Kva skal me gjera med nasjonalismen?

KRONIKK: Den nye nasjonalismen aukar i styrke fordi den spelar på verdiane fridom og likskap, men snur dei innover. Me må snu den utover att.

Publisert: Publisert:

Eit knippe høgrenasjonalistar i Pegida marsjerer i Stavanger for halvtanna år sidan. Dei fekk lite støtte; mellom 300 og 400 motdemonstrantar møtte òg opp. Men i ei rekkje andre land, ikkje minst i Europa, er marsjerer mange under nasjonalistiske faner. Nokre av dei har òg fått makt. Foto: Lars Idar Waage

Debattinnlegg

  • Eirik Magnus Fuglestad
    PhD i sosiologi, master i nasjonalismestudiar
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Dei seinaste tiåra har nasjonale rørsler av høgrevridd natur skote opp som frå ingenstad på den europeiske politiske skogbotnen. Det er tale om Le Pen, Geert Wilders, Sannfinnane, Matteo Salvini og Lega Nord, Europe of Nations and Freedom med meir. Denne nasjonalismen representerer ei utfording for den liberale orden i Europa, og det er førebels vore funne fåe måtar å stoppa den på. Dette er fordi ein ikkje har forstått det nasjonale.

For menneska ser historia ofte ut som ein strak veg der ein kan sjå hele vegen til ende. I røynda er historia ein veg full av bråe svingar som kjem totalt uføresett. Til dømes: Våren 1989 var det knapt nokon som kunne førestilla seg at Berlin-muren ville falla same hausten, eller at Sovjetunionen ville verta oppløyst berre få år etter. Og på same måten etter kommunismens fall fram til i dag: Dei færraste såg føre seg ein tilbakekomst av det nasjonale i eit Europa som vart stadig meir transasjonalt og globalt.

Les også

Murens fall forandret en verden

Les også

Var Murens fall eit vendepunkt?

Haldningane, meiningane og ideologien som denne nasjonalismen står for, blir stadig meir stuerein – og vanleg.

Veks med auka motstand

Allereie i oska frå Sovjetsamveldet var det skuggar som bar bod om nasjonalismens tilbakekomst. Ein skal hugsa på at Sovjetunionen vart erstatta nettopp av ei rekkje nasjonalstatar, og at Jugoslavia vart oppløyst i eit nasjonalistisk hat som lét til å koma frå ein stad langt nede i ei djup, demonisk fortid. Desse kjensgjerningane vart fort gløymde i euforien kring eit stadig ekspanderande EU og ein stadig opnare verdshandel. Men no festar nasjonalismen grepet om Vest-Europa på nytt, og den tek form som ei xenofobisk, konservativ og ekskluderande kraft (xenofobi: frykt eller hat mot det ukjende).

Ved ein kvar framstøyt mot den europeiske høgrenasjonalismen aukar den att i styrke; stadig fleire menneske går over til den. Haldningane, meiningane og ideologien som denne nasjonalismen står for, blir stadig meir stuerein – og vanleg. Løysinga på dette problemet ligg ikkje i den globalistiske liberalismen, men i ein anna nasjonalisme tufta på universelle prinsipp.

Det er ikkje eigentlig nasjonalismen som er fienden, berre den forma den tek i Europa i dag.

Nasjonalismen sikra fridom og likskap

Det handlar om å kjenna nasjonalismen. For om me vil det eller ikkje så ligg nasjonalismen til grunn for heile den politiske og samfunnsmessige moderniteten. Demokrati, velferdsstat, språket, ja, tilmed historia vår er alt produkt av nasjonalismen. Det moderne menneske er homo nationalis. På same måte som eit menneske har ein nase, to auge og ein munn, så har det også ein nasjonalitet. Det ville ikkje vera utenkelig at det fanst menneske utan ein nasjonalitet, men på same måte som viss nokon mangla nase,  auge eller munn, så  ville det blitt sett på som om det var noko ufullkome eller manglande ved dette individet, dersom det ikkje hadde ein nasjonalitet.

Nasjonalismen er eit faktum, ein må difor kjempa med den, ikkje mot den. Kan du ikkje vinna, så allier deg med dei. Det er ikkje eigentlig nasjonalismen som er fienden, berre den forma den tek i Europa i dag. Nasjonalismen er eit prinsipp som kan ta mange former: Til dømes representerer nasjonalismen også dei liberale verdiane som det moderate Europa prøver å beskytta. Nasjonalismen er tilmed meir radikal enn dette, og er etter mi meining å likna med kommunismen (her forstått utopisk). Men nasjonalismen kom først. Det er feil at nasjonalismen er ei xenofobisk, ekskluderande og konservativ kraft. Den kan vera det, men treng det ikkje.

Det er berre å lesa i den amerikanske, franske eller norske grunnlova.

Universell og spesifikk

Då nasjonalismen først oppstod, var det som eit radikalt frigjeringsprosjekt frå kongemakt, adelsmakt og prestemakt. Det er berre å lesa i den amerikanske, franske eller norske grunnlova. Der vil ein sjå at denne første nasjonalismen var ein universell og egalitær ideologi, oppteken av folkestyre og fordeling av eigedomar og rettar likt mellom alle menneske – ikkje ulikt idealet i den seinare universelle og egalitære kommunismen til Karl Marx.

Men i dette ligg også nasjonalismens uløyselige konflikt: Nasjonalismen er på ei og same tid universell og spesifikk. Den seier at alle er like og skal ha like rettar, men samstundes tek den utgangspunkt i gitte politiske og historiske strukturar.

Den nye nasjonalismen aukar i styrke fordi den spelar på verdiane fridom og likskap, men snur dei innover.

Aktiver nasjonalismen

Det nasjonale prosjektet startar som ei konkret historisk og geografisk frigjering. Men når denne er fullført, bli gjerne dei universelle verdiane knytte opp til det spesifikke. Det å vera fri og lik blir uløyselig bunde saman med det å vera fransk, norsk eller amerikansk. Den nye nasjonalismen aukar i styrke fordi den spelar på verdiane fridom og likskap, men snur dei innover.

Kva skal me gjera med nasjonalismen? Me må snu den utover att. Det nasjonale er kome for å bli, i alle fall i lang tid. Me må byggja vidare på den universelle frigjerande impulsen i nasjonalismen. Me må bruka den. For å parafrasera Nordhal Grieg: Søk det og dyrk det, […] øk det og styrk det! Dette er ikkje eit slagord for ein pervers dyrking av stengde grenser eller imperialisme, men ei bønn om solidaritet og fridom i ei verd som er nasjonal. Når historia svingar, må me følgja med.

Publisert:

Les også

  1. Opne grenser og transnasjonalisme er noko folk støttar berre i gode tider

  2. Nasjonalismespøkelset marsjerer

  3. Nasjonalisme hos Europas syndebukk

Mest lest akkurat nå

  1. – Muligens en eller to flere som er positive

  2. Vasker du kjøkkenbenken før eller etter at du lager mat? Det har noe å si

  3. Trump tar kraftig innpå Biden

  4. «Alle prestasjonene er hans egne, men vi har gjort det veldig lett for ham»

  5. Stavanger-lege dømt for bedrageri og underslag

  6. De savnede i Frafjordheiene er funnet av frivillige letemannskaper

  1. Nasjonalisme
  2. Eirik Magnus Fuglestad