Fastlege til alle!

DEBATT: Folk flest reknar det som eit stort gode å ha ein fast allmennlege over tid, og dette skulle den kommunale fastlegeordninga sikre. No manglar 150.000 nordmenn fastlege – nesten ei tredobling på tre år. Fagfolk har i ei årrekkje varsla om denne utviklinga.

«Fastlegetenesta har ikkje fått nok rikspolitisk prioritet», skriv Torleiv Robberstad.
  • Torleiv Robberstad
    Pensjonert samfunnsmedisinar
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Folk flest reknar det som eit stort gode å ha ein fast allmennlege over tid, og dette skulle den kommunale fastlegeordninga sikre. No manglar 150.000 nordmenn fastlege – nesten ei tredobling på tre år. Fagfolk har i ei årrekkje varsla om denne utviklinga.

Det er for få fastlegar. I 2008 var det 3969 slike, og då meinte Helsedirektoratet at det trongst 2000 fleire; Men enno har me bare fått halvparten av dei. Frå 2011–15 hadde fastlegetenesta 2,2 prosent årleg vekst, men 1,5 prosent i 2016-20, og bare 1 prosent i 2021 (= 52 fleire legar). Heile nettoauken 2012–20 var kvinnelege legar (og det er bra).

For å rekruttere nok fastlegar, må du tilby minst like gode arbeids- og livsvilkår som i alternative jobbar.

Ikkje fått nok prioritet

Fastlegetenesta har ikkje fått nok rikspolitisk prioritet. Frå 2012 har samhandlingsreforma overført mykje arbeid frå sjukehus til fastlegar. Likevel kom det frå 2012–18 27 prosent fleire legeårsverk til sjukehusa, men bare 19 prosent fleire til kommunane.

Det er blitt verre for sjuke folk. I 2016 hadde 49 prosent av fastlegane ledige plassar på pasientlista si, i 2020 var det 25 prosent, og no bare 16 prosent. I vinter hadde 19 prosent av kommunane ingen opne fastlegelister; og dette gjeld også større bykommunar som Hamar, Porsgrunn, Skien, Arendal, Kristiansand, Sandnes, Trondheim, Steinkjer, Namsos og Tromsø.

Dette er for ille, men kva kan ein gjere med det?

For å rekruttere nok fastlegar, må du tilby minst like gode arbeids- og livsvilkår som i alternative jobbar. Dette er heilt elementært elles i arbeidslivet. Sjukehuslegar er dekte av arbeidsmiljølova, med ordna arbeidstid og fast løn, og utan investeringsplikt. Slikt gjeld ikkje for 85 prosent av fastlegane, for dei er sjølvstendig næringsdrivande: kontraktørar.

Subsidiering. Det er ei statleg målsetjing at offentlege tenester i prinsippet skal vere tilgjengelege for alle; og staten har eit overordna ansvar for skattefinansierte helsetenester. Men no er fastlegeordninga underfinansiert. For å få betre stabilitet og kvalitet, må dei fleste kommunane no tilleggssubsidiere fastlegetenesta si, med 600 mill. kr bare i 2020. Både kommunar og KS burde utfordre staten på dette.

Kostar pengar

Den kommunale fastlegeordninga skal vere basis og portnar for andre helsetenester, og slikt kostar pengar. Men det blir dyrare å la basis bryte saman, for då følgjer sjukehusa etter, som i eit kvikkleireras. 85 prosent av basis er no kontraktørar, men er dette stabil nok basis for den statlege spesialisthelsetenesta?

Publisert: