Wigestrand tar feil, sjukefråværet er lågt, og fallande

DEBATT: Ikkje rør sjukelønnsordninga. Blir folk sjuke, skal dei ikkje straffast på toppen.

«Norge har litt høgare sjukefråvær enn andre land. Men det bidrar til at me har høgare sysselsetting enn dei fleste andre», skriv Leiv Olsen.
  • Leiv Olsen
    Leiv Olsen
    Medlem av Raudt Stavanger
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

23. mars lar Aftenbladet frilansjournalist Heidi Hjorteland Wigestrand få heile femtesida for å fortelja at det norske sjukefråværet er altfor høgt og bare stig og stig. Sjukelønnsordningane har skulda, dei er altfor rause. Enten veit ikkje journalisten kva ho skriv om, eller så skriv ho mot betre vitande. Det norske sjukefråværet er stabilt og fallande, og dei siste åra har det vore lågare enn på lenge.

Statistikken frå Nav viser at sjukefråværet låg rundt 7 prosent i 2001-2005, gjekk så ned til rundt 6 prosent, 2012–2019 låg det mellom 5 og 6 prosent og kom opp i 6 prosent i fjor. Ja, det gjekk faktisk litt opp då koronaen slo inn over landet. Var det overraskande? Men samtidig gjekk det eigenmelde sjukefråværet kraftig ned, så det totale sjukefråværet steig bare med brøkdelar av ein prosent.

Høgrepartia Høgre og «Venstre» pleier masa om at me har altfor gode sjukefråværsordningar, folk bør mista lønna nokre dagar når dei blir sjuke. Då hadde nok fråværet gått ned! No ymtar Wigestrand om det same, også ho vil straffa den som blir sjuk. Ja, registrert sjukefråvær vil sikkert gå ned om du tar pengane frå folk, men blir folk friske av det? Det som då skjer, er at folk pressar seg på jobb sjølv om dei er sjuke. Kanskje smittar dei då andre, og oftast fører det til at dei slit seg ut før tida og ikkje orkar stå i jobb til pensjonsalder. Er det eit sånt samfunn Wigestrand vil ha?

Norge har litt høgare sjukefråvær enn andre land. Men det bidrar til at me har høgare sysselsetting enn dei fleste andre. Under Solberg-regjeringa har sysselsettinga falle, men det har andre årsaker.

Publisert: