Derfor skal du velje nærbutikken

Meir enn 300 nærbutikkar over heile landet gjennomfører no ein kampanje for lokal handel. Kvifor er det så viktig?

Publisert: Publisert:

Kvar krone som du handlar med lokalt, er ei investering i eit levende lokalsamfunn. God handel! Foto: Nærbutikken

Debattinnlegg

  • Inge Ryan
    Styreleiar, Merkur-programmet
  • Helge Schei
    Dagleg leiar, Merkur-programmet
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

«Handle lokalt – velg nærbutikken» er bodskapen til butikkane i Distrikts-Norge. Kampanjen peikar på kor viktig lokalbutikken er som servicesenter, møteplass og salskanal for daglegvarer.

Dei som bur i byar og større tettstader, kan velje mellom mange forskjellige butikkar. På landsbygda finst det ofte berre éin butikk. Dei fleste vel å handle på lokalbutikken og er takksamme for tilbodet. Men mange må reise ut av bygda for å komme på arbeid. Då kan det vere freistande å kjøpe med seg daglegvarer frå ein større butikk som lokkar med låge prisar. Undersøkingar viser at prisforskjellane ikkje er så store som mange trur. Men handels-lekkasje skaper like fullt problem for små bygdebutikkar som slit med økonomien.

Allsidig tilbod

Nærbutikk er ein viktig del av infrastrukturen i Distrikts-Norge. Utan eit finmaska nett av butikkar er det vanskeleg for folk å bu utanfor byar og tettstader. Dette er bakgrunnen for at Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eit eige program for utvikling av småbutikkar, Merkur-programmet.

Dei fleste lokalbutikkar tilbyr mange tilleggstenester, som post, bank, drivstoff, tipping, lokalmat og kafé. Dette gir butikken fleire bein å stå på, samtidig som lokalsamfunnet får betre tenester. Fleire stader blir det etablert nye arbeidsplassar rundt butikken. «Nærbutikken er navet i lokalmiljøet», seier kommunalminister Jan Tore Sanner.

Ei bygd med nærbutikk er meir attraktiv for ny busetting, enn ei bygd utan butikk. Dette har eigedomsmeklarane forstått. Når hus og hytter blir lagt ut for sal, blir det reklamert med kort veg til næraste butikk – dersom butikken ikkje er nedlagt.

Når turistar lurer på kor dei kan få informasjon om lokale tilbod, stoppar dei gjerne på butikken. Kor skal dei elles komme i kontakt med lokalkjende folk?

Viktig møtestad

Når du handlar på lokalbutikken, er du med på å bidra til eit aktivt og livskraftig lokalsamfunn. Du støttar opp om lokale arbeidsplassar. Og du støttar ei verksemd som ønskjer å bidra til ei positiv utvikling der du bur.

Nærbutikken er ein viktig møtestad. Dei fleste distriktsbutikkar har ein kaffikrok der folk kan møtast. På fleire stader er dette den einaste møteplassen som er open for alle. Når turistar lurer på kor dei kan få informasjon om lokale tilbod, stoppar dei gjerne på butikken. Kor skal dei elles komme i kontakt med lokalkjende folk?

Dersom du ønskjer å oppretthalde butikk-tilbodet, må du bruke nærbutikken til dei fleste innkjøpa.

Merkbare konsekvensar

Kva skjer dersom butikken blir lagt ned? Konsekvensane blir størst for eldre som ikkje er mobile. Men også familiefolk merkar saknet. Mange stader har nedlegging ført til eit stort folkeleg engasjement for ny butikk. Folk nøler ikkje med å satse 10.000 kr av eigne sparepengar for å skaffe nok kapital til å etablere en folkeeigd butikk. Dei visste ikkje kor viktig butikken var for bygda, før butikken plutseleg vart borte.

Som forbrukar står du alltid framfor nokre val. Dersom du ønskjer å oppretthalde butikk-tilbodet, må du bruke nærbutikken til dei fleste innkjøpa. Elles risikerer du at butikken forsvinn.

Kvar krone som du handlar med lokalt, er ei investering i eit levende lokalsamfunn. God handel!

Publisert:

Les også

  1. - Matpriser på nett kan gi oss dyrere dagligvarer

  2. Coop vurderer antall kjeder for dagligvarer

  3. Dagligvarehandelen vil lagre bilder i 90 dager

Mest lest akkurat nå

  1. Jobbet uten sikring i høyden. Fikk 117.000 kroner i «straks-bot»

  2. Se Pøbel sitt penis-stunt i Stavanger

  3. Over 900 smittetilfeller i Rogaland

  4. Da Charlotte Selstø fikk korona var det særlig to symptomer som dominerte

  5. Skremmende, annerledes halloween-feiring

  6. Elev på Stavanger-skole smittet med korona - hele trinnet i karantene

  1. Jan Tore Sanner
  2. Dagligvarehandel