Boka er betre enn omtalen?

DEBATT: Espen Hammer har skrive ei bok, «USA. En supermakt i krise», som eg kommenterte 15. februar. Han kjem med eit svar i avisa 18. februar.

Debattinnlegg

  • Tor Olav Hauge
    Sjernarøy
Publisert: Publisert:

Som det gjekk fram av innlegget mitt var dette basert på omtalen boka har fått og nokre påstandar i denne om innhaldet. Desse lever nå sitt eige liv i media, uavhengig av boka, og når dermed fleire enn denne. Mange vil dermed få inntrykk av at USA har dødstal for spedbarn på linje med fattige afrikanske land. Dessverre er innlegget mitt endra litt av redaksjonen. Påstanden om oppslutning om militærstyre og opplyst diktatur er eit sitat frå Nrk.no som var markert både med hermeteikn og kursiv, medan det i avisa er presentert som mine formuleringar. Det eg for min del trekte fram var at survey-data kan tyda på at oppslutninga har gått noko ned, kanskje pga. Trump, og at nokre andre vestlege land viser like høg og dels høgare oppslutning om autoritære styreformer.

Eg har eit inntrykk av at media i stor grad har vore på etterskot når det gjeld fenomenet Trump.

Dødstal for spedbarn

Survey-data er ein ting, statistikk noko anna, i dette tilfelle dødstal for spedbarn. Påstandane er:

Omdal i Aftenbladet: «Hammer (nevner) spesifikt statistikken over spedbarnsdødelighet, og omtaler den som et eksempel på at USA på mange områder er «på nivå med fattige afrikanske stater»».

Hegdal på Nrk.no: «Midt i en oppramsing av elendigheten i USA, slår han fast at «Spedbarns-dødeligheten øker stadig.»»

Det er dette meldarane har fått med seg og som ein avislesar og potensiell bokkjøpar har å halda seg til. Av svaret går det fram at Hammer er meir nyansert enn det meldarane presenterer. Såleis at han ikkje har sagt at USA generelt ligg på nivå med afrikanske land, slik Omdal får det til. Påstand nr. 2 er ikkje meint slik, men det kan mistydast.

Media på etterskot

I utgangspunktet burde ein med Hammers bakgrunn kunna gi nyttige perspektiv på utviklinga i USA. Eg har eit inntrykk av at media i stor grad har vore på etterskot når det gjeld fenomenet Trump. Rett før han skulle innsetjast nærmast ropte ein tidlegare USA-korrespondent ut i eteren: Gi Trump en sjanse! Poenget var at valkamp er ein ting, med mange skitne triks for å bli vald, embetsutøving noko heilt anna, og hadde han ikkje sjølv sagt I’m going to be so presidential? Folk med litt gangsyn forstod at det ikkje var så, måten han tedde seg på, uhemma håning av folk, utbuinga av frammøtte pressefolk på vekkingsmøta, «white power»-teiknet han gjorde med handa osv. Dei gamle forståingsrammene passar ikkje. Trump har oppfylt alle dårlege forventningar, og vel så det. Ein er ikkje ferdig med Trump, iallfall ikkje «trumpismen», symbiosen mellom Trump-media (Fox osv.) og Trump-skaren vil nok vara ved. Folk med god innsikt i amerikanske tilhøve vil vera viktige, og Hammer kan vera ein av dei.

Les også

  1. Dyster spådom om USAs framtid

  2. Espen Hammer si bok om USA serverer ein del lause på­standar

  3. – Dessverre overdriver jeg ikke angående USA

Publisert:
  1. Debatt
  2. USA

Mest lest akkurat nå

  1. Dette er den nye trenden på Storhaug: - Jeg tror folk har savnet et slikt tilbud

  2. To bilister ble fotgjengere i løpet av én time

  3. Thon vil utvide Amfi Madla inn på Shell-stasjonen

  4. Nå vil han stramme inn igjen

  5. Bølger i kaffen kan være et dårlig tegn

  6. Han har fått sekser på sekser – nå trenger han større lokaler