Putin, «denazifisering» og krigen om russisk historie

KRONIKK: Kvifor snakkar Putin om å «denazifisere» Ukraina? Det russiske minnet om «den store fedre­lands­krigen», og Kreml sin tradisjon for politisk historie­bruk, kan hjelpe oss med å forstå denne utsegna.

I sin uforson­lege fjernsyns­tale 24. februar sjokkerte president Putin store delar av verda med å hevde at Ukraina måtte «denafizerast». Men slike ord finn resonansbotn hos mange russarar.
  • Vidar Fagerheim Kalsås
    Vidar Fagerheim Kalsås
    Førsteamanuensis i historie, historiedidaktikk og historiekultur, UiS
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I fjernsynstalen sin 24. februar la president Vladimir Putin fram si målsetjing for den pågåande invasjonen av Ukraina – om å avmilitarisere og «denazifisere» landet.

For mange i Vesten stod ei målsetjing om å «denazifisere» den valde regjeringa i Ukraina fram som absurd, og einskilde meinte det kunne tyde på at Putin var byrja å bli mentalt ustabil.

Om ein ser bruken av omgrepet «denazifisere» i ljos av russisk historiekultur, og Putin sin tradisjon for aktivt å nytte historia om «den store fedrelandskrigen» politisk, kan ein byrja å forstå korleis ei slik formulering kan ha stått fram som meiningsfull i den russiske offentlegheita. I ein tale kor siktemålet var å oppnå heimleg legitimitet for invasjonen, var uttrykket «denazifisere» retorisk rasjonelt å nytte for Putin.

«Den store fedrelandskrigen»

Politisk og ideologisk bruk av minnet om den andre verdskrigen har ein tradisjon i russisk politikk som går tilbake til krigen sin slutt i 1945. Krigen blir i hovudsak hugsa som «den store fedrelandskrigen», som for Sovjetunionen sin del byrja med Nazi-Tyskland sitt angrep den 22. juni 1941.

I etterkrigstida etablerte det sovjetiske regimet raskt ei grunnforteljing om krigen der sigeren over Nazi-Tyskland blei framstilt som eit resultat av Stalin si strategiske og faderlege leiing. Etter Khrusjtsjov sitt oppgjer med stalinismen i 1956, blei Stalin bytta ut med Kommunistpartiet i den offisielle historieforteljinga.

Med perestrojka, reformer og etter kvart Sovjetunionen sin kollaps, opna det seg i russisk offentlegheit eit rom for historisk debatt og nyansar, der sovjetiske handlingar før 1941 blei brakt fram i ljoset. Men dette rommet for historisk debatt har gradvis fått dårlegare vilkår under Putin sitt styre. Ei russifisert utgåve av den sovjetiske grunnforteljinga om «den store fedrelandskrigen» har særskilt vakse fram under Putin. Kommunistpartiet er bytta ut med det russiske folket, og det er russarane sin heltemodige kamp som førte til siger over nazistane og til frigjering og «denazifisering» av Europa.

Folket sin krig

Det er samstundes viktig hugse at historia om «den store fedrelandskrigen» ikkje berre er forma ovanfrå og nytta som propaganda av Kreml. Denne delen av historia har mange i Russland eit nært og personleg forhold til. Svært mange har beste- eller oldeforeldre som kjempa for Den raude armé under krigen, og minnet om krigen står sterkt hos dei fleste russarar.

Det er i denne historiekulturelle konteksten at det å referere til «denazifisering» har eit retorisk potensial for å legitimere krigshandlingar i samtida. I talen sin var det dette potensialet Putin forsøkte å utnytte ved å trekke på ein bestemt lærdom frå historia: Ved å avmilitarisere og «denazifisere» Ukraina i dag, vil han hindre ein ny versjon av «den store fedrelandskrigen». Putin vonar at dette historiske skremmebiletet skal legitimere krigen i russiske auge.

Å angripe Putin sine måtar å bruke historia på kan bli ein strategi i den politisk kampen om regimet sin vidare legitimitet.

Putin på den historiske slagmarka

Putin sine val av ord bør altså ikkje forståast som absurde eller som uttrykk for mental ustabilitet, men inn i eit mønster kor Putin i heile si regjeringstid aktivt har nytta historia for politiske føremål.

Og Putin og den russiske staten sin bruk av historia har blitt stadig meir einsretta. Eit viktig skilje kom i 2014, då det russiske parlamentet vedtok, og Putin signerte, «lova mot rehabilitering av nazismen». I 2021 kom eit nytt tillegg i lova som gjer at det å spreie «falsk informasjon» om veteranar frå den andre verdskrigen, kan gi opptil fem år i fengsel. Den opne lovteksten gjer at den kan bli nytta som eit aktivt verktøy for å hindre fortolkingar av historia som bryt med Kreml si patriotiske grunnforteljing.

Men Putin sin stadig meir einsretta bruk av historie gjer han også politisk sårbar. Den nostalgisk nasjonalismen han byggjer sin politiske legitimitet på vil kunne ha veikskapar når dei økonomiske og menneskelege kostnadane av krigen blir synlege for russarar flest. Å angripe Putin sine måtar å (mis)bruke historia på kan bli ein strategi i den politisk kampen om regimet sin vidare legitimitet.

Igjen vil «den store fedrelandskrigen» kunne bli ei slagmark mellom ulike politiske fortolkingar, der slaget handlar om Russland sin framtid.

Publisert: