Det viktige samfunnsoppdraget til dei vidaregåande skulane i distrikta

KRONIKK: I mange lokalsamfunn er den vidaregåande skulen den største kompetansearbeidsplassen og ein viktig arena for innovasjon og nyskaping. Dette må utviklast vidare!

Yrkes- og studieførebuande opplæring er viktig for distrikta, men dei vidaregåande skulane bør spele meir aktiv med i anna òg, som vidareutdanning, næringsutvikling og innovasjon.

Debattinnlegg

  • Hans Hylen Solberg
    Rådgjevar, Sauda vidaregåande skule
  • Einar Schibevaag
    Rådgjevar, Strand vidaregåande skule
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Den største kompetansearbeidsplassen i distrikta er den vidaregåande skulen. Slike regionale kompetansesentra er svært viktige kunnskapsbedrifter, og med rette verktøy vert dei ein avgjerande aktør når næring og busettingsstruktur skal endrast og utviklast.

Med rundt 100 tilsette med høgare utdanning er skulen ein svært viktig arena for innovasjon og nyskaping.

Meir enn 16–19 år

Når dei fleste tenkjer vidaregåande skule, er det som staden lærdom blir formidla til 16–19-åringar på vegen til fagbrev, eller når grunnmuren for ei høgare utdanning skal byggast. Dette er primæroppgåva til skulane med fremste prioritet i det daglege for at ungdommane skal lukkast i si vidare utdanning, i praksis og komande arbeidsliv.

Men er alle klar over at distriktsskulane våre kan vera mykje meir?

I eit lokalsamfunn som Sauda, Tau, Ølen eller Austevoll er den vidaregåande skulen ofte den største kompetansearbeidsplassen. Med rundt 100 tilsette med høgare utdanning er skulen ein svært viktig arena for innovasjon og nyskaping. Suksessfaktor er ein god og aktiv dialog mellom skulen og arbeidslivet den skal tena.

Næringsklynger og innovasjonspress

Ryfylke-regionen har sterke næringsklynger med grunnlag for å skape synergieffektar. Det er nok å nemna landbruk, havbruk og prosessindustri. Innovasjonspress møter alle organisasjonar. Det kjem horisontalt gjennom konkurranse med andre bedrifter på same nivå i verdikjeda, men kanskje vel så sterkt kjem det frå krevjande kundar og leverandørar. Altså den vertikale vegen.

Skal me møte innovasjonspresset, er samarbeid viktig. Ved det kan kunnskap formidlast vidare mellom verksemder, organisasjonar, kundar og kunnskapsinstitusjonar for å styrke konkurranseevna i enkeltnæringane. I den innovative prosessen spelar i tillegg styresmaktene ei viktig rolle med omsyn til rammeverket staten gir.

Låg utdanningsgrad krev anna tilnærming og andre tilbod enn dei som blir gitt rundt dei sentrale utdanningsinstitusjonane.

Livslang læring må til

Når regjeringa set fokus på behovet for livslang læring gjennom St. meld. 16 (2015–2016) «Fra utenforskap til ny sjanse – Samordnet innsats for voksnes læring» og NOU 2016: 7 «Norge i omstilling – karriereveiledning for individ og samfunn», ønskjer våre skular å vere i forkant. Å vere leddet mellom arbeidslivet og den høgare utdanninga er del av samfunnsoppdraget for dei vidaregåande skulane. Me kan bidra til at dei dynamiske næringsklyngene våre som i dag er opptekne av ei kontinuerleg oppgradering, legg grunnlaget for sjølvforsterkande vekst for heile næringslivet i regionen. Å kunne gje råd, og ikkje minst få utfordringar og råd frå arbeidstakarar og arbeidslivet når kunnskapsbehova melder seg, er viktig.

Dette krev godt samspel mellom partane i arbeidslivet og det offentlege, slike som LO, NHO, Innovasjon Noreg og Kompetanse Norge. Saman må dei ta del i utviklinga av dei regionale kompetansearenaene skulane våre i distrikta må bli.

