Traséval nye E39: Kvifor byggje lengre, høgare og brattare?

NY E39: Ein avstikkar innom høge fjelltoppar og uforstyrra natur. Det er vel akkurat det me har trakta etter i årets Norgesferie, men kanskje ikkje når Norge skal byggje strakaste vegen mellom Stavanger og Kristiansand?

Publisert: Publisert:

Innsendaren meiner feil trasé for ny E39 er vald. Lengre, høgare, brattare. Det seier seg sjølv kva dette betyr for tungtransporten, for miljøet og for trafikktryggleiken. Er det slik ein ønskjer å byggje veg i Norge i dag? Foto: Tommy Ellingsen

Debattinnlegg

  • Guro Refstie
    Bjerkreim

Etter lange tider med informasjonshenting og utgreiingar, der R1 har vore eit tydeleg førstevalg, er det no R2 som har blitt tilrådd som den beste traseen for å byggje ny E39 frå Lyngdal vest til Ålgård. Studerer du kartet, finn du R2 der vegen gjer ein sving. Denne lille avstikkaren gjer vegstrekninga 3,1 km lenger, og den gjev 1,6 milliardar kroner mindre i samfunnsnytte. Likevel har den blitt vald.

Studerer du kartet, finn du R2 der vegen gjer ein sving. Denne lille avstikkaren gjer vegstrekninga 3,1 km lenger, og den gjev 1,6 milliardar kroner mindre i samfunnsnytte, skriv Guro Refstie. Foto: Statens vegvesen

Opp og ned og opp

Har du køyrt forbi Bjerkreim ein vinterdag, så veit du kor Runaskaret er. Lastebilar og bilar på kryss og tvers. Glatt vegbane og mykje snø. Alternativet R2 skal gå gjennom det same vêrharde området, og den skal opp i høgda. I utgangspunktet skal vegen inn i tunnel ved Stølsknuten. Det høgaste punktet på denne planlagde vegen ligg 290 meter over havet. Kvifor skal det byggjast ein ny variant av Runaskaret?

Eit av argumenta som følgjer tilrådinga av R2, er at ein forventar at R2 skal føre til reduserte kostnader i større grad enn R1. Då er det viktig å ta med seg at desse optimaliseringane legg vegen rundt fjelltoppane, og at dei tek vegen ned til 60 moh. ved Bjerkreimselva for deretter å passera 290 moh… få kilometer etter. Vel ein å spare pengar ved å byggje meir svingete veg med maksimale stigningar, vil det ha stor innverknad på samfunnsnytten. Miljøet får lide når all tungtransporten skal forflyttast oppover og nedover og oppover igjen.

Den nye motorvegen, ved R2, vil gå gjennom eit flott område, og det kan vere mykje fint å sjå frå bilvindauget. Men til kva pris? Eit stort naturmangfald vil truleg gå tapt for alltid. Teikningane for utbygginga viser ei 500 meter lang fylling over elva i dalen, som er den nasjonale lakseelva Ognaelva.

Innsendaren meiner feil trasé for ny E39 er vald. Lengre, høgare, brattare. Kvifor byggje ein ny variant av Runaskaret? Foto: Pål Christensen

Kva med flaum i Ognaelva?

Det står i Vegvesenet sine dokument at det berre er laks i nedre del av elva, men det stemmer ikkje. Laksen går heilt opp, og viktige gyteområde kjem til å bli øydelagde. Ognaelva, som tidvis ser ut som ein liten bekk, har fått namnet sitt av ein grunn. Namnet betyr skremmande, og elva stig veldig fort og har til tider svært stor vassføring. Dette står det heller ingenting om i Statens vegvesen sine dokument, men dei store utfordringane med flaum må truleg utgreiast ytterlegare.

Denne traseen ser ikkje ut til å vere like godt gjennomarbeid som det som til siste slutt var førstevalet. Det er fleire verna kulturminne langs traseen, og det vil truleg ta lang tid med dokumentasjon og utgravingar før ein i det heile tatt kan tenkje på å starte å byggje veg. Det er stor risiko for at ein ved å velja R2 legg til endå meir tid før nye E39 kan realiserast.

Eg klarer ikkje å finne nokre argument som er gode nok til å forsvare valet av R2. R2 var på sidelinja, heilt til plutseleg Eigersund og mineralressursane på Ualand vart tillagt mykje større vekt. Egersund er ein flott by, og dei som bur der klarer å køyre nokre få kilometer ekstra på gode gamle E39 når dei skal til Stavanger.

Lengre, høgare, brattare

Ein reknar med at det er store og verdfulle mineralressursar på Ualand, og dei må takast omsyn til. Men både R1 og R2 kjem i konflikt med desse områda. Statens vegvesen har eit alternativ der ei lita justering av R1 (ca. 500 meter) fører vegen utanom mineralsonene.

R2: Lengre, høgare, brattare. Det seier seg sjølv kva dette betyr for tungtransporten, for miljøet og for trafikktryggleiken. Er det slik ein ønskjer å byggje veg i Norge i dag? No er det opp til Samferdselsdepartementet.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Viking med målkalas mot Ålesund

  2. Warholm reagerer på at Ingebrigtsen fikk kongepokalen: – Jeg vil ha en begrunnelse

  3. Webradio: Vi gir deg Viking-Aalesund

  4. Bilbrann på fylksvei 44

  5. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  6. Familie følte seg forgiftet – hadde spist sønnens hasjbrownies

  1. E39
  2. Tungtransport
  3. Laks