Vi treng meir kunnskap om familiefattigdom

DEBATT: Olav Øverland kritiserer regjeringas nyoppnemnde ekspertgruppe for barn i fattige familiar i eit innlegg i Stavanger Aftenblad 24. august. Eg er ikkje einig i at vi har all kunnskap vi treng om korleis denne innsatsen bør prioriterast.

Poenget med ekspertgruppa er ikkje at vi skal sitje stille og vente til den har kome med råd til oss om korleis vi bør prioritere. Regjeringa vil føre ein politikk som reduserer forskjellane og styrker fellesskapet.
  • Kjersti Toppe
    Barne- og familieminister (Sp)
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Meir enn 1 av 10 barn i Norge veks opp i vedvarande fattigdom. Det er ei stor samfunnsutfordring. Mange regjeringar før oss har lova å få bukt med denne situasjonen. Men dei har ikkje klart det. Talet på barn som veks opp i fattige familiar er framleis høgt og aukande.

Øverland meiner vi allereie veit alt vi treng å vite om saka. Han peiker også på at det ikkje er barn som er fattige, men familiane deira. Eg er heilt einig med Øverland i at det ikkje er barn som er fattige, men foreldra og familiane deira. Difor handlar dette om å redusere familiefattigdomen i Norge. Men eg er ikkje einig i at vi har all kunnskap vi treng om korleis denne innsatsen bør prioriterast.

Ekspertgruppa skal gje oss råd om korleis vi må prioritere innsatsen i åra som kjem. Det gjeld både korleis vi kan sikre gode oppvekstvilkår til alle barn uavhengig av bakgrunn, og for å redusere talet på barn som veks opp i fattige familiar. Dessutan må vi klare å førebyggje at fattigdom går i arv på lengre sikt.

Det har tidlegare vore nedsett utval som har vurdert fleire sider ved dette, som økonomiske overføringar og tenester til barnefamiliane. Men ingen av utvala har nokon gong vore retta særskilt mot å vurdere heile den breie innsatsen for å førebyggje og redusere familiefattigdom i Norge. Difor meiner eg at det var på tide med eit slikt utval.

Les også

Det finnes allerede nok kunn­skap for å redusere barne­fattigdom

Kven har størst risiko for fattigdom?

Øverland viser til fleire økonomiske rapportar, og argumenterer for at vi allereie veit kva som skal til – og at det omtrent aleine handlar om eit omfordelande skattesystem. Denne regjeringa er sjølvsagt opptatt av at skattesystemet skal bli meir sosialt og geografisk omfordelande. Skattepolitikk er viktig for å jamne ut skilnader. Det pågåande skatteutvalet har òg fått i oppgåve av denne regjeringa å vurdere korleis formuesskatten kan bidra til omfordeling.

Men vi må og sjå på kva familiar som er i risiko for fattigdom. Til dømes viser tala at 6 av 10 barn i familiar med vedvarande låg inntekt i 2020 hadde innvandrarbakgrunn. Svak tilknyting til arbeidsmarknaden blant foreldre er den viktigaste forklaringa. Tiltak som sikrar god integrering og fleire i arbeid er derfor veldig viktige tiltak for å snu utviklinga her og no. Det tek vi på alvor. Denne regjeringa har til dømes auka løyvinga til Jobbsjansen, for å gi fleire innvandrarkvinner høve til å få dei kvalifikasjonane dei treng for å kome ut i arbeid.

Offentleg finansierte velferdstenester er viktige tilbod som reduserer utgiftene til familiane. Det betyr færre og mindre rekningar i postkassa. Denne hausten er det innført gratis kjernetid i SFO for førsteklassingar og redusert makspris i barnehage. Vi har òg styrka bustøtteordninga for barnefamiliar. Dette er tiltak som vi allereie veit at er viktige for å hjelpe barn i fattige familiar.

Barnetrygd-grep lettar børa

Regjeringa har også fremma lovforslag om at barnetrygd skal haldast utanfor utrekning av sosialstønad, noko som betrar familieøkonomien til dei fattigaste barnefamiliane, og vi har styrkt kommuneøkonomien. Høvet til sosial deltaking er også viktig for å motverke utanforskap. I år har vi styrkt tilskotsordninga retta mot å inkludere barn og unge med totalt 95 millionar kroner, slik at barn og unge i familiar med dårleg råd også kan delta på ferie- og fritidsaktivitetar.

Poenget med ekspertgruppa er ikkje at vi skal sitje stille og vente til den har kome med råd til oss om korleis vi bør prioritere. Regjeringa vil føre ein politikk som nettopp reduserer forskjellane og styrker fellesskapet. Ekspertgruppa si utreiing vil bidra til at vi kan treffe enno betre – slik at familiefattigdom kan bli redusert og vi gir alle barn same moglegheiter.

Ingen av utvala har nokon gong vore retta særskilt mot å vurdere heile den breie innsatsen for å førebyggje og redusere familiefattigdom i Norge. Difor meiner eg at det var på tide med eit slikt utval.
Publisert: