Vi må ikkje ta i for hardt i klimasaka

KRONIKK: Det er naturleg at dei utfordringane klimasaka reiser, dominerer debatten.

«Vi har fått døme på uheldig politikk med motiv i klimasaka. Subsidiar til vindmøller vart kjempa fram av Senterpartiet og SV mot alvorstung fagkunnskap frå statsminister Stoltenberg då desse sat saman i regjering. […] Subsidiar har fungert som gåvepakkar til spekulantar», skriv Njål Kolbeinstveit.

Debattinnlegg

  • Njål Kolbeinstveit
    Njål Kolbeinstveit
    Sosialøkonom, Stavanger
Publisert: Publisert:

Men det er viktig for tilliten til demokratiet at tiltak som vert sette i verk, er effektive i høve til målet om reduserte utslepp, – og at tiltaka i minst mogleg grad skadar andre sentrale politiske mål.

Politiske markeringsbehov kan fort føra til at ein overser utilsikta verknader. Store endringar i politisk makt, slik vi nå ser, kan forsterka denne faren.

Vi har fått døme på uheldig politikk med motiv i klimasaka. Subsidiar til vindmøller vart kjempa fram av Senterpartiet og SV mot alvorstung fagkunnskap frå statsminister Stoltenberg då desse sat saman i regjering. Vi hadde ikkje bruk for denne krafta då, og kunne tatt oss tid til grundigare vurderingar. Subsidiar har fungert som gåvepakkar til spekulantar. Omsynet til naturen har ikkje vore forsvarleg. Vindmøllene kan ha ei framtid, men måten politikken vart til på, bør mana til ettertanke.

Vi må hindra at lettbeinte framlegg skadar legitimiteten til det grøne skiftet, og skaper kraftige motreaksjonar seinare.

Les også

Trond Birkedal: «Pusekattene i Rødt kommer ikke på vippen»

Lærdommen frå Gro

Politikken som skapte vindmøllene, kan tena som pedagogisk verkemiddel for å skapa respekt for sakkunnskap i viktige politiske saker. Fleire døme på uheldig politikk er framstilt av Gro Harlem Brundtland i boka «Dramatiske år».

Som statsminister tok ho alvorlege oppgjer med sentrale partifellar i Arbeidarpartiet om skadelege erfaringar av subsidiar og statleg drift. Ho vann fram. Lettvint omgang med subsidiar hadde då skjerma mot nødvendige tiltak i bedrifter. Statleg eigarskap hadde ført til mindre ansvar for resultata. Det truga velferda vår.

Utspel frå venstresida nå tyder på at desse erfaringane er gløymde. Det kan skada framtida vår alvorleg. Politiske tiltak må ha fagleg forankring for å tena føremålet sitt. Då kan både marknadsmekanismen og statlege tiltak nyttast for å fremma solid utvikling.

Sysselsettinga

Den nære historia kan visa kvifor vi treng lønnsame arbeidsplassar i industrien. Bruk av oljepengar har ført til fleire offentlege tilsette. Høgare løner har ført til større privat konsum og fleire tilsette i varehandel og tenesteyting. Andre sektorar har makta høgare løner enn industri som konkurrerer med utlandet.

Før oljealderen hadde Norge cirka 370.000 arbeidsplassar i industrien, seinare er dette talet redusert med kring 150.000, sjølv om sysselsettinga totalt har auka sterkt. Nå står industrien for berre 8 prosent av sysselsettinga. Avkastinga frå Oljefondet reduserer behovet for eksportinntekter, og for arbeidskraft i eksportindustrien.

Alt før vi fann olje, visste vi at industrien etter kvart ville koma til å utgjera ein mindre del av den totale sysselsettinga. Industrien vi treng framover, må vera lønsam samfunnsøkonomisk, elles vil den redusera velferda vår og skapa større motkrefter for klimatiltak. Erfaring viser at det er stor skaparevne i norsk næringsliv. Omstilling er normalt.

Utviklinga det siste 10-året gjev eit anna viktig perspektiv: Frå 2008 til 2019 auka sysselsettinga i Norge med 189.000. Talet på norske tilsette har i same perioden gått ned med 33.000. Vi har difor hatt bruk for 222.000 nye utanlandske arbeidarar. I denne fasen har ein starta på reduksjonen av sysselsette i olje- og gassindustrien, medrekna tenesteyting. Likevel har vi hatt bruk for kraftig tilførsel av arbeidskraft utanfrå.

Fleire faktorar kan framover medføra at ein større del av arbeidskrafta vil trengjast i andre sektorar enn industrien.

Les også

Harald Minge: «Heldigvis står vi sammen om brede forlik i energi­politikken»

Velferdsmodellen er utsett

I åra som kjem vil helse- og omsorgssektoren ha nye utfordringar grunna større pensjonistkull. Helse og omsorg er nå desidert største arbeidsplassen i Norge. Der vil bli behov for fleire medarbeidarar framover.

Politikarar vil skatta rikfolk meir og gje meir til grupper med låg inntekt. Det er forståeleg. Krev ein meir skatt av Røkke, senkar han neppe forbruket sitt, – derimot vil meir pengar til grupper med låg inntekt skapa auka konsum. Dette krev meir sysselsetting i varehandel etc.

Den norske velferdsmodellen kan framover bli truga på to måtar:

  • Vi får ei mindre kake å dela.
  • Vi skaper ei underklasse av utanlandsk arbeidskraft.

Det grøne skiftet gjer omstilling i industrien nødvendig. Det kan politikarar styra gjennom avgift på forureinande prosessar. Det gir automatisk betre lønsemd for den som ikkje forureinar. Interessa for å investera i grøne prosjekt er dokumentert. Tilgangen på eigenkapital er god. Investorar jaktar på grøne prosjekt – sjølv med låg lønnsemd.

Les også

VALGDEBATT: Ja til grønt skifte! Men hva skal vi leve av?

Omtanke og disiplin

Skal vi ta vare på framtida, må vi å ta klimasaka på så stort alvor at vi set den inn i ein samanheng og ikkje hoppar på tiltak vi ikkje ser konsekvensane av. Ein politikk som skaper varig oppslutning, krev tiltak som både er tenlege for formålet og ikkje unødig krenkjer andre politiske mål.

Og vi må trygga at den industrien vi har plass til i framtida, både er i samsvar med klimamål, – og kan vera god ressursutnytting for samfunnet.

Dette krev omtanke og disiplin i politikkutforminga. Greier vi det, vil vi lukkast.

Fleire faktorar kan medføra at ein større del av arbeidskrafta framover vil trengjast i andre sektorar enn industrien.

Les også

  1. MÅLING: Høyre kollapser i Rogaland etter oljesjokk

  2. MÅLING: Senterpartiet retter krass oljekritikk mot Frp og Høyre

  3. MÅLING: Demokratene-Kleppe: - Vi blir den store overraskelsen valgnatta

  4. Skattesjokk i annerledesland

Publisert:

Valg 2021 - miljø/klima

  1. – Gi politiske insentiver som muliggjør å fjerne karbondioksid fra luften

  2. Er framtida i Suldal grøn eller grå som stein?

  3. – Grøn helsing frå ein tidlegare oljearbeidar

  4. – Vi kan ikke støtte partier som skaper usikkerhet for våre medlemmer i industrien

  5. – Nå trenger vi samling om effektive klimatiltak

  6. – Ta politisk kontroll over krafta!

  1. Valg 2021 - miljø/klima
  2. Omstilling
  3. Politikk
  4. Klimaendringer
  5. Klimapolitikk