Når målet er å få betale skatt

KRONIKK: Mine funn tyder på at det ikkje er noko i vegen med arbeidslysta til innvandrarar i Norge.

«Målet om at innvandrarar skal arbeide og forsørgje seg sjølve er altså eit mål dei og samfunnet har felles. Det er all grunn til å spørje kvifor integreringstiltak ikkje satsar meir på aktivitetar som gir formell kompetanse», skriv stipendiat Reidun Ims.

Debattinnlegg

  • Reidun Ims
    Reidun Ims
    Doktorgradsstipendiat ved UiS, forskar på samanhengen mellom arbeid og integrering
Publisert: Publisert:

«Fridom. Det var som å bu i helvete, så kom eg til himmelen!»

Ein ung mann uttalte det ovanståande då eg spurte om han kunne forklare forskjellen på å bu i Syria og i Norge.

Innvandrarar sine erfaringar og synspunkt er lite synlege i den norske debatten om innvandring og integrering, og dei får dermed lite merksemd. Debatten fokuserer på integrering gjennom arbeid. Argumentasjonen er gjerne at innvandrarar må kome seg i arbeid, så kjem integreringa av seg sjølv.

Den norske befolkninga blir stadig meir mangfaldig. Ifølgje SSB utgjer innvandrarar og etterkomarane deira 18,2 prosent av befolkninga. Desse er fordelte på 221 land og landområde, og omfattar både arbeidsinnvandrarar, studentar, flyktningar og asylsøkarar. Den største enkeltgruppa innvandrarar i Norge er frå Polen, etterfølgt av Litauen og Sverige. Heile 48 prosent av innvandrarane er frå Europa.

Arbeidslinja

Arbeidslinja er det førande prinsippet for alle ytingar og stønader. Utforminga av støtteordningar skal stimulere til lønsarbeid, i staden for mottak av passive ytingar som sosialhjelp eller trygd. I Stortingsmelding nr. 6 (2012–2013) – «En helhetlig integreringspolitikk» – står det at arbeid er nøkkelen til deltaking og økonomisk sjølvstende. 67,1 prosent av innvandrarar er sysselsette, mot 78,5 prosent av nordmenn. Sysselsettinga i Norge er høg samanlikna med andre land i OECD-området. Lønsnivået er òg høgt, sjølv om innvandrarar har svakare lønsutvikling enn andre arbeidstakarar.

Innvandrarar sine erfaringar

Alle eg har intervjua, trekker fram fridom, tryggleik, ytringsfridom og moglegheiter til utdanning som særleg verdifullt ved å bu i Norge. Og dei vil alle arbeide.

For Mai kjendest det å gå heime utan arbeid mest som eit fengsel. Innvandrarane erfarer at innpass på arbeidsmarknaden krev meir enn motivasjon og vilje. Mange har (lang) erfaring med ulike yrke, men har ikkje dei nødvendige kvalifikasjonane norsk arbeidsliv spør etter.

Omar har lært at praksisplass ikkje leier til jobb: «Det er små, små ting som gjer at du ikkje passar til jobben.» For enkelte er standardiserte tiltak eit hinder. Hjelpa dei har behov for, t.d. formalisering av kompetanse, finst ikkje.

Manglande språkferdigheiter er òg ein barriere. Innvandrarane eg har snakka med saknar moglegheiter til å snakke norsk i daglegdagse situasjonar.

Hamza fortel: «Eg prøvar å snakke norsk på butikken. Men når dei høyrer norsken min skiftar dei til engelsk.» Vidare påpeiker dei at sosiale kodar og uskrivne reglar blir verande uklare fordi dei manglar arenaer for sosial omgang med nordmenn.

Sysselsetting, arbeidslyst og moglegheiter

Velferdsstaten blir finansiert ved hjelp av skatteinntekter. Innvandrarbefolkninga si lågare sysselsetting blir framstilt som ein trussel mot velferdsstaten si bereevne. Tiltak med innebygde sanksjonar indikerer at mangelfull motivasjon er grunnen til innvandrarar si lågare deltaking i arbeidslivet.

Fleire studiar har avdekka diskriminering på den norske arbeidsmarknaden, det rammar både innvandrarar og deira etterkomarar. Innvandrarar taper òg terreng i inntektsutvikling samanlikna med nordmenn med liknande sosioøkonomisk bakgrunn.

Mine funn tyder på at det ikkje er noko i vegen med arbeidslysta til innvandrarar i Norge. Det er likevel indikasjonar på at hjelpesystema ikkje sikrar innvandrarar tilstrekkelege kunnskapar eller formelle kvalifikasjonar for å lykkast på den norske arbeidsmarknaden. Fleire forskarar har peikt på at utdanning/formell kompetanse er ein av dei viktigaste faktorane for å sikre varig tilknyting til arbeidsmarknaden. Fokuset på rask inngang på arbeidsmarknaden ser ut til å hemme varig tilknyting.

Å stå i ein situasjon der ein har søkt på hundrevis av jobbar utan å få napp, kan tære på kven som helst. Då oljekrisa ramma, blei det gjort tilpassingar av gjeldande system. Motivet var omsyn til enkeltpersonar, og eit mål om å auka sjansane for å kome tilbake i arbeid, og dermed bli skattytarar igjen.

Innvandrarane eg har snakka med er takknemlege for sjansen dei har fått til å etablere seg i Norge, og ønskjer å betale skatt. Dei ønskjer å bidra likt med andre borgarar og opplever skatteplikt som eit teikn på integrering. Slik inneber fråvær av arbeid eit personleg tap for dei, men og eit tap for den norske staten.

Målet om at innvandrarar skal arbeide og forsørgje seg sjølve er altså eit mål dei og samfunnet har felles. Det er all grunn til å spørje kvifor integreringstiltak ikkje satsar meir på aktivitetar som gir formell kompetanse. Fokuset på sanksjonar og plikt er ikkje nødvendigvis rett medisin. Trua på at fleire og strengare sanksjonar fører til at innvandrarar lettare skaffar seg jobb, føreset at grunnen til arbeidsløysa er manglande innsats frå innvandrarane si side, og at det er eit spørsmål om motivasjon.

Verdifulle erfaringar

Innvandrarar vil arbeide for å forsørgje familien sin. Interesse for deira erfaringar kan nyansere debatten, byggje bruer og opne for dialog om korleis ein kan nå det felles målet om stabil og varig sysselsetting.

Menneske som har forlate «helvete», fortener ei stemme i det offentlege ordskiftet.

Les også

  1. – Mangfold i staben øker innovasjon og inntjening, spesielt utenfor byene

  2. UiS-forskar «Innvandring og internasjonale koplingar opnar for eksport frå verksemder i distrikta»

  3. Flyktninger er ulike, sats på individuelt tilpasset opplæring i integreringen

  4. – Regjeringen kan lære om integrering av Ryfylkemodellen

Publisert:
  1. Integrering
  2. Sysselsetting
  3. Innvandring

Mest lest akkurat nå

  1. Flere barnefamilier enn tidligere er bostedsløse: – Alvorlig

  2. Motorstopp på E39 onsdag formiddag

  3. Lille-«Regå» havner på Østlandet

  4. Sjekk hvem som dukket opp på treningen til lokalt lag

  5. Kraftig regnvær og flomfare på vei

  6. Nå skal regjeringen selge «Made in Norway»