Islamkritikk er ikkje rasisme

KRONIKK: Men å erklære at alle muslimar er forbrytarar og overgriparar, er rasisme.

Publisert: Publisert:

Gjestfridom er eit særtrekk ved muslimske kulturar. Likevel blir det hevda at alle muslimar er ekstremistar og difor må sendast ut av landet – som er like gale som å hevde at alle kvite nordmenn er rasistar fordi nokre få, kvite menn og nokre kvinner i Sian ustoppeleg kjem med rasistiske påstandar om muslimar. Foto: NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Jarl Wåge
    Skribent

«muslimer ER IKKE EN EGEN RASE. DERFOR ER DET TOTALT SKIVEBOM hvis du kaller oss FOR RASSISTER fordi vi om vi hater HALSHUGGING STEINING TVANGS EKTESKAP MED BARN. OSV OSV.»

Dette er ei nøyaktig gjengjeving av ein kommentar eg fekk på Facebook til ein kronikk der eg mellom anna skreiv at det er rasisme å ville kaste 200.000 muslimar ut av Noreg.

Han har sjølvsagt heilt rett. Med eller utan caps lock. Å hate halshogging og steining er så langt frå rasisme ein kan kome. Det er å vere imot dødsstraff. Og der er eg heilt på linje med mannen. Dødsstraff er barbari, anten det skjer ved korsfesting, brenning på bål, halshogging, steining, giftsprøyte eller i den elektriske stol. Eg stiller gjerne saman med han på barrikadane i kamp mot denne styggedomen.

Like rett har han når han hevdar at å vere imot tvangsekteskap ikkje er rasisme. Ei av dei fyrste som offentleg kjempa mot tvangsekteskap i Noreg, var Camilla Collett. På 1800-talet blei unge døtrer ofte gifta bort til velståande, eldre menn. Syster til Henrik Wergeland gjekk sterkt i rette med uvesenet.

Det absurde er at det framleis finst folk i Noreg i 2020 som tykkjer at tvangsekteskap er ein god idé. Tvang og overgrep mot unge menneskje er aldri ein god idé. Difor treng vi ein hær av Camilla Collett-ar og andre som hindrar at slikt skjer.

Når løgn blir «sanning»

Ei av dei oftast gjentekne løgnene på sosiale medium er at ein blir kalla rasist om ein kjem med kritikk av religionen islam. Så ofte blir dette gjenteke at det for mange blir rein og skjær sanning.

Dette er like fullt løgn. Religionskritikk er viktig og tvingande nødvendig. Når vi ser alle krigane, all djevelskapen, all undertrykkinga og forfølginga av uskuldig menneskje religionar har ført med seg, og fører med seg, er det nødvendig å vere meir kritisk enn nokon gong. Også til islam. Personleg kjenner eg ikkje Koranen godt nok til å drive islam-kritikk. Men å kritisere religiøs praksis tør eg gje meg ut på.

Tvangsekteskap, forfølging av homofile, mangel på likestilling og undertrykking av kvinner i ein eller annan gud sitt namn, høyrer ikkje heime i eit moderne samfunn. Sosial kontroll for å tvinge ungdom inn i eit format som foreldre, kyrkjeleiarar eller imamar tykkjer er høveleg, er noko alle oppegåande menneskje må ta til motmæle imot.

Når somaliske kvinner gjer opprør mot patriarkatet og mannsdominansen i moskeen dei brukar på Tøyen, må kvar og ein av oss tre støttande til. Så viktig er dette opprøret at dei fortener ein hovudparole i all kamp for likestilling.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Vi bor i et likestilt land!»

Nikab og burka

Personleg har eg teke til orde for forbod mot nikab og burka i Noreg, slik dei har i kulturnasjonen Frankrike. I alle fall om plagga blir meir utbreidde enn det er i dag. Dette er dei ultimate symbola på kvinneundertrykking. Både totalitære Taliban og IS tvingar alle kvinner til å dekkje ansiktet. Enkelte innvender at i Noreg vel kvinnene sjølve å dekkje seg ti. Ja vel, men blir det forbode, får dei vere ansiktslause heime.

På same vis foreslår eg forbod mot hijab og andre religiøse symbol i barneskulen, slik at barn får vere barn. Så får dei heller velje å bere slike symbol når dei er gamle nok til sjølvstendige og reflekterte val.

Eg trur ikkje at eg blir kalla rasist når eg målber slike synspunkt. At enkelte vil kalle meg kunnskapslaus og med manglande innsikt er absolutt mogeleg. Om eg hadde gjeve meg ut for religionskritikar, hadde det truleg kome relevante innvendingar.

Grunnen til at myten om at ein blir kalla rasist viss ein kritiserer islam er høgst levande, er at mange ikkje klarer å skilje mellom religionskritikk og rasisme. Diskriminering på bakgrunn av hudfarge og religion fell begge inn under rasismedefinisjonen. Det er sjølvsagt heller ikkje diskriminering, og ikkje rasisme, å vere imot halshogging.

Les også

Svein Tuastad: «Når vi blir utsette for krenkande ord, bør vi gjere som Michelle Obama sa: ’When they go low, we go high!’»

Innvandringspolitikk og mytar

Det er det derimot om ein framstiller alle muslimar som forbrytarar og overgriparar.

Ei av dei mest ihuga i koranbrennar-gjengen skreiv følgjande på Twitter: «Folk som støtter sharia, begår vold, voldtekter og kriminelle handlinger og ikke er integrert, bør sendes ut. Skal vi se, da kommer vi vel opp i 200000 [muslimar som skal kastast ut av landet].» Sjølv hevdar ho at dette er islamkritikk. Ho må bare forsøke, men det blir ikkje mindre rasistisk same kor mykje ho prøver seg med omskriving med «to do».

Leiaren i Sian kallar muslimane si heilage bok ein «terrormanual» og insisterer på at det er islamkritikk. Når ein annan koranbål-entusiast klarer å skrive «la den brenne» [Koranen] 18 gongar i éin tweet, er det så ein lurer på om det er pyromani som er drivkrafta.

Les også

Øyvind Strømmen: «Lyskastarparadokset»

Det er på tide å avlive myten om at folk som er islamkritiske, blir kalla rasistar. Det gjeld òg myten om at folk som er imot innvandring, blir kalla rasistar. Ingen politiske parti vil ha fri innvandring. Dei aller fleste av dei norske partia forfektar ein streng innvandringspolitikk. Ingen finn på å kalla dei rasistar av den grunn.

Når ein stortingspolitikar seier nei til ikkje-vestleg innvandring, byrjar det derimot å lukte vondt, sidan ikkje-vestleg som oftast inneber både ein annan hudfarge og religion enn vi vestlege har. Diskriminering, altså. Og kva kallar vi diskriminering på bakgrunn av hudfarge og religion? Ja, nettopp.

Kan vi ikkje like godt slå fast at det berre er rasistar som blir kalla rasistar? Det er uansett dette det til sjuande og sist koker ned til.

Publisert:

Les også

  1. «Venstresida har ofte tatt for lett på trusselen frå radikal islam»

  2. Norges OL-håp fikk høre at hun ikke trengte å synge «Ja, vi elsker». Fortellingen vekker sterke reaksjoner.

  3. Kringkastingsrådet splittet over Sian-debatt

  4. De overlevde Utøya. Nå lever de med drapstrusler.

Mest lest akkurat nå

  1. Marte (20) sa opp jobben og flyttet hjem for å pleie sin alvorlig syke pappa. Det fraråder Stavanger kommune

  2. Lervigs nye utestad tar natte­søvnen frå naboar: – Vil sjå på skjenke­reglane

  3. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  4. Fire blind­passasjerer levde bak roret på norsk olje­tanker i ti dager

  5. To covid 19-smittede tok tog fra Sandnes til Egersund fredag

  6. Sangene visste at hun skulle skilles før hun visste det selv

  1. Islam
  2. Rasisme
  3. Diskriminering
  4. Nikab
  5. Jarl Wåge