Anne Frøyland Grødem forstår kva matjorda er verd

DEBATT: Anne Frøyland Grødem veit kva som står på spel, og let seg ikkje kjøpa for pengar.

Anne Frøyland Grødem vil verna jorda si, og ha som yrke å produsera mat. Ho veit at matjorda er sjølve livsgrunnlaget for komande slekter, og at berre 3 % av arealet i Norge er dyrka eller dyrkbar mark. Me treng fleire som Anne i dette landet.

Debattinnlegg

  • Tarald Oma
    Bryne
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Anne Frøyland Grødem er ikkje til sals, sjølv om utbyggarane byr henne 150 millionar kroner for garden. Det står ho fram med i Dagsrevyen i beste sendetid. Ho vil verna jorda si, og ha som yrke å produsera mat. Ho veit at matjorda er sjølve livsgrunnlaget for komande slekter, og at berre 3 % av arealet i Norge er dyrka eller dyrkbar mark. Me treng fleire som Anne i dette landet.

Verre er det med ordføraren i Time, Andreas Vollsund (H). Han vil bruka av dei 3 % som er matjord til andre føremål enn matproduksjon, og øydeleggja matjorda for all framtid. Å styra utbygginga over på dei 97 % av arealet som ikkje kan dyrkast, vil han ikkje. Og heile gruppa til Time Høyre og til Time Frp følgjer han. Og det ser også ut til dei har Time Ap med.

Han som stod fram for utbyggjarane tenkte berre kortsiktig profitt, og det er det vanlege frå den kanten. Dei tek ikkje samfunnsansvar for å verna matjorda, og sikra grunnlaget for matproduksjon i framtida. Matjorda treng sterkare lov-vern for å stoppa denne vitlause nedbygginga. Det trengst også ein lov som set forbod mot opsjonsavtalar, som har som føremål å byggja ned matjorda.

Om vel eit halvt år er det stortingsval. Då går det mot regjeringsskifte, og me vil få ei rød-grøn regjering, med eit stort Senterparti. Nå er det så heldig at Sp i Rogaland sin førstekandidat, Geir Pollestad, er frå Time, og sit i kommunestyret her. Det er grunn til å rekna med han vil syta for å få eit sterkare lov-vern for matjorda. Eg håpar også at han vil sjå på desse opsjonsavtalane.

To av dei fremste industrileiarane i Time, Ingebret Aarbakke og Ståle Kyllingstad, gjekk ut i Jærbladet i haust og lova 10 millionar til planar for å byggja ned matjorda på Kverneland/Frøyland. Dei er som me andre avhengig av mat tre gonger per dag. Kor meiner dei me skal få den maten frå i tida framover? Elles vil eg rå dei to karane og fleire andre, å lesa og dra lærdom av det som timebuen Arne Garborg skreiv om pengar for mange år sidan:
«Pengar hev ikkje noko verd i seg sjølv. Du kan ikkje eta dei, ikkje drikka dei, ikkje klæda deg med dei. Du kunde hava lumma full av pengar, og svelta, tørsta, frjosa i hel – um der ikkje var mat og drikka og klæde å få.»

Publisert:
  1. Aarbakke
  2. Ståle Kyllingstad
  3. Geir Pollestad
  4. datasenter

Mest lest akkurat nå

  1. Korvetten AS begjært konkurs

  2. 38-åring tiltalt for vold mot gutt etter ring-på-spring

  3. Klar oppfordring fra de voksne: Ta russetiden tilbake!

  4. Fikk sparken i Dalane Kraft etter at han varslet NVE om et sikkerhetsproblem

  5. Politiet rykket ut til slåsskamp på Klepp

  6. Han mener livet blir bedre med lavere forbruk. Stadig flere tenker sånn