Den største EØS-bløffen

DEBATT: Mantraet om at me treng EØS for å «få solgt varene våre til EU» er ein hersketeknikk for å få merksemda bort frå at omtrent all vår vareeksport til EU hadde same tollfridom under handelsavtalen før 1994 som i EØS etter 1994.

EU-minister Vidar Helgesen (t.h.) kan ta det med ro. Sjølv om vi seier opp EØS-avtalen, vil EU-landa framleis kjøpa norsk gass, frå mellom anna Troll A-plattforma, der dette biletet frå oktober 2015 er frå. Til venstre Gunnar Nakken, då påtroppande områdedirektør for Drift Vest i Statoil.
  • Ivar Andersen
    Stavanger
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Svein Olav Simonsen, regiondirektør i NHO-Rogaland, kan trenga ein kommentar (sjå lenke til Simonsen sitt innlegg under artikkelen; red.anm.):

Må me la norske lovar vika for EU-lovar for å få selja varene våre i EU? Det rår ei nærast sementerte førestilling om at me treng EØS-avtalen for å komma inn på EU-marknaden med varene våre. Men kvifor får då land i alle kantar av verda inngå frihandelsavtalar med EU utan at avtalane pliktar dei til å endra partar av lovverket sitt – slik me må i EØS?

Vår eigen EØS-avtale har, som kjent, med seg at Norge underkastar seg heile EUs regelverk for den såkalla indre marknaden, regelverket for varer, tenester, kapital og arbeidskraft, for den frie etableringsretten og for konkurranselovgjevinga.

Norge er EUs femte største handelspartnar, og unionens sjette største eksportmarknad Me importerer for 300–400 milliardar kroner i året fra EU.
Tru ikkje at EØS-avtalen sikrar norsk vareeksport til EU. Prosentdelen av norsk eksport til EU var høgare før EØS-avtalen kom i 1994.

God sikring utan EØS-avtalen

Om me seier opp EØS-avtalen, vil frihandelsavtalen frå 1973 automatisk gjelda, slik den gjorde fram til EØS-avtalen starta frå januar 1994. Dette er fastlåst i EØS-avtalens artikkel 120. Avtalen må naturlegvis oppdateras på mange punkt, blant anna på grunn av alt som har hendt i Verdas handelsorganisasjon, WTO.

WTO-reglane hindrar at EU kan innføra toll eller andre handelshindringar mot norsk eksport viss EØS-avtalen skulle falla bort.

Norge er nok eit lite land samanlikna med EU. Men som kjøpekraftig eksportmarknad er me ingen bagatell for EUs næringsliv. Norge er EUs femte største handelspartnar, og unionens sjette største eksportmarknad Me importerer for 300–400 milliardar kroner i året fra EU.

Olje og gass er dei viktigaste eksportvarene våre. Ingen i EU vil, i staden for å kjøpa norsk, kjøpa meir olje og gass frå Russland, om dei kan unngå det. Påstanden om at me treng EØS får å få selja varene våre til EU-land, er derfor eit skremsel utan grunnlag i verkelegheita. I tillegg er EU også ideologisk tilhengar av ei verd med frihandel av industrivarer. Det er derfor EU stadig inngår nye frihandelsavtalar med land frå alle kantar av verda. Kvifor skal akkurat Norge vera unnataket?

Utanfor EØS slepp me EU-kravet om at ein kvar norsk lov må vika om den er i strid med EUs regelverk for den indre marknaden.

Større del av handel før 1994

Om det verkeleg var slik at me trong EØS-avtalen for «å få selja varene våre i EU-land», skulle ein tru at eksporten vår til EU auka særs sterkt etter at EØS-avtalen trådde i kraft i 1994. Men slik er det ikkje. Då utgjorde den 75 prosent av all norsk eksport. Nå er den delen nede på rundt 60 prosent. Det var fram til 1994 at eksportandelen av tradisjonelle varer auka, med ein frihandelsavtale med EU frå 1973.

Brundtland-regjeringas stortingsproposisjon som gav grønt lys for EØS-avtalen i 1992, var nøktern og presis på dette punktet. «EØS-avtalen skiller seg i liten grad fra den eksisterande frihandelsavtalen med EF når det gjelder markedsadgangen» (St.prop.nr 100 (1991-92)).

Mantraet om at me treng EØS for å «få solgt varene våre til EU» er ein hersketeknikk for å få merksemda bort frå at omtrent all vår vareeksport til EU hadde same tollfridom under handelsavtalen før 1994 som i EØS etter 1994. Handel med EU vil me ha også utan EØS. Men utanfor EØS slepp me EU-kravet om at ein kvar norsk lov må vika om den er i strid med EUs regelverk for den indre marknaden.

All vår vareeksport til EU hadde same tollfridom under handelsavtalen før 1994 som i EØS etter 1994

Publisert: