Saman kan vi løfte teateret og museet

SAMLOKALISERING: Satsinga på Rogaland Teater og Museum Stavanger (MUST) er viktig for Kristelig Folkeparti (KrF), spesielt i eit barne- og familieperspektiv.

Tenk om Museum Stavanger og Rogaland Teater kunne drive til dømes kafeteria og resepsjon saman. Ja, kanskje ein også kunne skapt utstillingar og førestillingar i lag.

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Kommunestyremedlem, Stavanger KrF
  • Bjørg Tysdal Moe
    Fylkestingsrepresentant i Rogaland (KrF)
Publisert: Publisert:

Vi har nyleg hatt eit møte med våre medlemmer i familie- og kulturkomiteen om dette. Nettopp i denne tida er det viktig å spele inn dette prosjektet både i arbeidet med revidert og statsbudsjettet 2022.

Spanande samdrift

Vern gjennom gjenbruk er framtidsretta. Vi skal ta vare på arven vår, samtidig som vi skal finne bruksområde for framtida. Det er nettopp dette som no skjer i planlegginga som Rogaland Teater og MUST, museet vårt, legg fram. Begge institusjonane ligg på «Høgda», midt i sentrum av Stavanger. Begge har behov for modernisering, og dette har dei vist er mogeleg å få til, ved å utnytte tomta og ta i bruk delar av det som i dag er nabotomta, eigd av fylkeskommunen.

Sentrumsplanen til Stavanger kommune er opptatt av å skape meir aktivitet i sentrum. Her er stasjonsområdet sentralt. Desse to institusjonane ligg nettopp i sentrum, på høgda over Stavanger stasjon. Ved å modernisere desse kan ein gjere nettopp det Sentrumsplanen etterlyser, skapa meir liv i sentrum, samstundes med at ein framleis brukar dei fantastiske historiske bygningane.

Teateret vårt har eit heilt unikt barneteater som kvar veke samlar rundt 400 born til aktivitet, og MUST hadde 25.000 born innom i fjor. Dette i lokale som ropar etter å bli meir funksjonelle enn dei er i dag.

Tenk om MUST og teateret kunne drive til dømes kafeteria og resepsjon saman. Ja, kanskje ein også kunne skapt utstillingar og førestillingar i lag.

Eit kultursenter

I Stavanger har vi musikkmiljøet i Bjergsted. Det begynte med ein visjon. I dag har vi eit fantastisk miljø med konserthuset, universitetet sitt institutt for musikk og dans, vidaregåande skule- og kulturskuletilbod.

På «Høgda» kan vi no få eit tilsvarande kultursenter, med den beste kollektivløysinga i regionen vår. Kulturinstitusjonar som Teateret og Museum Stavanger er viktige for å vidareutvikla samfunnet vårt. Vi treng institusjonar som fortel oss om vår fortid, som utfordrar oss på verdiar og til å ta samfunnsansvar.

No blir vi utfordra til å ta eit stort investeringsløft. Her må vi som lokal- og regionalpolitikarar arbeida tett saman med Rogalandsbenken på Stortinget. Når visjonen for «Høgda» i sentrum av Stavanger skal realiserast, må staten vere med å ta sin del av investeringane, det er heilt nødvendig for at komande generasjonar skal få eit funksjonelt teater og eit museum som har lokale som tilfredsstiller behova ein har no.

Publisert:
  1. Museum
  2. Rogaland Teater

Mest lest akkurat nå

  1. Denne hekken kan koste 1000 kroner dagen

  2. Navn på omkommet frigitt etter båtulykke

  3. Da demensen tok ordene fra Atle, sluttet mange å snakke til ham. – Jeg opplevde at folk krysset veien for å unngå oss

  4. – Har ikke lyst til å miste noen jeg er glad i

  5. Oilers-sjefen hyller matchvinneren: – Veldig kjekt at det lykkes for ham

  6. Tenåring uten førerkort krasjet i busskur