Er det ein kamp om eller for villaksen?

DEBATT: Tankane går nå til mine kilenotkollegaer ved kysten som i sommar må stå på sidelinja når sølvrushet startar i fjordane.

«Dersom målet er å gjera det beste for villaksstammen, er det vel liten tvil om at det hadde vore mest effektivt med ei totalfreding – både i elv og i sjø – om bestanden verkeleg er truga», skriv Mikkel Wigestrand.

Debattinnlegg

  • Mikkel Wigestrand
    Kilenotfiskar, Hebnes
Publisert: Publisert:

I fjor kom Miljødirektoratet med eit forslag om å freda fisket etter anadrom laksefisk i sjø og vassdrag i fem år. Grunnlaget for forslaget er å vera «føre-var» og sikra at den ville laksestammen ikkje blir for hardt hausta og i ytste konsekvens truga i framtida. Nå er resultatet klart, med overskrifta «Innstrammingar i sjølaksefisket i 2021».

Isolert sett, er ikkje dette godt nytt for kilenotfiskaren. Men som klima- og miljøminister Rotevatn poengterer: Mange av bestandane er små og truga, og innstrammingar i sjølaksefisket er meint å gi villaksen betre vern. Då skulle ein kanskje tru at alle må ta sin tørn, både i sjø og i elv? Tydelegvis ikkje.

Istedenfor velger regjeringen å straffe sjølaksefiskerne kollektivt langs hele kysten, mens fisket i elvene fortsetter tilnærmet som før, kommenterte Bengt Rune Strifeldt i Næringskomiteen om den nye reguleringa som Miljødirektoratet nå går inn for.

Les også

Til laks åt alle...

Eitt år i første omgang

Ein ganske stor siger er det likevel at det tradisjonsrike fisket ikkje blir freda i fem år, slik som føreslått, men i første omgang berre eitt år for å sjå om reguleringane «er egna til å oppfylle føremålet i Klima- og miljødepartementet si føring, og om dei opprettheld ein viss balanse mellom fisket i vassdrag og sjø». Kva effekt dette er snakk om, går ikkje tydeleg fram i regjeringa si pressemelding, men det må jo vera at fleire laks går opp i vassdraga.

Eit anna lyspunkt er at innstrammingane ikkje gjeld alle utøvarar av kilenotfisket. Direktoratet meiner nemleg det er ute ved kysten at det er størst risiko for å fiska på blanda bestandar, så for mitt område i Indre Rogaland, nærare bestemt i Sandsfjorden, vil det framleis bli opna for kilenotfiske. I høyringsforslaget frå Miljødirektoratet, står det: «For regionene Indre Rogaland og Nordfjord har vi råd fra Vitenskaplig råd for lakseforvaltning om at området kan tåle høyere beskatning (...)».

Ein bismak gir det likevel at kilenotgjengen nå blir splitta i form av at nokon får fiska, og andre ikkje. I fjor sommar skreiv eg eit lesarinnlegg der eg meinte at alle laksefiskarar, både i elv, fjord og ved kysten, bør behandlast likt. Anten bør alle få fiska, eller ingen. Det står eg framleis ved i dag. For meg botnar heile diskusjonen i valet mellom to ord: Er dette ein kamp om eller for villaksen?

Elveeigarane kjem best ut

Om ein ser vedtaket frå eit økonomi- og samfunnsperspektiv, er det heilt klart elveeigarane som kjem best ut. Men dersom målet er å gjera det beste for villaksstammen, er det vel liten tvil om at det hadde vore mest effektivt med ei totalfreding – både i elv og i sjø – om bestanden verkeleg er truga. At alle og einkvar skal ha ei meining om akkurat dette, synest eg er litt unødvendig. Fiskarane sin jobb er å rapportera fangsten, så får det vera opp til kyndige talknusarar å avgjere situasjonen til villaksen.

Les også

  1. Regjeringsvedtak tvinger kvinnene til å legge ned bedriften sin

Publisert:
  1. Debatt
  2. Lakselus
  3. Fisk
  4. Laks

Mest lest akkurat nå

  1. Nå har Vikings bolle­konge fått egen spon­sor

  2. Meteorologen: – Pakk ned tram­polinen. Det meldes liten storm

  3. Denne kommunen vurderer å melde over­gang til Roga­land

  4. FHI vil anbefale å gjenåpne landet om kort tid

  5. Ikke sikkert siktede blir av­hørt i denne feng­slings­perioden

  6. Mia Gundersen fikk korona - må utsette premieren