På same måte som arbeidslivet treng å utvikla seg, treng me det òg i interaksjonen mellom skule og arbeidslivet. Det vil utfordra og styrkja oss positivt. Oppgåvene kan vera mange, men felles er at dei krev at me er tett på det som skjer:

  • Skreddarsy opplæringstilbod for personar og arbeidslivet.
  • Delta i innovative prosessar mellom skule og arbeidsliv.
  • Integrera nye landmenn i skule og arbeidslivet.
  • Initiera og organisera vaksenopplæringstiltak lokalt og regionalt.
  • Koordinera arrangement – t.d. utdanningsmesser.
  • Skapa møteplassar for arbeidslivet i lag med andre.

I åra som ligg føre oss, vil dei vidaregåande skulane i Rogaland få større ansvar for vaksenopplæringa. Å skreddarsy vaksenopplæringa saman med arbeidslivet lokalt er viktig for å løfte utdanningsnivået. Låg utdanningsgrad krev anna tilnærming og andre tilbod enn dei som blir gitt rundt dei sentrale utdanningsinstitusjonane.

I ei nyleg gjennomført undersøking svarar 86 prosent av verksemdene at talet tilsette vil vere som no eller auka fram mot 2025.

Å læra av kvarandre

Me trur det er bra at læraren i større grad kjem tettare på eldre elevar med erfaring frå lokalt yrkesliv og det levde liv. Denne kunnskapen kan bli med tilbake til dei «vanlege elevane» i vidaregåande skule. På same tid som vaksne elevar tar med seg kunnskap om skulen ut i miljøet sitt.

Både skule og arbeidsliv veit om kvarandre, men kartlegginga utført i regionen vår fortel oss at det kan gjerast meir. Skulen bør kunne meir om arbeidslivet sin kvardag, og omvendt. Med slik kunnskap kan partane bli ein ressurs for kvarandre. I nasjonale føringar for den vidaregåande skulen tar regjeringa til orde for meir samvirke og auka engasjement kring dette samfunnsoppdraget, jamfør St.meld. 16 2015–2016 og NOU 2016: 7.

Arbeidslivet i Ryfylke ser optimistisk på framtida. I ei nyleg gjennomført undersøking svarar 86 prosent av verksemdene at talet tilsette vil vere som no eller auka fram mot 2025. På same tid svarer 80 prosent at slik suksess er knytt til behovet for kompetansepåfyll som avgjerande faktor for at verksemda skal utvikle seg. Distriktsskulane i Ryfylke vil skjøtte sitt samfunnsoppdrag, og våre folkevalde må derfor gje oss verktøy for å løysa oppgåver som går ut over det tradisjonelle ansvaret skulane har, i ein viktig rolle som regionalpolitiske aktørar.

Når me no ser at regjeringa i sitt framlegg til revidert statsbudsjett aukar løyvinga til Kompetanse Norge med 17 millionar for å betre vaksne sin tilgang til arbeidslivet, er det eit tydeleg signal om at vidaregåande skular skal fremje livslang læring og hindre utanforskap.

Les også

Vil redde hurtigbåten til Jørpeland

Les også

Nytt håp for Espedal–Frafjord

Les også

Legger ned kveiteslakteriet i Hjelmeland


Les også: «Kasta ut, men den fattige først!» kom det bydande frå Elen-Sofie Hjelm, «Tøtlandsfrua».

Publisert:
  1. Arbeidsliv
  2. Ryfylke
  3. Innovasjon
  4. Omstilling
  5. Videregående skole

Mest lest akkurat nå

  1. Heteste kandidat til å bli sjefredaktør i Aftenbladet

  2. Birgitte-saken: Politiet ble ikke ferdig med avhøret av draps­siktede

  3. Knuste rute hos gullsmed i Stavanger

  4. Studio A: Avslører Berisha-nyhet på direkten

  5. Trafikkuhell førte til kø i Kvernevik

  6. Tiltalte ville kjøpe konen sin tilbake