Problemet med for låge bomtakstar

KRONIKK: Taksten for personbilar i Ryfast er 140 kroner per passering. Det er lågare enn ferjetaksten i Tau-sambandet ville ha vore i dag. Stortings­proposisjonen la til grunn det dobbelte.

Inn i Ryfast-tunnelane på Solbakk i Strand. Bomtaksten på 140 kroner er for låg, argumenterer Alexander Rügert-Raustein (MDG), leiar av samferdselsutvalet i Fylkeskommunen.

Debattinnlegg

  • Alexander Rügert-Raustein
    Alexander Rügert-Raustein
    Leiar av samferdselsutvalet, Rogaland fylkeskommune (MDG)
Publisert: Publisert:

Både ordførar og varaordførar i Strand kommune går ut i Aftenbladet med krav om å senke bomtakstane i Ryfast.

Men Ryfast og Bymiljøpakka er kopla i samen gjennom timesregelen. Det betyr at Ryfastprosjektet og Bymiljøpakka har eit felles ansvar for å bidra til nullvekstmålet – altså å sikre at trafikken i byregionen ikkje veks, og helst minkar.

Å senke taksten i Ryfast ville ha dobbelt negativ verknad for måloppnåinga. Lågare takst i Ryfast vil nemleg føre til trafikkauke, og dermed true nullvekstmålet.

Samferdselspolitisk harakiri

Dette er eit trugsmål for både klima og miljø, og eit trugsmål for økonomien i bymiljøpakka, viss belønningsmidlar som er avhengig av at trafikken ikkje aukar, står i fare for å ryke. Regionen nyt svært godt av å få 2,6 milliardar kroner i belønningsmidlar i perioden 2019–2029. Det svarar årleg til 3–4 månadsinntekter i bompengar, som gir fleire bussavgangar og landets billegaste kollektivprisar.

Dette ville også med ein gong bety ei direkte svekking av økonomien i bymiljøpakka fordi overføringar frå bymiljøpakka til Ryfast aukar på grunn av timesregelen. Allereie med dagens trafikknivå gjennom Ryfast overfører bymiljøpakka, i pakkas levetid, opp mot ein halve milliard til Ryfast. Det er pengar som bymiljøpakka må få inn via forlenga innkrevjing, auka bomsatsar eller innsparingar gjennom kutt i prosjekt.

I eit regionalt perspektiv er å senke bomtaksten i Ryfast ytterleg eit samferdselspolitisk harakiri.

Bomdilemmaet

Det er eit dilemma at enkeltpersonars gode, låge bomtakstar fører til aukande trafikk, som er til ulempe for samfunnet som heilskap. Dei vedvarande trafikkutfordringane i regionen viser tydeleg at langsiktig søkelys på samfunnet som heilskap må vektas mykje høgare.

Verre blir det gjennom media sitt einspora fokus på bominnkrevjing som kjelde til inntekt.

Det hadde vore nyttig om media gjekk over til ei meir opplysande forteljing om bompenganes hensikt og verknadar som går langt ut over å vere eit opplegg til finansiering av vegprosjekt. Det dreier seg om det gode samfunnet som ikkje er lenger er bilavhenging. Det glade samfunn med mindre tidspress, jag og reising me til sjuande og siste beveger oss mot.

Urimelege krav

Når ein ønskjer å dra nytte av lågare ferjetakstar, må ein ha eit ferjesamband. Målet med ferjeavløysing er å kvitte seg med dei. Dette inneber aksept for at ein ikkje lenger drar nytte av stønad til drift av ferje. Ferjeavløysingsmidlar er alt lagt inn i Ryfastprosjektet via statens bidrag til prosjektet. Eventuelle påstandar om at staten sparer noko på sikt, er feil. Drift og vedlikehald av tunnelane er (minst) like kostbart som statens tilskot til ferjedrift.

Ryfast blei bygd vel vitande at bombelastinga vil vere merkbart høgare enn ferjekostnaden. Det gjer det urimeleg å klage over at ein faktisk betaler høge bompengar.

Og realiteten er at tunnelen i dag er billegare enn ferje. Taksten på Tausambandet var 183 kroner i 2017. Det svarar til 200 kroner i 2021-kroner. Også med takstreduksjon på 25 prosent ville det verte 150 kroner per tur i dag.

Taksten i Ryfast er 140 kroner per passering. Det er lågare enn ferjetaksten ville ha vore i dag. Det svarar faktisk til halvparten av det som var lagt til grunn i stortingsproposisjonen. Den tok utgangspunkt i 230 kroner for lette køyretøy i 2012-kroner. Indeksjustert til 2021-kroner ville det verte 280 kroner per passering i dag.

Trafikken er omlag det doble av det som var estimert. Forventa trafikkgrunnlag var ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 3200 bilar, basert på Tau-sambandet med 1580 og Høgsfjordsambandet med 1650 bilar i 2011. Dei aktuelle tala for passeringar i Ryfast er 6300–6400.

Dermed er totalinntektene stor nok til å betale ned gjelda. Men trafikkbelastninga er dobla i forhold til stortingsproposisjonen, og regionen har skapt seg eit heilt unødvendig klima- og miljøproblem i ei tid der å løyse disse har høgaste prioritet. Dette problemet skal ikkje bli verre.

Les også

Alexander Rügert-Raustein: «Tala som torpederer Rogfast»

Feil svar på feil spørsmål

Dette viser dilemmaet i ein situasjon der me treng bominntekter for å betale ned gjeld. Når den enkelte nyt godt av å betale låge takstar, er målet for samfunnet som heilskap vanskeleg å nå når låg takst genererer høge trafikktal.

Når det er sagt, med samla inntekter som er noko høgare enn venta, er det ingen «fare» for at det vil bli fleirtal for å auke taksten med det fyrste. Men å senke den ville vert samferdselspolitisk harakiri.

For framtida: Når svaret er tunnel, så er det lurt å spørje seg kva som eigentleg var spørsmålet. Kva problem ønskjer me å få løyst, og kva nye problem skaper den? Merkeleg nok ser det spesielt i vår region ut som om ein er kunnskapsresistent mot erfaringa om at tunnel er feil svar på feil spørsmål.

For nåtida: Den same kunnskapsmotstanden viser seg når svaret er fire-felts motorveg! Igjen, kva er spørsmålet? E39-prosjekta i Bymiljøpakka slit med akkurat det same dilemmaet. Å lempe E39 Osli–Ålgård over til Nye Vegar vil berre forsterke det.

Les også

  1. – Nei, Rogfast vil ikke føre til et integrert bo- og arbeidsmarked på Haugalandet og Nord-Jæren

  2. Slik feiret finnøybuen at Finnfast er gratis

Publisert:

Valg 2021 - samferdsel

  1. – Perspektivløst om fergefri E39

  2. – For Frp betyr fart mer enn miljø

  3. – Kunsten å sette opp eit reknestykke

  4. – Ryfast er eit ferjeavløysingsprosjekt som kostar trafikantane dyrt

  5. «Problemet med for låge bomtakstar»

  6. – Meir pengar til hurtigbåt med Venstre i regjering

  1. Valg 2021 - samferdsel
  2. Ryfast
  3. Samferdsel
  4. Bymiljøpakken (tidl. Bypakke Nord-Jæren)
  5. Bompenger