Forsand-vedtaket skaper grobotn for politikarforakt
DEBATT: Blei grensejusteringssaka mellom Sandnes og Strand avgjort med bakgrunn i kva som er best for innbyggjarane i Forsand og i Ryfylke – eller i kva som politisk gagnar Ap og Sp best?
Debattinnlegg
- Torstein HaukalidTidlegare folkevald i Forsand
Når eg les utgreiinga og vedtaket til kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, er det ingenting der som tyder på at det er faglege, praktiske saker som er grunnen til at han ikkje gjekk inn for grensejustering. Han tok ikkje omsyn til at 54 prosent av innbyggjarane i gamle Forsand ville til Strand. Han tok ikkje omsyn til at geografien vår bind oss saman med Ryfylke. Han tok ikkje omsyn til at Forsand har eit felles bu- og arbeidsområde med Strand.
Ministeren skriv at det er ei heilskapleg vurdering som ligg bak vedtaket.
Geir Tomasgard, Strand Ap: «Ap treng ei storreingjering!»
Det som burde ha stått
Denne heilskaplege vurderinga kan ikkje vera kva som er best for Forsand og Ryfylkeregionen. Nei, det må vera korleis Ap og Sp vinn kvar sine sigrar.
Difor hadde det vore meir truverdig om Gjelsvik i vedtaket sitt hadde skrive: Departementet meiner etter ei heilskapleg vurdering at regjeringa med å seie nei til grensejusteringa får den beste premieringa for Ap og Sp.
Hadde ministeren skrive dette, hadde han vore ærleg.
Aftenbladet mener: «Regjeringen driver selvskading»
Ærlegdom og truverd
Dei fleste gjennomskodar det politiske spelet her. Når politikarar gjer noko anna enn dei seier, som i denne grensejusteringssaka, skapar det grobotn for politikarforakt.
Landet vårt er bygd opp på ein kultur der utgangspunktet er at me kan stola på kvarandre, og at vi er ærlege og reielege, skal liggja i botnen av handlingane våre.
Det vedtaket kommunal- og distriktsministeren har gjort i grensejusteringssaka mellom Sandnes og Strand, set truverd og tillit til politikarane våre langt tilbake.
Så til Støre, Vedum og Gjelsvik: De må ikkje halda fram med å riva ned truverdet til vårt gode politiske styresystem!
Artikkelforfattar Torstein Haukalid (KrF) var ordførar i tidlegare Forsand kommune i periodane 1990–1991 og 1999–2003. Red.mrk.
Les også
Mest lest akkurat nå
Stive strømpriser og høy rente knuser ny Joker-drøm
Fratatt førerkort etter ulykke på E39
Birgitte-saken: Siktede la en felle for det som viste seg å være politifolk
Støyende asfaltarbeid mellom Tjensvollkrysset og Madlakrossen de to neste nettene
Tina Bru er gravid - ville vente til etter statsrådjobben
Inge Anda solgte restauranten i 2019, men har fortsatt ikke fått pengene. Nå blir det rettssak
Aftenbladet anbefaler
Birgitte-saken: Siktede la en felle for det som viste seg å være politifolk
Inge Anda solgte restauranten i 2019, men har fortsatt ikke fått pengene. Nå blir det rettssak
Lærerstreiken: Slik trapper de opp i Rogaland kommende mandag
Undersøker båten og vannskuteren etter dødsulykken på Sirdalsvatnet
Mest debattert
Problemet er ikke synlighet, sikt eller veiskuldre. Det er sjåfører med et kjøremønster som dreper myke trafikanter
Strømkrangelen mellom nord og sør er oppkonstruert, og partiledelsen i Ap heller bensin på bålet
Utdrikningslag trampet i hjel måke på Torget: – Folk begynte å skrike, det var mange barn og turister her
«Dette er for svakt, Viking»