­sam­arbeidet slår sprekker. Ett parti trekker seg ut

  3. Sira Kvinas største magasin er mer enn halvert. Nå ses villreinens gamle trekkvei

  4. Birgitte-saken: For­svarerne krever at politiet leter etter flere DNA-spor på strømpe­buksen

  5. Politiet tror husbrannen på Stokka startet i søppeldunk

  6. – Aftenbladets forside er ikke avisen verdig