Juleevangeliet i fleire versjonar skaper mange spørsmål

KRONIKK: Juleevangeliet er fullt av spørsmål. Det krev historisk forsking.

Publisert: Publisert:

Jesus vart ikkje fødd i år 0, for det året finst ikkje. Og han vart fødd fleire år før Kristus – altså før seg sjølv – viser historisk forsking. Foto: NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Magnar Kartveit
    Professor i Det gamle testeamentet, VID Misjonshøgskolen
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Det første spørsmålet er tidspunktet for Jesu fødsel. Kanskje det skulle vera enkelt? Jesus er fødd i år 0, ikkje sant? Nei, år 0 har aldri eksistert.

Dionysos Exiguus i 525 fekk i oppdrag å laga ein kalender som kyrkja kunne bruka, rekna han Kristi fødsel til år 753 etter grunnlegginga av Roma. Dermed fekk ein tidsrekninga før og etter Kristi fødsel, den såkalla dionysiske tidsrekninga. Det vart eitt år før Kristi fødsel, eller eitt år etter Kristi fødsel. År 0 rekna Dionysos ikkje med. Og bra er det, for det ville ha vore svært upraktisk.

Så Jesus vart kanskje fødd i sekundet mellom år minus 1 og pluss 1? Nei, så enkelt er det heller ikkje. Dionysos bomma på fødselsåret.

Lukas sin versjon

Lukasevangeliet brukar fleire tidfestingar for Jesu fødsel: Augustus var keisar, Kvirinius var landshøvding, og det var ei folketeljing. Dette ser ut som eit godt materiale for krysspeiling, men det er ikkje så enkelt.

La oss ta Augustus først. Han overtok leiinga av Romarriket etter slaget ved Actium i Vest-Hellas 31 f. Kr., og han regjerte til 14 e.Kr. Kvirinus hadde embete i Syria i fleire periodar mellom år 10 før Kristus (f.Kr.) og år 7 etter Kristus (e.Kr.). Det administrative området Syria dekka også Israel. Herodes den store styrte i Jerusalem, men var avhengig av romersk godkjenning.

Folketeljingar vart gjort kvart 14. år, og var den første del av skatteoppkrevjinga. Personar og eigedomar vart registrerte. Den andre delen var den faktiske skattleggjinga. Lukas brukar eit uttrykk for den først delen av skattesystemet, folketeljinga. Så kva for ei folketeljing dreier det seg om i juleevangeliet? Ei gravinnskrift for ein offiser i Syria gir han æra for å ha gjennomført ei folketeljing der, «etter påbod frå Kvirinius». Ei slik folketeljing skjedde i 9–6 f.Kr.

Dermed nærmar me oss eit tidspunkt for Jesu fødsel. 9–6 f.Kr. ligg innanfor regjeringstida for Augustus og Kvirinius. Lukas har oppgitt data som stemmer overeins, men som ikkje endar med eit enkelt årstal. Kan me finna det?

Matteus sin versjon

Matteusevangeliet gjer dette enklare – og meir komplisert. Der blir Jesus fødd under Herodes den store si tid, og han regjerte 37–4 f.Kr. Det stemmer med ei folketeljing dei siste åra av hans tid. Men Matteus fortel også at Josef, Maria og Jesus flykta til Egypt, og då dei kom tilbake, var Herodes død. Sonen Arkelaos styrte då i Judea og Samaria, og Josef drog difor til Galilea med familien, til Nasaret.

Dette betyr at Jesus vart fødd like før 4 f.Kr. Eller nokre år tidlegare. Somme vil halda på 4 f.Kr., andre på 7 f.Kr. I begge tilfelle vart Jesus fødd nokre år før Kristi fødsel. Han var før si tid.

Matteus er ei hjelp, men også eit problem. Lukas fortel at Jesus vart omskoren i templet i Jerusalem åtte dagar gammal. Deretter vendte familien tilbake til heimbyen Nasaret. Denne harmoniske tilstanden mellom Jesus og Jerusalem finn me ikkje i Matteusevangeliet. Der er det full konflikt. I Jerusalem herskar nemleg Herodes den store. Når han får høyra om ein kongsson i Betlehem, massakrerer han alle gutebarn under to år der. Josef og familien har då flykta til Egypt. Sjølv etter at Herodes den store er død, stolar dei ikkje på sonen Arkelaos.

Matteus og Lukas er enige om at Jesus vart fødd i Betlehem og vaks opp i Nasaret. Matteus ordlegg seg slik at rekkjefølgja er Betlehem først, så Nasaret. Lukas, derimot, startar familiehistoria i Nasaret, så fødsel i Betlehem, og deretter tilbakevending til heimbyen.

Dette kan verka forvirrande, men viser ein enkel ting: Desse forteljingane er ikkje mytar og legender. Dersom Matteus og Lukas hadde presentert same historia, kunne me ha all grunn til mistanke. Det kunne dreia seg om ei fødselsforteljing som var skapt kunstig, og som var utan basis i historia.

Kva forskjellane fortel oss

Men er ikkje nettopp forskjellane i framstilling eit teikn på at stoffet ikkje er historisk? Nei, så enkelt er det ikkje.

Matteus framstiller Jesus som ein ny Moses. Jesus kjem frå Egypt, held seks talar, han nytolkar Moselova, akkurat som Moses.

Lukas har eit anna prosjekt: Jesus er motsetninga til den romerske keisaren. Han har eit rike som ikkje er verdsleg forstått. Dette får Lukas fram ved å nemna Augustus og den romerske statthaldaren Kvirinius som bakgrunn for Jesu fødsel. Augustus heitte eigentleg Octavian, men fekk namnet «den ærverdige», «augustus» på latin og «sebastos» på gresk. Han rekna seg for starten på ei ny tid. Jesus blir av englane kalla «Messias», «Kristus», «frelsaren for alle folk», – som ei motsetning til Augustus. Han skulle bli starten på ei ny tid.

Og folketeljinga og skattleggjinga er statlege aktivitetar, som er annleis enn Jesu forkynning om Guds rike.

Ved å nemna desse faktuma som innleiing til juleevangeliet, får Lukas fram det han har på hjarta om Jesus.

Med desse to framstillingane seier Matteus og Lukas at dei har visse faktum felles, men fyller ut med nytt stoff der andre kjelder mangla dette. Ikkje nødvendigvis uhistorisk stoff.

Juleevangeliet skaper mange spørsmål. Lukas var merksam på desse, – og lèt dei vera underteksten i teksten.

Les også

Kirkens SOS er her alltid – også i julen

Les også

Firlingene er den største gaven Silje har fått

Les også

Noen barn får ikke treffe foreldrene alene. Da må de feire jul under tilsyn

Les også

Overveldende støtte til annerledes julefeiring - næringslivsleder ga 100.000 kroner

Les også

Solveig G. Sandelson: «Julestemningsrapport frå sofaen»


Kva med å utvide litt i julemusikken?

Bård Vegar Solhjell: «Utan tradisjonar, inga jul. Men også tradisjonar oppstår, eller endrar seg. Her er mitt bidrag til fornying av dei musikalske juletradisjonane – om du skulle ønske det.»


Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Trafikkulykke i Hå. Manuell dirigering på stedet

  2. 40 ganger høyere risiko for korona-smitte hvis du reiser hit på ferie

  3. Lyn, regn og mørke skyer i Agder. Vil det dårlige været holde seg innenfor fylkesgrensen?

  4. To Viking-spillere får kritikk etter sesongstarten

  5. Fullbooket, men langt fra fullt i Kongeparken

  6. SUS-ansatt ble betegnet som "støyete" av sine ledere

  1. Jesus
  2. Bibelen
  3. Jul
  4. VID vitenskapelige høgskole
  5. Historie