Kanskje ikkje så rart at bøndene er opprørt

DEBATT: Det vart brot i årets jordbruksforhandlingar. Bøndene ville ikkje forhandla med staten om ny jordbruksavtale. Reaksjonane er både til støtte for bøndene, men også motsett.

«Det er viktig at politiske føringar sikrar ei framtid for norsk jordbruk. Spesielt med tanke på at vi ønskjer å produsera så mykje mat som mogleg», skriv Ståle Halsne.

Debattinnlegg

  • Ståle Halsne
    Ståle Halsne
    Hjelmeland KrF
Publisert: Publisert:

På Twitter kan vi til dømes finna negative reaksjonar på at bøndene ikkje vil forhandle når dei er tilbode 1 mrd. Det blir lettvint slått fast at både inntekt og ordningar for bøndene er gode. Bøndene er derimot opprørt.

Jordbruket er ein sterkt politisk styrt næring med sterke reguleringar og verkemiddel for å sikre norsk matproduksjon, og for å sikre at produksjonen skjer på ein måte som er ønskjeleg. På den andre sida er tilskotsordningane ein del av denne samfunnskontrakten med bøndene. Likevel er jordbruk ei næring som på mange område må kunna tola samanlikning med andre næringar. Det er viktig at politiske føringar sikrar ei framtid for norsk jordbruk. Spesielt med tanke på at vi ønskjer å produsera så mykje mat som mogleg. Samtidig må politisk føringar sikra framtida fordi investeringar i driftsapparat krev mykje kapital. Og på dette området skil jordbruket seg betrakteleg frå resten av næringslivet.

Utfordringa for bøndene er at krava til driftsapparatet stadig vert skjerpa. Og nye krav krev nye investeringar.

Stor risiko

Store investeringar fører med seg stor risiko. I næringslivet er det mest vanleg å danne aksjeselskap, nettopp for å sikra at ein som aksjonær ikkje har større ansvar enn den kapitalen ein har skote inn i selskapet. Utover det kan ein ikkje bli stilt personleg ansvarleg. For jordbruket er dette heilt annleis. Rett nok kan aksjeselskap eige jord, men både lovverk og skattereglar gjer dette vanskeleg. Det er eit ønskje at fysiske personar skal eige og drive jord. Dette kjem fram både av odelslova og konsesjonslova.

Les også

Bøndene krever over 2 milliarder i jordbruksoppgjøret

Med ein slik eigarstruktur kor det er fysiske personar som eig jordbruksjord må bonden ta all økonomisk risiko personleg. Det finst ikkje måtar å avgrense dette på. Nå har det vore slik i alle generasjonar, så dette er ikkje noko nytt. Utfordringa for bøndene er likevel at krava til driftsapparatet stadig vert skjerpa. Og nye krav krev nye investeringar. Til dømes er det anslått av NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) at kravet til lausdrift i mjølkeproduksjon vil gje eit investeringsbehov dei neste åra på ca. 20 mrd. I dette bildet er det viktig å ha med seg at jordbruksjord og gardsbruk ikkje kan omsetjast fritt. Prisen for eit gardsbruk skal godkjennast av styresmaktene for å sikre at pris står i forhold til driftsopplegg. Slik kan ein sikre at neste generasjon kan drive lønnsamt. Men for bonden som investerer i nytt driftsmateriell vil dette kunne medføre at han ikkje får avkastning på investeringane han gjer. I staden må bonden sjå på investeringar som noko som gagnar neste generasjon. Risiko og avkastning står ikkje i forhold til kvarandre slik ein ser på dette i andre næringar.

Svart kapittel

Likevel investerer bøndene, nettopp for å sikre framtida for neste generasjon. Men jordbruk er ei næring med sterkt spesialisert driftsopplegg. Eit svinebruk kan ikkje utan vidare endre driftsopplegget til å drive med noko anna. Og her kjem vi innom eit svart kapittel i norsk jordbrukshistorie som vi må nemne; Forbud mot pelsdyr. Styresmaktene forbaud ei heilt legitim næring med ei enkel lovendring. Årelang innsats, investeringar, avl og kunnskap gjekk tapt over natta. Investeringar i driftsapparatet var brått ingenting verdt, men gjelda var den same. Pelsdyrbønder sto brått utan noko å gjera. Dette er noko bøndene ikkje vil og ikkje kan oppleva igjen. Likevel lurer det nye skyer i horisonten.

Miljøbevegelsen har gjort jordbruket til ein av dei store miljøfiendtlege næringane. Dei snakkar om «dei tre B-ane», og siktar då til bilen din, bustaden din og til slutt biffen. Kjøt, og då særleg raudt kjøt. er blitt ein miljøtrussel. Som følgje av dette skal nå kjøt få CO2-avgift. Berekningar NRK har gjort, viser at kjøt vil få ein prisauke på ca. 5 prosent som følgje av dette. Årsaka er at miljørørslene meiner kjøtforbruket må reduserast betydeleg. Så kva vil skje med etterspurnaden etter kjøt når både miljørørslene og myndigheitene vil ha forbruket ned, og prisen til forbrukar som følgje av dette går opp? Jo, produksjonen av kjøt må reduserast. For bøndene vil dette bety nye omstillingar i framtida. Nye investeringar. Nye driftsopplegg. Det som er bygd opp må mest sannsynleg takast ned, ettersom mykje av norsk jordbruk produserer kjøt av gras.

Drastiske omleggingar

I eit land som produserer gras og korn til dyrefôr er det vanskeleg å sjå for seg korleis miljørørslene sine krav skal innfris utan at jordbruket må gjennom drastiske omleggingar av driftsopplegg. Ei omlegging som mest sannsynleg vil bety at fleire bruk legg ned drifta. Ikkje fordi dei ikkje vil, men fordi dei ikkje kan anna. Dei kan ikkje starte produksjon av soyabønder eller mais, og står i fare for å oppleva at driftsopplegget med kjøt produsert av gras ikkje kan brukast lenger.

Summert opp er det kanskje ikkje så rart at bøndene er opprørt. For det verkar ikkje heilt som om myndigheitene ser utfordringane og krava jordbruket står ovanfor. Bøndene må bera heile risikoen sjølv. Personleg.

Og då har vi endå ikkje nemnt arbeidstid, manglande ferie og fritid og timeløn.

Les også

  1. Her er bøndenes protest

  2. Et dårlig jord­bruks­oppgjør vil være en gave­pakke til Sp-politikere på stemme­jakt

Publisert:
  1. Debatt
  2. Jordbruk

Mest lest akkurat nå

  1. Slik blir den nye korona­hverdagen fra mandag av

  2. Frustrert Fridjonsson ute i kulden: – Jeg er sint

  3. – Folk skal kunne spise som en konge med lue­sveis

  4. Drill og bor er trolig brukt for å ødelegge Stein­kjerringa

  5. Neste uke flyttes korona­vaksineringen i Stavanger

  6. Bonde dømt i ting­retten: - Han fore­trakk å la dyrene lide frem­for at de uverdige for­holdene skulle bli av­dekket