Den blinde flekken i økonomisk teori
DEBATT: Så er det nok ein gong møte i World Economic Forum i Davos. Og nok ein gong skal verdssituasjonen diskuterast utan å koma inn på det viktigaste økonomiske spørsmålet av alle.
- Rolf Erik SolheimKulturskribent, Arvika, Sverige


Einar Flydal, norsk leiar for arbeidet med ISO 26000, global standard for samfunnsansvar, formulerte det slik:
«Miljøkostnadene må internaliseres i bedriftsøkonomien (og nasjonaløkonomien): Vi må ta ressurskostnadene inn i regnskapet, og ikke late som de ikke finns, for så å skyve dem videre til et økosystem som ikke lenger klarer å bære byrden av dem.»
Dei årlege risikorapportane
World Economic Forum, WEF, − i år frå måndag 22. til fredag 26. januar − summerer kvart år dei største truslane menneskeslekta står framfor i dei neste 10 åra. Det store paradokset med desse farane i den årlege WEF-rapporten Global Risks, bortsett frå jordskjelv og vulkanutbrot, er at dei er skapte nettopp av måten det økonomiske systemet fungerer på, nemleg at det saknar kopling til økosystemet. Difor har vi miljø- og klimakrise, som er eitt og det same problemet. (Sjå Global Risks Report 2018 her.)
Av nobelprisar som er blitt utdelt i økonomi dei siste 20 åra, tek ikkje ein einaste dei tak i farar som WEF beskriv i sine risikorapportar. Er det då underleg at det vert heva røyster for at økonomi ikkje er vitskap, og difor burde stengast ute frå nobelfesten i Stockholm? Er dei økonomiske modellane som har fått nobelpris berre eit matematisk monster, ein «Frankenøkonomi» ute av kontroll? Dronning Elizabeth spurde 2009 dei fremste nasjonaløkonomane i England kvifor dei ikkje hadde varsla om finanskrisa. Svaret var: «Vi er alle spesialistar på kvart vårt felt, men ingen har oversyn med heilskapen.»
I WEFs risikorapportar er ikkje klimakrisa den verste utfordringa dei neste 10 åra, då den vil slå til langt seinare. Ein av dei største farar vi står framfor er turbulens frå aukande gap mellom fattige og rike, «severe income disparity», sannsynleg med meir enn 4 på ein skala 1–5.
– Stolen du sitter i akkurat nå, kontorgulvet, PC-en – alt inneholder plast som avgir mikroplastpartikler som du puster inn
Georgismen
Er det ikkje forunderleg, ja, mest ikkje til å tru, at Arne Garborg (1851–1924) var inne på noko som kunne ha løyst dette problemet for meir enn hundre år sidan? I USA hadde den amerikanske sosialøkonomen Henry George (1839–1897) sett i gang den tidas Occupy Wall Street-rørsle basert på den uhorvelege fattigdomen i USA i 1870- og 80-åra. (Han presenterte eit filosofisk og økonomisk tankesett («georgismen») som, grovt sett, hevdar at overskot av alle skapte verdiar tilhøyrer alle, sidan det kjem frå den jorda som tilhøyrer alle. Red.mrk.)
Garborg tende på alle pluggane, og Hulda, kona hans, skreiv:
«Radikal og eldhuga som ein ungdom, utrøyttande, trassig og seig heldt han på med å «hamre inn i folk», at det einaste som etter hans meining no kunde berge Noreg, ja heile verda, var at jorda, liksom luft og vatn, vart fri for alle, etter Henry Georges grunntanke.»
Kor mykje nytt lys ville det ikkje bli på Garborgsenteret på Bryne om dei fokuserte på Garborgs universelle livs- og samfunnssyn i dei siste 25 åra han levde, i staden for all denne barnehage-verksemda?
Økonomi som moralfag
I WEF sine rapportar dei siste åra har dei største farane for global turbulens vore manglande ferskvatn, deretter skortande levebrød på grunn av øydelagd matjord i mange land. Kollaps av det globale økonomiske systemet var i 2017 sannsynleg med 3,5 på den 5-gradige skalaen. Slik balanserer vi på ein knivsegg som dei fleste ikkje veit om.
Børge Brende er nå vald til president for WEF. Han får her nokre skikkelege utfordringar og kan koma til å lesa Arne Garborgs «Heimkomin Son» for å leggja grunnlaget for ein ny rettvis og etisk verdsøkonomi. Garborg meinte at økonomi er ikkje realfag, men moralfag.
September 2017: Utenriksminister Børge Brende (H) blir president i World Economic Forum
Kor mykje nytt lys ville det ikkje bli på Garborgsenteret på Bryne om dei fokuserte på hans universelle livs- og samfunnssyn i dei siste 25 åra han levde, i staden for all denne barnehage-verksemda? Det var ein mødesam prosess for Garborg å koma frå barnetru til sosialisme, via anarkisme og ateisme, til at livet sjølv er det einaste ein treng tru på, hans nye religion frå midten av 1890-åra. Og dermed hamna han i georgismen. Dette universelle livssynet ligg til grunn for heile hans seinare litteratur.
Hulda igjen: «Men den pinefulle sjølvgransking førde då omsider til frigjering i det milde, avklara livssynet, som gav alderdomen hans relativ ro, det livssynet han i poetisk form la fram i «Den burtkomne Faderen», «Heimkomin Son», og i granskarverket «Jesus Messias».»
Kva om...
Hadde Garborg og den unge Winston Churchill, Leo Tolstoy i Russland og Sun Yat Sen i Kina fått det som dei ville, kunne georgismen ha fjerna den blinde flekken i økonomisk teori. Den kunne dessutan ha hindra dei gigantiske miljøproblema vi slit med i dag. Kva seier du til det, Børge Brende?
- Samstundes med World Economic Forum i Davos 22.–26. januar, er det òg Garborgdagar 23.–27. januar, på Garborgsenteret på Bryne. I programmet der inngår eit foredrag av Rolf Erik Solheim under overskrifta: «Korleis ville Garborg redda verda?» Red.mrk.