Kvifor omtalte media aldri Raudt som eit miljøparti?

Leiv Olsen.
  • Leiv Olsen
    Leiv Olsen
    Medlem av Raudt Stavanger
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Media skreiv dei siste vekene før valet at dette ville bli eit klimaval. Klima er viktig, men om me kan tru på meiningsmålingane, var veljarane mest opptatt av dei aukande sosiale forskjellane. Det viste seg òg på valdagen: Raudt dobla oppslutninga, SV gjekk markert fram. Ap gjekk litt tilbake, men enda på eit betre resultat enn det såg ut til då valkampen starta. Dette valet handla aller mest om kampen mot forskjells-Norge.

Media var mindre opptatt av sosiale forskjellar og meir av klima. Også mange veljarar var opptatt av klima, men neppe i så stor grad som media trudde. Klima er eit miljøspørsmål, men miljø omfattar langt meir enn klima, og både miljø generelt og klima spesielt er komplisert – enkle, kortsiktige løysingar kan fort gi store skadeverknader. Er det særleg miljøvennleg å pepra kysten med havvind, og det så kjapt at ein knapt rekker å utreda konsekvensane? Er det miljøvennleg å selja mest mogleg kraft til utlandet? Eg trur mange som er opptatt av miljøet, blei støytt vekk av løysingsforslag dei meinte heller var til skade. Likevel: Naturvernforbundet rangerte fire parti som dei mest miljøvennlege: MDG, SV, Venstre – og Raudt. Alle gjekk fram, og Raudt gjekk aller mest fram. Det som undrar meg, er at media aldri omtalte Raudt som eit miljøparti, endå Raudt har den miljøpolitikken som i størst grad tar omsyn til både klima, natur og biologisk mangfald.

Når veljarane gav størst framgang til Raudt, av dei fire miljøpartia, og minst til Venstre, kan det kanskje takast som eit teikn på at miljøbevisste veljarar forstår seg betre på miljøpolitikk enn kva media gjer?

Publisert: