Livsfarleg russisk blanding av religion og atomvåpen

KRONIKK: Under den grufulle krigen i Ukraina har Vladimir Putin også rasla med kjernevåpen – våpen som er velsigna av russisk-ortodokse prestar. Dette er ei livsfarleg blanding.

«[…] teiknar eg deg med korsets merke i panna»: President Putin og patriark Kirill under ei påskegudsteneste i 2019. Den symbolske effekten i panna til Putin, skuggen av korset frå toppen av mitraen til patriarken, har gått igjen ved fleire høve.
  • Johannes Morken
    Johannes Morken
    Redaktør, Stefanusalliansen
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Putin har sjokkert oss med brutaliteten i Ukraina. Men heime har han fått støtte frå patriark Kirill, overhovudet for Den ortodokse russiske kyrkja.

I ei oppsiktsvekkjande preike sist søndag forsvarte patriarken invasjonen. Kirill fortalde at utbrytarrepublikkane i Donbass har vore under farlege angrep – fordi dei «totalt avviser dei sokalla verdiane» frå vest. Kirill sa at test-spørsmålet på desse vestlege verdiane er Pride-paradane.

75 år gamle patriark Kirill 1. er øvste religiøse leiar for rundt 80 millionar russarar og russisk-ortodokse i fleire land.
Les også

Aftenbladet mener: «De ulike kirkesamfunnene i øst har en langt viktigere rolle å spille enn vi i Norden forestiller oss.»

Krig og Pride

Vi kan meina svært ulikt om Pride. Men eit mektig kyrkjeleg overhovud brukte altså Pride som argument for invasjon av eit naboland, for å «stogga synd og hat» mot russisk-ortodokse truande. Kirill hevda at dei ortodokse russarane i Luhansk og Donetsk i åtte år har vore utsette for «undertrykking og utrydding» – på grunn av sin «lojalitet til kyrkja vår».

Ikkje få ortodokse ukrainske prestar som har patriark Kirill som overhovud, kjenner sterkt ubehag ved at patriarken og presidenten har drege kyrkja deira inn i forsvaret av krigen. Frå desse kjem det no krav om å distansera seg frå Kirill og jamvel bryta banda til patriarkatet i Moskva.

Det høyrer også med at dei einaste kyrkjene som er lovlege i Luhansk og Donetsk, er ortodokse kyrkjer som høyrer til Moskva-patriarkatet. Ortodokse kyrkjer som braut med Moskva-patriarkatet i 2018, er ulovlege. Det same gjeld katolske og protestantiske kyrkjer. Trusfridom passar ikkje inn.

Les også

Natalia (68) skiftet syn over natten: – Jeg tenkte aldri at Putin kunne finne på noe sånn

Kyrkja som elskar atombomba

At påstanden om folkemord er avvist som grunnlaus, nektar Kirill og Putin å høyra på. Krigsforteljingane deira liknar kvarandre, slik dei gjorde det ved annekteringa av Krym (russisk: Krim) i 2014 – og då Russland, ifølgje patriarken, dreiv «heilag krig» i Syria. For begge handlar krigen i Ukraina om russisk identitet og om fedrelandet, der Ukraina og Kviterussland høyrer med.

Sidan Sovjetunionens fall har Den russisk ortodokse kyrkja fått sterkare og sterkare posisjon i statsapparat og hær. Aller mest synleg er kyrkja hos kjernevåpenstyrkane, skriv Dmitry Adamsky i Foreign Affairs.

Adamsky, som er professor i Herzliya i Israel, har vore både ved Harvard-universitetet og ved det norske Institutt for forsvarsstudier. I boka «Russian Nuclear Orthodoxy» forklarar han korleis Den russisk ortodokse kyrkja lærte seg å «elska bomba».

«I det russiske militæret, spesielt i atomstyrkane, leier geistlege så ofte aktivitetar for å styrkja moralen og fremja patriotismen at dei spelar ei rolle som nesten svarar til rolla som politiske offiserar hadde i Sovjettida, dei var ansvarlege for ideologisk utdanning av troppar og for sikra Kremls kontroll over militæret», skriv Adamsky.

Ortodoksi og atomvåpen

Etter at Sovjetunionen fall i 1991, kom nedrustingsavtalane. Kjernevåpenstyrkane vart nedprioriterte. Ifølgje Adamsky såg Den russisk ortodokse kyrkja dette som eit høve til å styrkja posisjonen. Kyrkja, leia av patriarken, innleia samarbeid med kommandantar for kjernevåpen og industrien bak – og dreiv jamvel lobby for finansiering av atomvåpen.

I 2007 fastslo så Putin at ortodoksien gjev den russiske staten intern tryggleik, medan kjernevåpna sikrar ekstern tryggleik.

Denne teokratiseringa av det russiske militæret har gått under radaren altfor lenge, skreiv Adamsky i 2019. Det er, la han til, uråd å forstå Kremls politiske mentalitet og strategiske kultur utan å ta med påverknaden frå Den russisk ortodokse kyrkja.

I Moskvas gater kom den nukleære ortodoksien til syne i mai 2018. Like før den årlege paraden for å feira Sovjets siger i den andre verdskrigen, køyrde ein konvoi gjennom gatene. Militære lastebilar drog langtrekkjande rakettar. To ortodokse prestar kasta heilagt vatn over dei ballistiske rakettane som kan bera atomvåpen.

Les også

Solveig G. Sandelsson: «Kven skal vi stengja ute under krigen?»

Velsignar våpen

Ifølgje magasinet Christianity Today var det blitt fleire slike våpenvelsigningar i åra etter at Krym-halvøya vart innlemma i 2014. Ei gruppe i det russiske presteskapet vil bli kvitt velsigninga av atomvåpen. Eit forslag blei lagt fram i 2019 og ligg no publisert på heimesida til patriarkatet i Moskva. Dokumentet handlar om «ortodokse kristnes velsigning av utføringa av den militære plikta».

Det går tydeleg fram at Den russiske ortodokse kyrkja sin teologi om krig skil seg frå katolsk og protestantisk tenking om kva som utgjer ein «rettferdig krig». Sjølv om det, ifølgje den russiske kyrkja, er gale å drepa, er det rett å drepa fiendar i krig.

I Noreg har vi for tida debatt om bøn under militær oppstilling. Men Den russisk ortodokse kyrkja har teke slikt til eit heilt anna nivå. Kvar russisk våpengrein har sin eigen skytshelgen. Ritual med velsigning av både soldatar og utskytingsrampar er utbreidde.

Dei som vil droppa velsigning av atomvåpen, forsvarar velsigning av soldaten i kamp for fedrelandet og det personlege våpenet hans. Men masseøydeleggingsvåpen bør ikkje velsignast, heiter det.

Dette forslaget, som møtte motstand, skulle opp på bispemøtet i Den russiske ortodokse kyrkja i fjor haust. På grunn av pandemien blei møtet avlyst. Dokumentet er såleis ikkje behandla.

Difor kan prestar framleis velsigna Putins kjernevåpen som han raslar med i den grufulle krigen mot Ukraina.

Publisert: