Nytt datasystem skaper mykje krøll for fylkets vidaregåande skular

SKULEDRIFT: Alle våre dystre spådommar rundt det nye skuleadministrative datasystemet Visma InSchool (VIS), er dessverre i ferd med å gå i oppfylling. Dette skaper mykje frustrasjon og meirarbeid i ein alt hardt pressa skulekvardag.

Kombinasjonen VIS, fagfornying og korona står fram som eit troll med tre hovud som forstyrrar den daglege drifta. Det har ikkje på nokon måte blitt kompensert for dette store meirarbeidet, skriv tre hovudtillitsvalde i Utdanningsforbundet Rogaland.

Debattinnlegg

  • Bjørn Brown
    Fylkeshovudtillitsvald, Utdanningsforbundet Rogaland
  • Ingeborg L. Tyse
    Fylkeshovudtillitsvald Utdanningsforbundet Rogaland
  • Åshild Knutzen
    Fylkeshovudtillitsvalgt, Utdanningsforbundet Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Rogaland fylkeskommune har dette skuleåret tatt i bruk eit nytt skuleadministrativt datasystem på alle sine 27 vidaregåande skular, Visma InSchool (VIS). For nærare eit år sidan bad Utdanningsforbundet fylkeskommunen om å utsetje innføringa av VIS til hausten 2021.

Ein lang veg å gå

Erfaringar frå pilotfylket Akershus, som tok VIS i bruk sist haust, vitna om eit datasystem prega av grunnleggande feil og manglar. Visma, leverandøren av systemet, hevda den gongen at dei hadde nok tid på seg til å rette opp feila innan utrulling i seks nye fylke denne hausten. Dessverre tok dei feil.

Poenget med VIS er å forenkle og effektivisere dei skuleadministrative oppgåvene og samle sentrale funksjonar og operasjonar i eitt og same program. Programmet skal ta hand om og halde oversikta over timeplanar, romfordeling, klasselister, fagval, karakterar, arbeidsplanar, stillingsoversikter, lønnsutbetalingar, varselbrev, eksamen, vikartimar med meir. I teorien skal det bare vere å mate systemet med rett informasjon, så skal programmet nærast ordne opp på eiga hand.

Idéen er god, og me skal vere rause og seie at me har tru på at dette kan bli bra, på sikt. Det er likevel eit godt stykke igjen til at systemet fungerer slik det skal. Undervegs fryktar me konsekvensane for dei som dagleg betaler ein pris for å ha fått eit uferdig datasystem i fanget, skuleleiarane, lærarane og elevane våre.

Smell etter smell

Innføringa av systemet i tidlegare Akershus gjekk på den eine smellen etter den andre. I tre av seks fylke, som etter planen skulle innføre VIS denne hausten, valde ein derfor å utsette. Det seier sitt når me veit at ei slik forseinking i seg sjølv har store økonomiske kostnader. Fylkeskommunane har oppretta eit interkommunalt selskap som har ansvar for innkjøp av tenester til dei vidaregåande skulane. Sentralleddet i Utdanningsforbundet har peika på manglande partssamarbeid i slike selskap som ei mogleg forklaring på fadesen med VIS.

Brukarane av systemet har i liten grad blitt lytta til. Når den daglege logistikken fungerer, skuldast det for ein stor del ein formidabel innsats frå dei skuleleiarane som har hatt sitt ansvarsområde knytt til VIS. Når systemet har svikta og vist seg å mangle grunnleggande funksjonar, har nokre prosessar blitt gjennomførte manuelt, i tillegg til at ein må bruke tid på å rapportere inn problem og foreslå løysningar for Visma. For involverte skuleleiarar har det gått med kveldar, helger og feriedagar for å få dette til. Konklusjonen så langt er at datasystemet har vore alt anna enn arbeidssparande.

Visma, korona og fagfornying

Når avdelingsleiarar rapporterer om at dei opplever arbeidssituasjonen sin med VIS som utrygg og uforsvarleg, er det all grunn til å tru at dette får konsekvensar for helse og arbeidsmiljø. Kombinasjonen VIS, fagfornying og korona står fram som eit troll med tre hovud som forstyrrar den daglege drifta. Det har ikkje på nokon måte blitt kompensert for dette store meirarbeidet.

Lærarane opplever også daglege utfordringar og frustrasjonar som botnar i at VIS-systemet ikkje verker slik det skal. Det handlar om operasjonar som har blitt meir tungvinte, til dømes det å føre inn og halde kontroll på fråværet, merknader og karakterar. Arbeidsplanar og stillingsoversikter er forma ut på ein slik måte at dei står fram som feil og uforståelege. Dette dreier seg om noko meir enn at systemet er nytt og uvant, såkalla brukarfeil.

Systemet ser også ut til at stillingsprosentar og lønnsgrunnlag blir utrekna på feil grunnlag. Desse manglane gjer det vanskeleg å ha tillit til systemet. VIS har rett og slett gjort tilværet meir usikkert for alle aktørane i dei vidaregåande skulane i Rogaland. Visma har ein gedigen jobb å gjere med å rette dette opp, og Rogaland fylkeskommune har eit stort ansvar når det gjeld å ta hand om sine skuleleiarar, lærarar og elevar i ein særs krevjande situasjon.

For involverte skuleleiarar har det gått med kveldar, helger og feriedagar for å få dette til. Konklusjonen så langt er at datasystemet har vore alt anna enn arbeidssparande.

Les også

  1. – Vent med å innføre eit system som enno ikkje fungerer

Publisert:
  1. Visma
  2. Rogaland
  3. Utdanningsforbundet
  4. Rogaland fylkeskommune

Mest lest akkurat nå

  1. Politibil under ut­ryk­ning kolliderte med Porsche i Hille­våg

  2. Flere blir lagt inn på sykehus. Er vi på vei inn i neste korona­bølge?

  3. Siktet for drapsforsøk etter skyting i Stavanger-restaurant: – Min klient er veldig lei seg

  4. Sandnes-kvinne får million­erstatning etter feil­behandling på SUS

  5. Så vakkert, så vakkert

  6. Stavanger-ost best i Norge