Klimaplan med høge ambisjonar og lite engasjement

DEBATT: Randaberg kommune har nyleg behandla og vedteke klima- og energiplan. Planen er ambisiøs med ei målsetjing om 80 prosent reduksjon av klimgasautsleppa fram mot 2030 men den mangler gode styringsverktøy.

«Det som er viktig framover, er at politikarane viser større engasjement viss me skal ha sjanse til å nå den ambisiøse målsettinga om 80 prosent utsleppskutt», skriv Alexander Rügert-Raustein. Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

  • Alexander Rügert-Raustein
    Alexander Rügert-Raustein
    Gruppeleiar, Randaberg MDG
Publisert: Publisert:

Debatten i kommuneplanutvalet vitna om lite engasjement. Den er ikkje referert i media, og kommunen sine tv-opptak viser at han varte i vel seks minutt. Verken Frp eller Sp tok ordet, og leiaren i utvalet, Bjørn Kahrs frå Høgre, brukte heile taletida på usakleg kritikk av statsforvataren som leverte ei uttale i tråd med dei statlege planretningslinjer: «Fylkesmannen (nå statsforvalteren) [...] skal legge retningslinjene til grunn for sin veiledning og deltakelse i planprosesser.» Uttalen har bidrege vesentleg til at planen blei mykje betre.

Her er noko av det Kahrs sa: «Da er det et interessant dokument som selvfølgelig inneholder en rekke ting og greier. [...] Min kommentar til det er at her begynner statsforvalteren å blande seg i kommunale prosesser, tenker eg, og det er liksom, eg tenker nå må statsforvalteren snart trekke fingrene fra fatet.»

Me må motivera tilsette og innbyggarar til å vera med, for som det står i kommunen sin visjon: «Sammen skaper vi den grønne landsbyen.»

Uakseptabel ordbruk

Bjørn Kahrs er sjølvsagt i sin fulle rett til å vere uinteressert i klimapolitikk. Alt han har å seie om planen er tompratet om at den inneheld «ting og greier». Kritikken av statsforvaltaren er fullstendig uberettiget og at han skal «trekke fingrene av fatet» er uakseptabel ordbruk.

Då klima- og energiplanen kom opp i kommunestyret, fekk MDG og SV som ikkje sitter i hovudutval og vera med i debatten. Denne debatten er heller ikkje referert i media, og dessverre blei den vingeklipt av Senterparti-ordføraren da han avgrensa taletida i møtet fra denne saka. MDG fekk likevel sett fram eit framlegg i fire punkt for å konkretisera og skjerpa tiltaka i planen. Me fekk støtte frå fleire repesentantar i Ap, KrF og V, men samla grupper i Høgre, Frp og Sp sørga for at hele forslaget fall.

Det som er viktig framover, er at politikarane viser større engasjement viss me skal ha sjanse til å nå den ambisiøse målsettinga om 80 prosent utsleppskutt. Me må motivera tilsette og innbyggarar til å vera med, for som det står i kommunen sin visjon: «Sammen skaper vi den grønne landsbyen.»

Berre dei Grøne tok til orde

Kor langt unna eit slik engasjement me er, viser seg i at ingen utanom dei Grøne tok til ordet for å konkretisere tiltak og få gode styringsverktøy. Kommunestyret ville ikkje ein gong understreke vedtaket som står sidan 2017 om at kommunen skal få eit klimabudsjett som kommunedirektøren ikkje har levert på dagen i dag.

Publisert:
  1. Debatt
  2. Bjørn Kahrs
  3. Randaberg kommune
  4. MDG
  5. Klimapolitikk

Mest lest akkurat nå

  1. 400 ungdommer samlet, fyll, slåss­kamper og melding om trusler med våpen

  2. FHI-topp: Pfizer-nyhet gjør jobben lett­ere for kommu­nene

  3. Person omkom i søn­dagens trafikk­ulykke på fylkes­vei 44

  4. Madla-kvinnen er en av norsk idretts mektigste. En hockey­krangel for over 20 år siden fikk henne engasjert

  5. Se Aftenblad-lesernes 17. mai-bilder

  6. Konge­familien hilste skuelystne – dette bildet tok dronning Sonja