Prisauke på sukker er rett medisin

DEBATT: Norsk Tannpleierforeining støttar KrF sitt forslag til auke av sukkeravgifta i kampen mot livsstilsjukdomar.

Publisert: Publisert:

«Tannpleierforeininga er bekymra for ein negativ utvikling når det gjeld karies blant barn», skriv Hilde Aga.

Debattinnlegg

Hilde Aga
Leiar i Norsk Tannpleierforening, Delta - YS

Tannpleiaren møter dei fleste barn og unge til undersøkjing og veiledning i munnhelse, og er kanskje den yrkesgruppa som først kan registrera og påverka usunn livsstil.

Livsstilsjukdommar

Tannpleierforeininga er bekymra for ein negativ utvikling når det gjeld karies blant barn. Altfor mange barn og unge får i seg for mykje sukker. Det steler plassen til viktig næring. Uheldig kosthald fører til ulike livsstilssjukdomar, og er med på å oppretthalda dei sosiale forskjellane i samfunnet.

Her må politikarane ta eit større ansvar, og avgift på sukker kan vera eitt av dei. Norsk Tannpleierforening støttar difor KrF sitt forslag til auke av sukkeravgifta i kampen mot livsstilsjukdomar.

Vi veit:

  • For første gong på lang tid, er det auke i hol blant femåringar.
  • Kvar tredje mann er overvektig.
  • Kvar fjerde kvinne er overvektig.
  • Diabetes med bakgrunn i livsstil har firdobla seg dei siste åra.

Vidare veit vi at slikkerier, brus og saft er dei største kildene til sukkerinntak hos barn og unge. Desse gruppene er mest eksponert for mat og drikke som er fattig på næring, og får feitt og sukker i overflod. Vi veit at butikkar plasserar sjokolade og anna godterier lett tilgjengeleg ved kassa, og vi veit at Coop-kjeda sette ned prisen på godterier til tre kroner per hekto.

Det står i kontrast til signerte avtaler mellom daglegvarekjeder og helsemyndigheitene blant anna med målsetjing om å redusera inntak av sukker. Det står i kontrast til at helsemyndigheitene har køyrd kampanje i oktober og november og åtvara mot det høge sukkerforbruket blant barn og unge.

Verdens helseorganisasjon oppfordrar Norge og andre land til å ta kontroll over ei utvikling som må bli snudd, og ved å ta ansvar for å redusera sukkerforbruket.

Treffsikkert virkemiddel

Politikarane sender signal ved å nytta økonomisk virkemiddel og aukar avgifter på sukkerhaldige varer som sjokolade, brus, slikkerier. Prisen på varer som folket skal handla mindre av, vil auka, og forsking visar at pris er eit treffsikkert virkemiddel.

Vi treng konkret innsats som gjer oppvekstmiljøet meir sunt. Vi treng barnehagar der servering av sunn mat og drikke er ein kvalitetsfaktor. Vi treng skulen der enklare måltid, frukt og grønt, er ein av kvalitetsfaktorane. Dette er arenaer til barn og unge som når alle.

Norsk Tannpleierforeining støttar opp om strukturelle tiltak som gir korrekt helsepolitisk retning. Her har politikarane ansvar, og må visa handlekraft.

Publisert: