Mi meining var ikkje å ta Hadia Tajik
BOKOMSLAG-DEBATTEN: Det er ikkje beint fram å kaste lys på sosiale, kulturelle og strukturelle maktforhold ein vil til livs, særleg ikkje når forholda dreier seg om kjønn. Då vert temperaturen raskt høg, diskusjonen personifisert, og merkelappar som kvinnepoliti og antifeminist blir delt ut.
Intensjonen med debattinnlegget mitt om bokomslaget til Hadia Tajiks nye bok var å auke høva kvinner har til å bli høyrd på like vilkår som menn, og eg kjenner meg difor ikkje att i kritikken frå Kristine Gramstad Wedler, skriv Karoline H. Høibo. Foto: Jon Ingemundsen
Debattinnlegg
- Karoline Holmboe HøiboFakultetsdirektør, Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora Universitetet i Stavanger
Intensjonen med debattinnlegget mitt om bokomslaget til Hadia Tajiks nye bok var å auke høva kvinner har til å bli høyrd på like vilkår som menn, og eg kjenner meg difor ikkje att i kritikken frå Kristine Gramstad Wedler, der ho enda til insinuerer at det finst ein plass i helvete for meg. Eg trur målet vårt er det same: Å gje meir reell makt til kvinner.
Det er viktig for meg å presisere at eg absolutt ikkje er ute etter å ta Hadia. Snarare tvert om. Eg heier på henne og boka hennar. Det eg ønskjer, er å sette søkelyset på dei strukturelle rammene samfunnet legg for at kvinner skal bli høyrde ut frå det dei har å melde, på like vilkår som menn. Korleis skal vi diskutere dette utan å gå til angrep på kvarandre?
Om ikkje Hadia kan få lov til å pynte seg? Jo, sjølvsagt! Men eg trur ikkje det er så enkelt at ho berre har lyst til å sjå fin ut. Med det apparatet ho har rundt seg, og så medvitne politikarar i dag er om kva utsjånaden og kleda kommuniserer, trur eg ikkje det er tilfeldig kva bilete dei har vald å bruke på dette omslaget. Difor er det interessant å diskutere kva det kommuniserer og kva bruken av biletet seier om dei samfunnsmessige rammene det går inn i.
Eg er open for at eg kan ta feil i mi analyse av biletet, men eg trur uansett at det er viktig av vi har ein debatt om biletbruk, for eg er livredd for at vi skal kome dit som dei er komne i USA; at du må presentere ein retusjert versjon av deg sjølv for å bli høyrd. Og om motdebattantane mine har rett i at vi ikkje er i nærleiken av dette i Norge i dag, ja så er medvitet om at vi kan kome dit, verdt debatten i seg sjølv.
Det er viktig for meg å presisere at eg absolutt ikkje er ute etter å ta Hadia. Snarare tvert om. Eg heier på henne og boka hennar. Det eg ønskjer, er å sette søkelyset på dei strukturelle rammene samfunnet legg for at kvinner skal bli høyrde ut frå det dei har å melde.
Les også
Mest lest akkurat nå
Aftenbladet anbefaler
Mest debattert
Sola-ordføreren vil kjøpe vaksiner av Israel: – Regjeringen gjør for lite
Randaberg-ordføreren ber regjeringen våkne i jakten på vaksiner: – De kaster bort tid på uvesentlige ting
Sputnik-vaksinen vurderes for godkjenning i EU og Norge
Advarer Mímir mot å bruke 577 milliarder av Oljefondet på bare én setning i Rødt-programmet