UiS sin lokalhistoriesatsing fortener støtte

Debattinnlegg

  • Ivar Andersen
    Tasta Historielag
  • Birger Lindanger
    Rogaland Historielag
Publisert: Publisert:

DEBATT: Universitetet i Stavanger (UiS), i eit samarbeid med Norsk lokalhistorisk institutt (NLI), (eit «underbruk» av Nasjonalbiblioteket (NB), og Rogaland Historielag (RH), har søkt kommunen om midler til eit pilotprosjekt innan lokalhistorie, der ein vil bruke dette til å få historia om dei gamle kommunane Hetland og Madla dokumentert, og distribuert til innbyggerane.

Hand i hand

Dette prosjektet vil vera ei stadfesting av Stavanger som universitetsby i si rette meining: akademia og kommune går hand i hand, studentane kan bruka nærmiljøet i sine oppgåver, innbyggerane kan (og skal) vera med på å skriva historia, den utvida lærarutdanninga får eit relevant innhald, og ikkje minst alt dette vil komma den oppveksande slekt, altså barn og unge, til stor hjelp.

Arbeidet med å få på plass kultur og slektshistoria for Hetland og Madla har ein prøvd på ved ulike høve, både før 1965 (kommunesamanslåing) og fleire gonger etterpå. Med kommune og Nasjonalbiblioteket med på laget, reknar me denne gongen med at det skal lukkast å få prosjektet på skinnar. Kommunen vil få mykje for eit relativt lite beløp, og måten å driva dette på vil og vera ein modell for andre.

NLI lar oss nytta «Lokalhistoriewiki», som med få ord er lokalhistorieskriving på nett. Så langt har det vore mest digitalisering av bøker og dokumenter, men i Hetland og Madla prosjektet legg me stoffet rett inn på dedikerte sider på nettet.

På høg tid

UiS vil stå for prosjektleiing av kulturhistoria i vidaste meining for dei 35 gardsnummer som var Hetland og Madla, kvalitetssikring og koordinering av det som innbyggerane lastar opp. I 2012 fekk me Stavanger si byhistorie i 4 band, men det me nå skal skriva om, vil vera alt det som desse banda ikkje fekk med seg om byens omland. Kva ville Stavanger vore utan Hetland og Madla? I 1965 var omtrent 1/3 av innbyggerane i dei tri kommunane frå Hetland og Madla, medan det i dag er det omtrent 2/3 som er frå dei «anekterte» bydelane.

Det er derfor på høg tid at me nå får komma i gang med dette viktige arbeidet, ikkje minst for Stavanger by, som i tillegg til å vera ein universitetsby, også vil vera ein kulturby.

Publisert:
  1. Debatt
  2. Kultur
  3. Nasjonalbiblioteket

Mest lest akkurat nå

  1. Advarer mot svært glatte veier

  2. Som å bli truffet av markedsavdelingens ømme julegodstog

  3. Snøvær skaper problemer på Stavanger lufthavn, Sola: – Vi fikk ingen informasjon

  4. Her fosser strøm-milliardene inn

  5. – Ahhh, som vi har savnet dette!

  6. Fjerner populær gaveordning på kort varsel