Jo, valkamp er viktig — og verkar
POLITIKK: Verkar valkampen? spør Jan Zahl i ein kommentar i Aftenbladet 19. august. Han har aldri skifta meining i løpet av ein valkampe, og trur knapt andre gjer det heller.
- Leiv OlsenMedlem av Raudt Stavanger


Fakta viser noko anna. Dei største endringane i oppslutning mellom partia plar alltid komma i løpet av fire-fem vekers valkamp.
Folk flest
Folk som Jan Zahl og eg, som følgjer like ivrig med i den politiske debatten året rundt, skiftar sjeldan parti i løpet av ein valkamp. Men folk flest er ikkje like opptatt av politikk i det daglege som Jan Zahl og eg er.
Folk flest viser samfunnsansvar, og vil stemma, men kva dei skal stemma, vil mange bruka valkampen på å finna ut. Mange føler lojalitet til eitt bestemt parti, men undersøkingar viser at slik lojalitet varierer voldsomt. Enkelte parti har ein veljarlojalitet ned mot 30 prosent, det vil seia at knapt tredjeparten av dei som stemte på dei sist, vil stemma på dei i dag, andre har ein veljarlojalitet på 70-80-90 prosent.
På vandring
Mange veljarar er på vandring, eller sit på gjerdet, eller har ikkje stemt før. Dei må ta eit val: Skal eg stemma i år, og kva parti skal eg i så fall stemma på? Enkelte veljarar bestemmer seg fyrst når dei står i vallokalet. Så det er ingen tvil: valkamp er viktig.