Jo, samanslåinga av Forsand og Sandnes var ei tvangssamanslåing

DEBATT: Fleirtalet i Forsand kommunestyre var for ei samanslåing med Strand. Difor er samanslåinga med Sandnes pr. definisjon ein tvangssamanslåing.

«Det er i grunn trist å registrera Ap-representantane sin arrogante haldning», skriv Aksjonsgruppa ja til folkeviljen, nei til tvangssamanslåing.
Publisert: Publisert:
  • Innlegget er skrevet av Aksjonsgruppa ja til folkeviljen, nei til tvangssamanslåing: Rolf Magne Haukalid, Ingeborg L. Søyland, Ingvar M. Fossan, Tore Hans Mikkelson og Årstein Løland.

I eit innlegg i Aftenbladet 6. april 2021 gjer Ap sin gruppeleiar og nestleiar i kommunestyret i Sandnes eit iherdig forsøk på å ufarleggjera og bagatellisera initiativet frå innbyggarane i Forsand, om å få til ei grensejustering slik at Forsand-delen av Nye Sandnes kan bli ein del av Strand kommune i staden for Sandnes.

Det er trist å registrera at Ap, som einaste parti, har unnlate å ta seg bryet med å svara på spørsmåla frå aksjonsgruppa, slik alle dei andre partia har gjort.

Unnlate å svara på spørsmål

Det er i grunn trist å registrera Ap-representantane sin arrogante haldning, som kjem fram ved å framstilla initiativet frå Forsand, som ein aksjon frå ei lita aksjonsgruppe som ikkje har forstått kva som er best for samfunnet. Noko Ap i Sandnes tydelegvis har gjort. Det er også trist å registrera at Ap, som einaste parti, har unnlate å ta seg bryet med å svara på spørsmåla frå aksjonsgruppa, slik alle dei andre partia har gjort.

Ja, det er ei kjensgjerning at fleirtalet i kommunestyret i Forsand endra seg våren 2017. At kommunestyrerepresentantar skiftar meining har skjedd både før og etter, også i Sandnes. Dette er snarare ein styrke for folkestyret, enn ein svakheit.

Ja, det er også ei kjensgjerning at eit mindretal i kommunestyret i Forsand, i møte 6. juni 2017, braut kommunelova ved å nekta å ta saka opp til behandling.

Tvangssamanslåing

Fleirtalet i Forsand kommunestyre var for ei samanslåing med Strand. Difor er samanslåinga med Sandnes pr. definisjon ein tvangssamanslåing.

Me er glade for at alle partia som er spurte, med unntak av Ap og Frp, gjev eit klart svar på at det ikkje er greitt å akseptera ein slik framgangsmåte som det som skjedde i Forsand. Me er også glade for at alle partia, med unntak av dei to nemnde, vil vurdera eit initiativ frå eit fleirtal i Forsand om ei grensejustering.

Det undrar oss at Ap har sett seg sjølv i ein slik situasjon.

Les også

  1. – Er det ikke på tide å legge debatten om kommune­sammen­slåingen mellom Forsand og Sandnes død?

  2. Odd Arild Kvaløy skal jobbe for oppløsning av Nye Sandnes

  3. Odd Arild Kvaløy skal jobbe for oppløsning av Nye Sandnes

  4. Ett år med Nye Sandnes – uten ferje

  5. – Tvangsekteskapet mellom Forsand og Sandnes må oppløses

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. – Etter å ha kranglet, fikk jeg med meg én test

  2. Lyse blir nedringt, men strøm-analytiker fraråder fastpris

  3. Drone stengte Stavanger lufthavn to ganger

  4. Ett skisenter åpner denne helgen - flere neste helg

  5. – Håpløs «Kiss and fly» ved Stavanger lufthavn

  6. Plutselig forsvant han fra toppfotballen – nå gjør han overraskende comeback