Ta vare på grunnrenta!

KRONIKK: Hadde vi rekna grunnrente frå andre avgrensa naturressursar, og ikkje berre olje og gass og vasskrafta, ville vi truleg ha teke betre vare på dei – og dermed naturen og klimaet.

Selskap som utnyttar olja og gassen på sokkelen, må betala høg grunnrente til staten. Det same må vasskraftverka. Kvifor ikkje det same for utnytting av vår felles natur til vindkraft, fiskeoppdrett og gruvedrift?

Debattinnlegg

  • Eirik Magnus Fuglestad
    Forskar ved Ruralis – Institutt for rural og regional forsking; PhD i sosiologi og master i nasjonalismestudiar
  • Reidar Almås
    Forskar ved Ruralis – Institutt for rural og regional forsking
Publisert: Publisert:

Det er gode grunnar til at stortingsvalet bør bli eit grunnrenteval. Eit fornuftig skatteregime på grunnrente frå sentrale naturressursar kan vera både god klimapolitikk og god fordelingspolitikk.

To problem står i vegen: Svært få veit kva grunnrente er, og mange av dei som har noko dei skulle sagt, går aktivt eller passivt bort frå skatt på grunnrente.

Tenkjer du på deg sjølv som ein som nyt godt av grunnrente-inntekter? Alle nordmenn nytt godt av store grunnrenteinntekter – slike inntekter har gitt oss vegar og skular, pensjonar og sjukehus og meir til. Trass i dette veit ikkje mange noko særleg om grunnrente.

Olja!

Faktum er at mykje av oljeinntektene som den norske staten får, kjem nettopp av grunnrente. Det same gjeld for inntektene som stat og kommunar får frå kraftproduksjon i fossefalla våre. Dersom grunnrenta frå desse ressursane ikkje hadde vorte skattlagde, ville skatteinntektene her vore betydeleg mindre.

Det er skatt på grunnrenta som gjer at det høvesvis er 78 og 59 prosent skatt på olje/gass-inntektene og vasskrafta. Skatt på grunnrenta frå andre viktige naturressursar kan gjera at du og eg kan leva gode liv når olja tek slutt. Grunnrenta kan vidare gjera at me verdsett naturen betre, og dermed at me kanskje tek betre vare på den.

Dei seinare åra har det politiske fleirtalet og næringslivet aktivt gått mot å føra inn skatt på grunnrente både for lakseoppdrett og for vindkraft, to viktige fornybare ressursar. Og diskusjonar om grunnrente har stort sett halde seg innanfor den smale, samfunnsøkonomiske NOU-litteraturen.

Den ekstra profitten

Kva er så grunnrente? Grunnrente er ei inntekt som skil seg både frå løn du får frå arbeid og frå avkastning du kan få på kapital. Grunnrenta kjem, som namnet tilseier, frå grunnen, – det vil seie frå å utnytte ein naturressurs. Førebels kan me seie at grunnrenta er den ekstraprofitten som oppstår frå verdien i sjølve naturressursen. Med dette i mente kan me då vidare seie at det då er tre grunnleggjande faktorar som skapar økonomisk verdi: grunnen, arbeidet og kapitalen.

Det er ikkje gitt at me skal tenkja slikt om økonomisk verdi, og ofte har me nok ein tendens til å tenkja berre på arbeid og kapitalinvesteringar som verdiskaping. Jorda eller naturen ser me som oftast som ein gratis innsatsfaktor. Fordelinga av grunnrenta mellom fellesskapet og grunneigaren er heller ikkje gitt.

To sentrale tenkjarar har opna det intellektuelle rommet for ein debatt om grunnrente.

Den første av desse er engelskmannen David Ricardo, som var verksam tidleg på 1800-talet. Ricardo får ofte æra for den moderne grunnrenteteorien. Det sentrale for Ricardo var forskjellen i kvalitet på ulike naturressursar. Sidan mengda naturressursar er konstant, og sidan dei er av forskjellig kvalitet, vil det vera meir forteneste å henta ut frå å leggja ned arbeid og kapital i den mest produktive naturresursen. Differansen i utbytte mellom den beste og den dårlegaste grunnen er grunnrenta. Slik meinte Ricardo at ein del av profitten bør gå til den som eig naturressursen.

