Varsko, landbruket er i krise

DEBATT: Rogaland Bonde og Småbrukarlag krev inntektsutjamning i løpet av den stortingsperioden som tek til i haust.

«Mange års underfinansiering av landbruket betyr at me har eit etterslep på 8-10 milliardar som må koma på plass i den nye stortingsperioden», skriv Stig A. Helgesen.

Debattinnlegg

  • Stig A. Helgesen
    Leder, Rogaland Bonde- og Småbrukarlag
Publisert: Publisert:

For å nå dette målet vil vårt krav til forhandlingane 2022 vera eit reelt inntektsløft på 95. 000 kroner for alle bønder, pluss full dekning av auka kostnader. Det har gått om lag eit år sidan me i Rogaland Bonde og Småbrukarlag tydeleg peika på den alvorlege situasjonen i norsk landbruk. I så og sei alle sektorar av næringa var, og er, situasjonen prega av svært dårleg økonomi. Norske bønder arbeider for under halve timelønna av det norske arbeidarar har.

Me må vera ærlege og innsjå at det kostar å halda oppe ein matproduksjon tufta på nasjonale ressursar.

Bondeopprør

Seinare har me fått eit «bondeopprør» på sosiale media som har tydeleggjort og understreka vår beskriving av den økonomiske situasjonen for enkeltbonden. Bondeopprøret har gjort det mogleg for bønder, som elles ikkje kjem til orde, å beskriva situasjonen på deira eige bruk. Og, mange av desse historiane er sterke beskrivingar av ein kvardag som ikkje er verdig ein velferdsstat.

Trass i at det har vore sjeldent stor interesse for landbruk og landbrukspolitikk i media, så klarer me ikkje å sjå at fleirtalet av norske politikerar ser alvoret.

Stortingsvalet i år har ført til at enkelte parti og enkelte politikerar har vist ei viss interesse for landbruket. Men, me ser at det kun unntaksvis kjem forpliktande lovnader. Me kan dessverre ikkje konkludera på annan måte enn at me enno ikkje, tydeleg nok, har klart å formidla den ekstremt vanskelege økonomiske situasjonen som pregar kvardagen for norske bønder no.

Styret i Rogaland Bonde og Småbrukarlag vil difor også i år løfta fram det same kravet som i fjor. Me krev inntektsutjamning i løpet av den stortingsperioden som tek til i haust. For å nå dette målet vert vårt krav til forhandlingane eit reellt inntektsløft på 95. 000 kroner for alle bønder pluss full dekning av auka kostnader.

Svekka beredskap

Samstundes vil me ropa eit tydeleg varsko. Den svake økonomien i landbruket kombinert med nye krav til drifta som krev store investeringar, kan, dersom det ikkje skjer store endringar, føra til at svært mange gardsbruk vert lagde ned i åra som kjem. Svært mange arbeidsplasser knytta til næringa kan gå tapt, kompetanse bygd opp over generasjonar vil forsvinna, beredskapen vert svekka og viktig kulturlandskap vil gå tapt.

Me må vera ærlege og innsjå at det kostar å halda oppe ein matproduksjon tufta på nasjonale ressursar. Mange års underfinansiering av landbruket betyr at me har eit etterslep på 8-10 milliardar som må koma på plass i den nye stortingsperioden.

Fine festtaleformuleringar om verdien av landbruket kan ingen bønder betala rekningar med. Norske bønder må ha inntekt på line med andre grupper no.

Les også

  1. – Norsk land­bruk har viktige sam­funns­oppgåver

  2. – Norge må slutte å bygge ned mat­jord og gjen­inn­føre korn­lager

Publisert:
  1. Debatt
  2. Kommuneøkonomi
  3. Landbrukspolitikk
  4. Landbruk

Mest lest akkurat nå

  1. Alle fikk korona­penger. Alle gikk med over­skudd. Bare én betalte tilbake

  2. Hun blir ny sjef i Kolumbus

  3. Brannutrykning til driv­hus i Sandnes

  4. Monica Fjeld (49) synes det er vanskelig å finne kjærligheten i voksen alder. Disse tre tipsene kan hjelpe

  5. – Tallene øde­legger folk i begge ender av skalaen. De som har høye tall blir mer selv­opptatte og litt mindre moralske

  6. Se video av fyrverkeriet over Ruten