Kvifor all kranglinga om gatekunst?

KRONIKK: I Stavanger handlar gatekunst-debatten ikkje berre om børs og katedral, men om rådhus òg. Ein velbrukt kunstsosiologisk teori kan kasta lys over dei ulike ståstadene i gatekunst-debatten.

Til Nuart-festivalen sist september fekk australske Fintan Magee boltre seg på store flater aust i Stavanger. Men er det kunst? Vel, det kjem an på om ein kunstsosiologisk høyrer heime i «børsen», «katedralen» eller «rådhuset».
  • Merete Jonvik
    Merete Jonvik
    Forskar, IRIS
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det er strid i kunstfeltet i Stavanger om dagen. Sentrale aktørar er leiar for Nuart-festivalen Martyn Reed, biletkunstnar Natasja Askelund, kunstkritikarane Sigrun Hodne og Trond Borgen, leiar for Rogaland Kunstsenter Geir Haraldseth og politikar og leiar for kommunalstyret for kultur og idrett og kunstutvalet i Stavanger kommune Annamaria Gutierrez (V).

I starten av debatten var stridens kjerne kor vidt gatekunst er inne eller ute. Etter kvart har den dreidd seg meir om kor vidt det har vekse fram for mykje gatekunst i Stavanger og om vedlikehaldsansvar.

Gutierrez forsvarar gatekunsten og framhevar at den set Stavanger på verdskartet og trekker til seg tusenvis av interesserte publikummarar.

Kven ytrar kva?

Hodne kallar gatekunsten for keisam underhaldning. Borgen uttalar at den spreier seg som pest i det offentlege rom. Haraldseth ytrar i tidsskriftet Art in America at den lokale kunstscena har blitt «overtaken by this instant art, which is highly visible and cheap to make and show, and bathes itself in the illusory glow of subcultural rebellion». Han uroar seg – til liks med Ingeborg Kvame, styreleiar i Bildende Kunstneres Forening Rogaland (BKFR) – for kunstmangfaldet i byen om gatekunsten fortsatt vert vigd stor plass.

Reed har naturleg nok forsvart seg mot dette, mellom anna ved å poengtera at Nuart har bidrege til å auka den generelle interessa for kunst i Stavanger og at festivalen sin misjon er å presentera kunst i det offentlige rom som kan gjera det mindre farleg å oppsøka kunstinstitusjonar og galleri. Gutierrez forsvarar gatekunsten og framhevar at den set Stavanger på verdskartet og trekker til seg tusenvis av interesserte publikummarar.

Gatekunst-sakene og -debatten høsten 2015:

Les også

Nuart-festivalen: «Å bli kritisert av konservatismens krefter var ganske overraskende»

Les også

Nyhetsartikkel: «Stavanger er forsøplet av gatekunst»

Les også

Reed svarer Haraldseth: - Nuart har økt kunstinteressen i Stavanger

Les også

Haraldseth: «Aftenbladet nører til konflikt»

Les også

Jan Zahl: Mal over gatekunsten og bytt ut «Kånå» (for abonnenter)

Les også

Aftenbladet-leder: Kjør debatt om gatekunst! (for abonnenter)

Ulike kretsløp i kunstfeltet

Ein velbrukt kunstsosiologisk teori kan kasta lys over dei ulike ståstadene i debatten. Sosiologen Pierre Bourdieu har utvikla ein teori om kulturelle felt. Kunstsosiolog Dag Solhjell har tilpassa denne til norske forhold og deler det norske kunstfeltet inn i det han kallar tre delfelt eller kretsløp. Det eksklusive, det inklusive og det kommersielle kretsløpet; alternativt katedralen, rådhuset og børsen. Kretsløpa har sine eigne verdiar og meiningsunivers.

I det eksklusive kretsløpet er ein i stor monn ekskluderande og innretta mot å peika ut kunsten med høgast kvalitet («få skal med»). Her fins både høgt og lågt anerkjend kunst, men felles er at ein kjempar om kunstnarisk anerkjenning.

I det inklusive kretsløpet, som nettopp er inkluderande, vektlegg ein brei kunstnarisk deltaking og publikumsaktivitet framfor høg kunstnarisk kvalitet («alle skal med»). Her legg ein stor tyngd på demokratiserande, egalitære kulturpolitiske verdiar. Det kommersielle kretsløpet er innretta mot kunsten sin økonomiske verdi.

