Forsvar velferdsstaten

DEBATT: Me trur at velferdsstaten er der for oss uansett, men sånn kjennest det ikkje lenger. Det vert vanskelegare og vanskelegare å få hjelp.

«Det vert vanskelegare og vanskelegare å få hjelp. Det er stramma kraftig inn på sosiale ytingar. Gjennom dei siste åtte åra har eg kjent på ei stigande uro», skriv Eirik Faret Sakariassen.
  • Eirik Faret Sakariassen
    Gruppeleiar, Stavanger SV
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Sjølv om det kanskje ikkje er så openbert for alle, er eg ein ganske bekymra person. Eg kan liggja vaken om nettene og tenkja over vanskelege tankar. Eg kan bekymra meg for om nokon eg er glad i, eller eg, skal verta sjuk, og kva som vil skje då, kven som skal hjelpa oss om sambuaren min eller eg ikkje kan jobba lenger. Sånne tankar trur eg det er fleire som har.

Eg har vakse opp i eit Noreg der kjensla av at me ikkje er åleine, har vore sterk. Då eg var ungdom, tenkte eg at i dette landet vert ingen overlatne til seg sjølv. Dersom ein mistar jobben, vil ein framleis ha tak over hovudet og mat på bordet. Dersom ein vert sjuk, får ein helsehjelp og inntektssikring.

Samtidig som livet raknar rundt ein, skal ein navigera seg gjennom kompliserte regelverk. Me krev veldig mykje av dei som har veldig lite.

Livet er uføreseieleg

Alt dette er godt for oss som innbyggjarar å vita, særleg for dei av oss som er bekymra og lett vert urolege, som går gjennom dette livet med ein tanke om at noko forferdeleg snart kan skje – for det veit me jo at det kan. Livet er uføreseieleg og ganske ofte veldig urettferdig.

Me trur at velferdsstaten er der for oss uansett, men sånn kjennest det ikkje lenger. Det vert vanskelegare og vanskelegare å få hjelp. Det er stramma kraftig inn på sosiale ytingar. Gjennom dei siste åtte åra har eg kjent på ei stigande uro.

Eg har vorte meir bekymra enn eg var før, og det handlar om politikk, om den ideologien som råder her i landet, ein tanke om at kvar og ein er sin eigen lykkes smed som har styrt politikken i Noreg. Det vert vanskelegare å få hjelp. Ein skal fylla ut skjema på skjema, ein skal vera verdig trengjande. Samtidig som livet raknar rundt ein, skal ein navigera seg gjennom kompliserte regelverk. Me krev veldig mykje av dei som har veldig lite.

Eg meiner ikkje at me skal seia at kvar og ein får klara seg sjølv. Eg meiner me skal styrkja fellesskapet, utvida sikkerheitsnettet og igjen tryggja folk med at velferdsstaten er der for dei når dei treng det, at Nav kan hjelpa anten ein treng arbeid eller inntekt, at kommunane ikkje kan ta barnetrygda frå familiar på sosialhjelp, at me har skikkelege sosialhjelpssatsar, at me ikkje kuttar i barnetillegget til uføre, ikkje kuttar i brillestøtte, ikkje kuttar i arbeidsavklaringspengar. Me krev veldig mykje av dei som har veldig lite.

Eg kjem sikkert aldri til å verta heilt fri for bekymringar, men velferdsstaten er bekymra folk sin beste venn. Han kan tryggja oss med at me ikkje er åleine, at fellesskapet vil hjelpa oss om me fell, at ein skal verta teken vare på.

Velferdsstaten skal stilla opp

Dette står på spel når velferdsstaten vert bygd ned, når trygdeordningar vert stramma inn, når det vert stilt stadig strengare krav. Me krev veldig mykje av dei som har veldig lite. Mange seier at å stilla krav er å bry seg. Kanskje det, men det å stilla opp er verkeleg å bry seg, og velferdsstaten skal stilla opp for folk.

Publisert: