Ungdom og «gamere», vi treng dykk no

DEBATT: No skriv vi historie. Ikkje berre om helse eller økonomi, men ei digital historie. Tenk at eg som «gamer»-mamma skulle vere så positiv til internett og digital aktivitet.

Publisert: Publisert:

«Som ’gamer’-mamma har eg lenge frustrert meg over tida borna mine bruker på nettet. No vil eg utfordre alle dataspelande ungdomar som har eit stort nettverk på nettet, å lære vidare sin kompetanse til oss andre», skriv Anne Kristin Bruns. Foto: Illustrasjonsbilde/Scanpix

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Gamermamma og medlem i Stavanger kommunestyre (KrF)
iconDenne artikkelen er 142 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

Det er ikkje sikkert at vi tenke over kva www eigentleg tyder. Det står for: world wide web, og på norsk betyr det «verdsvid vev».

Verda blir vove saman utan at vi er fysisk nær kvarandre. Før internettet kom, trudde vi ikkje det kunne skje, og no forstår vi ikkje korleis vi kunne levd utan. Eg merkar at ikkje berre eg, men mange andre rundt meg òg, aldri har vore så positive til å finne digitale løysingar og prøve og feile for å kome vidare. No vi.

Fysisk og emosjonelt er vi i denne tida avstengde frå kvarandre og kjenner på eit behov for å møtast. Det er gjennom undervisningssituasjonar, gjennom jobb og på fritida. Sosiale medium er vanlegvis utstillingsvindauge. Men no må vi bruke dei for å møtast.

Vi er i ei nasjonal og global krise, men ut av ei krise kan det kome ei spire til noko nytt og godt. Ein ting er sikkert: No må vi tenke nytt, prøve ut nye metodar og redusere reising, møte og sosiale samanhengar. Det er berekraftig. Eg har hatt fleire samtalar dei siste dagane der det er blitt sagt at no blir vi tvinga til å ta i bruk internettet og digitale flater som vi har hatt liggande lenge.

Digital dugnad

Delekulturen her er enorm og viktig, og her har vi ein digital dugnad. Privatpersonar og organisasjonar har oppretta eigne grupper på sosiale medium der folk både kan få og gje ei hjelpande hand. Deledugnaden gjev seg utslag på mange måtar.

Eg måtte smile for meg sjølv då eg i dag overhøyrde ein samtale ungdommane i huset hadde med kvarandre på Messenger. Dei lo høgt då ein av lærarane hadde oppretta ein Snapchat-konto for å kommunisere med elevane sine. For meg var det ei stor oppmuntring å høyre kor modige mange er for å både prøve ut og bruke ulike sosiale kanalar for å vere i kontakt med kvarandre.

Vaksne må vere til stades

Når borna våre i desse dagar er så mykje på nettet, er det eit godt høve til å vise litt meir interesse og samstundes lære og rettleie. Som vi veit, det er farar også. Born som er i ein sårbar situasjon, kan bli isolerte, hetsa og utnytta. Her må vi vaksne vere til stades og spørje etter korleis dei har hatt det på nettet i dag.

Som «gamer»-mamma har eg lenge frustrert meg over tida borna mine bruker på nettet. No vil eg utfordre alle dataspelande ungdomar som har eit stort nettverk på nettet, å lære vidare sin kompetanse til oss andre.

Eg las nyleg på Facebook dette sitatet:

Everyone: Quarantine is going to be boring, I have nothing to do.
Gamers: It’s like ... I was made for this.

«Gamere» og ungdomar, vi treng at de deler erfaringane dykkar med oss andre. Sidan de er fødde til dette, treng vi at de deler og gjev oss ny kompetanse og kunnskap.

Publisert:

Korona-viruset

  1. Stine Grøndal Sesseng gledet seg til å jobbe på kontoret. Så kom kontrabeskjeden.

  2. Nattklubbene i Stavanger og Sandnes får åpne klokken 20

  3. Sjekk alle tiltakene: Innfører forbud mot skjenking av alkohol etter midnatt

  4. Skjult koronasmitte bekymrer FHI

  5. Anja tar toget fra Sandnes til Stavanger hver dag. Nå er det én ting som gjør henne bekymret

  6. Hurtigruten-topp fratrer mens selskapet granskes

Les også

  1. Gaming var nær å rive forholdet mellom mor og sønn i filler. Nå gir de råd til andre

  1. Korona-viruset
  2. Debatt
  3. Anne Kristin Bruns
  4. Koronaviruset