Kretsløpa er ikkje strengt fråskilde, men likevel kjenneteikna av noko eige. Aktørar som har posisjonar i dei ulike kretsløpa, argumenterer forskjellig om kunst og om kvifor kunst er viktig. At kretsløpa står i motsetnad til kvarandre, og stridest, er regelen heller enn unntaket.

Les også

Martyn Reed får Stavangers kommunes kulturpris

Les også

Høgre-politikar vil diskutere gatekunsten i bystyret

Debatten

Aktørane i debatten om gatekunsten i Stavanger talar tydeleg frå ulike kretsløp i kunstfeltet, hovudsakleg det eksklusive og det politiske. Reed omtalar Askelund som del av det etablerte og opplever Haraldseth som elitistisk, og kjenner, kan vi anta, på ein utsideposisjon vis-a-vis visuell kunst som har høgare symbolsk status enn gatekunsten.

Venstre-politikar Annamaria Gutierrez stiller seg bak gatekunsten, både i intervjuer og debattinnlegg.

Gutierrez ytrar at ho som politikar ønskjer å ta seriøst at folk vil ha kunstuttrykk dei skjønar seg på og finn glede i, og at det viktigaste for ho som folkevald er å vekkja folks kunstinteresse. Ho understreker at over 5000 menneske kvart år oppsøkjer Nuart-utstillingane, og ber Borgen ikkje snakka ned publikum. I tråd med sentrale verdiar i det politiske inklusive kretsløpet set ho publikum sin tilgang til kunsten så å seia over kunsten.

Askelund, som sjølv er biletkunstnar, opplever at næringslivet og politikarane i byen driv hovudlaus beundring av gatekunsten, innforstått at dei kommersielle og politiske aktørane ikkje er kritiske nok. Her har vi dei siste dagane sett ei dreiing mot nettopp meir kritisk haldning frå politisk hald.

Les også

På tur for å se gatekunst i Østre bydel

Stridigheitene vert meir forståelege om ein kjenner til kva verdiar ein kjempar for i dei ulike kretsløpa.

Hovudstraumen, ikkje utfordraren

Borgen, Haraldseth og Hodne på si side manar til soberheit i måten gatekunsten vert møtt på, og uttalar til liks med store delar av det eksklusive kretsløpet at gatekunsten kanskje enno har sin gatekredibilitet, men at den langt i frå har kunstnarisk kredibilitet, for ikkje å seia systemkritisk kraft. Haraldseth framhevar Nuart sin økonomiske og publikumsmessige suksess (utan altså å nemna kunstnarisk suksess), og meiner Nuart ikkje lenger kan påberopa seg ein utfordrarposisjon. Gatekunsten er hovudstraumen, ikkje utfordraren. Borgen og Askelund ytrar òg at dei ser prinsipielle problem med at Reed driv eit privat galleri der han sel same type kunst som Nuart-festivalen formidlar.

Les også

Her åpner Martyn Reed galleri

Likevel: Frå det eksklusive kretsløpet argumenterer ein primært kunstfagleg og ekskluderande, i tydinga utøver definisjonsmakt over kva som skal få representera høg kunstnarisk kvalitet. I det politiske kretsløpet argumenterer ein inkluderande, og prioriterer gjerne breidd framfor spiss.

Stridigheitene vert meir forståelege om ein kjenner til kva verdiar ein kjempar for i dei ulike kretsløpa.

Siste runde i gatekunst-debatten:

Les også

Trond Borgen om kunståret 2016: «Kvaliteten og forsøplingen»

Les også

Annamaria Gutierrez er ueinig i gatekunstkritikk

Les også

Trond Borgen: «Gatekunstens tristesse»

Les også

Ingeborg Kvame (BKFR): «Stavanger er overmoden for ny kunst»

Les også

Annamaria Gutierrez: «Et samlet kommunalstyre forsvarer Nuart»

Les også

Aftenbladet-leder: «En riktig debatt om gatekunsten» (for abonnenter)

Fikk du med deg debatten om samtidskunst sommeren 2015:

Publisert: