Høgre og KrF set folkehelsa i fare

DEBATT: Ønskjer du å gjera ein skilnad i sommar, so kjøp norsk kjøt.

– Høgre og KrF har stått i spissen for ei svekking av mattryggleiken i landet, skriv Henrik Hageland.

Debattinnlegg

  • Henrik Hageland
    Sentralstyremedlem i Senterungdomen
Publisert: Publisert:

No er sommaren her og med det alt som følgjer med. Ein får betre tid til å gjera dei ein har lyst til, som å vera meir med familie og venar, slappa av og kanskje bruka meir tid på å laga mat. Her til lands kan ein gå til butikken og kjøpa inn gode og trygge norske råvarer, som ikkje berre er lokalproduserte, men også er i verdstoppen på mattryggleik.

Elendig landbruksoppgjer

Jamvel er det ikkje slik at det kjem til å vera slik i all framtid, fordi ein har aktørar som arbeidar på spreng for å svekkja denne tilgangen på norske råvarer. Av disse har regjeringspartia Høgre og KrF stått i spissen for ei slik svekking av mattryggleiken i landet. Denne svekkinga har dei drive på med i fleire år gjennom mellom anna gjeva bøndene eit elendig tilbod i årets landbruksoppgjer, og ikkje minst vore annige til å mjuka opp på importvernet slik at billig kjøt frå EU og Storbritannia kan strøyma inn i butikkhyllene.

Dette er ikkje berre med på å senda norske arbeidsplassar og verdiskaping ut av landet, men sett også mattryggleiken i stor fare. Medan ein i Noreg har rekordlåg antibiotikabruk i landbruket med kring 6,9 mg/kg, ønskjer Høgre og KrF heller å satsa på import frå EU-land, som har ein bruk på opp mot svimlande 200 til 400 mg/kg (tala er henta frå Opplysningskontoret for egg og kjøtt). Med ein slik politikk vil ein kunna risikera å stimulera til ein høgare antibiotikaresistanse og dermed vera med på å setja heile folkehelsa i fare.

Krevja merking

For å bøta på dette vil me i Senterungdomen mellom anna tetta inntektsgapet til landbruket, halda på det strenge importvernet, og ikkje minst krevja merking av alt importert kjøt, slik at ein som forbrukar skal vera sikker på kva ein får i handlekurven.

So ønskjer du å gjera ein skilnad i sommar, so kjøp norsk kjøt. Då støtter ein ikkje berre ei lokal næring, men også eit landbruk med restriktiv bruk av antibiotika.

Her til lands kan ein gå til butikken og kjøpa inn gode og trygge norske råvarer, som ikkje berre er lokalproduserte, men også er i verdstoppen på mattryggleik.

Les også

  1. – La oss kurere datoskrekk og forhindre eggesvinn

Publisert:
  1. Debatt
  2. Landbruk
  3. Politikk

Mest lest akkurat nå

  1. Viking holdt nullen mot Djerv

  2. Derfor bør du tenke deg om to ganger før du hopper i sjøen like etter at det har regnet

  3. Ser du hva sauen har i munnen? - Bonden ble veldig glad da vi ringte

  4. Henter gammel kjenning fra toppfotballen

  5. Jakob Ingebrigtsen har en viktig påminnelse

  6. På denne populære turstien er smittefaren så stor at kommunen har hengt opp skilt: – Uforståelig