Litt for lettvint framstilling av sjukemeldingsordninga

DEBATT: Heidi Hjorteland Wigestrand sin kommentar 23. mars om sjukemeldingsordninga stiller spørsmål ved den norske ordninga med 100 prosent sjukeløn.

«Mine erfaringar gjeld nok ikkje som signifikante statistikkindikatorar, men dei tyder i alle fall på at sjukemeldingsprosenten har vel så mykje å gjera med arbeidsgivar si oppfølging som med slakk arbeidsmoral», skriver Dag H. Sture. Foto: Illustrasjonsbilde, Shutterstock

Debattinnlegg

  • Dag H. Sture
    Stavanger
Publisert: Publisert:

Det kan nok vera sunt å sjå nærmare på velferdsordningane våre frå tid til anna, slik at me ikkje berre tek dei for gitt. Og ho peiker på eit usamsvar mellom ordninga for fast tilsette og frilansarar som vel kan tola ein debatt. Blant anna kan dette vera aktuelt i eit arbeidsliv der fleire og fleire verksemder nettopp organiserer seg slik at fast tilsette vert bytte ut med private kontraktørar på timepris.

Overforenkla bilete

Men argumentasjonen for at den norske ordninga er «for god», framstår som litt for lettvint. Når ho viser til Statistisk Sentralbyrå (SSB) som kjelde for at det er den rause norske ordninga som er årsak til det høge sjukefråveret trass i god allmenn folkehelse, gløymer ho at den kvantitative forskinga som statistikarane bedriv, berre kan få fram deler av totalbiletet. Det trengst kvalitativ gransking der ein går inn djupna bak dei turre statistikktala, for å utfylla det ofte overforenkla biletet som statistikken presenterer.

Meir enn SSB

Det er ikkje berre SSB som har drive med arbeidslivsforsking. Wigestrand kan ta kontakt med arbeidslivstenesta i Nav, som har drive med dette i ganske mange år. Ho kan og spørja Ebba Wergeland, som i mange år var tilknytta Arbeidstilsynet og har skrive fleire bøker om emnet. Arbeidslivsforsking i Norge er meir enn Statistisk Sentralbyrå og Folkehelseinstituttet.

Underteikna jobba i attføringsbransjen i 20 år og kollegaene mine drøfta dette ganske ofte, både uformelt og i meir formelle samanhengar. Mine erfaringar gjeld nok ikkje som signifikante statistikkindikatorar, men dei tyder i alle fall på at sjukemeldingsprosenten har vel så mykje å gjera med arbeidsgivar si oppfølging som med slakk arbeidsmoral. Kanskje Wigestrand skulle kontakta Mandal kommune og høyra om det prosjektet dei hadde for ein del år sia, der dei avskaffa krav om sjukemelding frå lege, samtidig som dei styrka oppfølginga av sjukefråveret vesentleg?

Spørsmåla kring sjukefråver er eit stort og og viktig og svært interessant emne. Eg trur ikkje det er lurt å overlata heile banen til dei forskarane som er flinke til å rekna.

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Dette huset på Røyneberg har en 350 kvadratmeter stor underjordisk garasje med heis

  2. – Andre stjerner legger gjerne ut bilder av seg selv i privatfly eller flotte biler

  3. 37 nye smittede på Nord-Jæren siste døgn

  4. Ap-leder Jonas Gahr Støre pakket partiets abortvedtak inn i bomull. Det er på alle måter uklokt, mener Aftenbladet

  5. – Ønsker vi en grunnskole som må reklamere for å få elever?

  6. Trafikkulykke ved Sola sjø - én person kjørt til legevakt