Kven eig naturressursane, og dermed retten på grunnrenta? I mange etablerte næringar, som jordbruk og skogbruk, vil grunnrenta gå til den som har den private eigedomsretten til ressursen. Det er grunnrenter i norsk jordbruk òg, men fuglane veit kor det blir av dei. Den jamne bonden får dei i alle fall ikkje.

I havet og under bakken, på fjellet og i lufta må ein sjå det annleis. Nemleg slik at det er me som fellesskap som eig naturressursane. Slik har mange sett saka.

Les også

Alexander Rügert-Raustein: «Kva er matjorda vår verd, eigentleg? Er jorda på Kalberg verd meir enn 15 milliardar kroner?»

Fellesskapet

Den amerikanske tenkjaren Henry George, som levde på slutten av 1800-talet, var ein av desse: Dersom nokre naturressursar er felleseige, då er det slik at dei som brukar verdifulle ressursar som olje og vasskraft, eigentleg berre brukar dei på lån – med konsesjon frå fellesskapet. Da må det vera eigaren, altså fellesskapet, som har rett på grunnrenteinntektene. Slik tenkte Henry George. Det er frå han norske politikarar og byråkratar fekk inspirasjonen til skatteregima på vasskraft og olje.

Det er ingen grunn til at me ikkje skal overføra denne tanken på andre verdifulle fellesressursar, slike som havet i fjordane som lakseoppdrettet gjer seg bruk av, eller utmarka der vindturbinane står. Og kva med minerala i hav og i fjell som framleis ligg unytta, men som i framtida kan få stor verdi?

Er det slik at det er eit stort skattegrunnlag i all grunnrente? Nei, for all del. Ressursane må først utviklast og vise seg drivverdige. Til det trengst kapital og ein kontrakt mellom kapital og samfunn om fordelinga av grunnrenta.

Skatt på grunnrenta er også gunstig etter som den ikkje har det økonomane kallar «vridande» effekt, den er såkalla nøytral – den slår berre inn etter at arbeid og kapital har fått si avkasting. Grunnrenta er ein skatt på ekstraprofitten som skapast fordi bedrifta brukar ein avgrensa naturressurs.

Les også

Hvor mye skal vi tjene på vindkraften? Hva sier partiene?

Les også

Harald Birkevold: «Gavepakke til laksemilliardærene»

Klimaet

Vidare kan grunnrenteskatt få ny relevans i ein klima- og miljøkontekst. Sidan me, utan å rekna inn grunnrenta, ser på naturen som ein meir eller mindre gratis ressurs, ville ikkje då ein grunnrenteskatt hjelpa oss å setja ein konkret verdi på naturen?

Truleg ville til dømes heilt vanlege naturressursar som landbruksjord og utmarksressursar ha ein mykje større verdi dersom me tok innover oss at slike ressursar faktisk er avgrensa. Den potensielle grunnrenta her er stor, og den kan berre haldast oppe dersom me tek vare på ressursane.

Så, tenkjer du på deg sjølv som ein som nyt inntekter av grunnrente? Det bør du, og når du røystar ved valet, bør du vurdera kva parti som best tek vare på dei grunnrenteverdiane me har – som fellesskap.

Publisert:

Valg 2021 - miljø/klima

  1. – Gi politiske insentiver som muliggjør å fjerne karbondioksid fra luften

  2. Er framtida i Suldal grøn eller grå som stein?

  3. – Grøn helsing frå ein tidlegare oljearbeidar

  4. – Vi kan ikke støtte partier som skaper usikkerhet for våre medlemmer i industrien

  5. – Nå trenger vi samling om effektive klimatiltak

  6. – Ta politisk kontroll over krafta!

  1. Valg 2021 - miljø/klima
  2. Eirik Magnus Fuglestad
  3. Natur
  4. Stortingsvalget 2021
  5. Vindkraft