Kvifor denne uviljen mot matematikk og lekser?

DEBATT: Matematikk blir omtala som eit skrekkfag, lekser blir karakterisert som skadeleg for elevar og familiar og elevassistentar blei stemt ned. Kva er det som skjer?

Er 7.-klassepensum i matematikk nok for framtidas samfunn? Eg trur ikkje det. Matematikken treng PR-hjelp. Kanskje eit namneskifte kan hjelpa?
  • Sigmund Hatløy
    Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Politikarar og andre kappast om å ta avstand til lekser som læremåte og lærehjelp. Samstundes er der problem med mobiltelefonbruk i skulekvardagen. Elevane må få ha telefonane med seg både i friminutta og til hjelp i timane.

Skjermbruk er viktig, meiner mange. Kva er det som får merksemda frå elevane dersom det er ein skjerm på pulten? Eg trur lærarane vil tapa i konkurransen mot skjermane det meste av tida.

Ein skule utan lekser betyr at alt skal lærast i skuletimane. Det krev at alle i klasserommet er konsentrerte om det læraren driv med. Ikkje alle elevar forstår og lærer like raskt kva som blir sagt og forklart. Distraksjonar er ikkje til å unngå. Lekser kan jamne ut desse skilnadene. Mange treng lekser til repetisjon og øving for å følgja framdrifta i klassen.

Les også

Dette sier skolene selv om lekser

Lekser er nyttig

Difor trur eg lekser er eit viktig hjelpemiddel for å minska skilnadene i kunnskapsnivå blant elevane. Dessutan treng alle øving i å løysa oppgåver, å gjera ein innsats for å nå mål. Slik innsats vil bli kravd utanfor skulen. Får ein ikkje slik øving, aukar fråfallet sterkt i vidare skulegang. Ein høyrer ofte kor viktig det er for ungdommane å bli sett, ikkje oversett. Å få krav og plikter er ein nyttig måte å bli sett på.

Eit innlegg i Aftenbladet nyleg stemplar matematikken som eit mareritt for mange. Det vert sagt at 7. klassepensum er nok etter 12 års undervisning. Mange pedagogar og politikarar kappast om avskyerklæringar og skrekkhistorier om matematikken. Og jublar for reduserte krav til matematikkunnskaper for å bli lærar. Etter mange tiår med nedvurdering og unyttiggjering skal altså lærarstanden utdannast til framleis å sjå på matematikk som eit skrekkfag.

I den gamle folkeskulen heitte faget «rekning» og hadde praktisk nytte for alle. Ja, det var vanskeleg å greia seg utan. Nå strøymer det på med elektroniske hjelpemiddel og instrument, all kommunikasjon og produksjon brukar elektronikk. Er 7.-klassepensum i matematikk nok for framtidas samfunn? Eg trur ikkje det. Matematikken treng PR-hjelp. Kanskje eit namneskifte kan hjelpa?

Matte ein syndebukk?

Elles er det påfallande at matematikkfaget skal få skulda for skulevegring i mange andre fag. Kva med andre fag der det er skilnader i prestasjonane? Skal dei også reduserast til eit minimumsnivå? Mange ønskjer å gje alle realfag eit dårleg rykte, og peikar på lærevanskar og lite praktisk nytte. Dette trass i at kvardagen er full av praktisk fysikk, kjemi, biologi, rekning, elektronikk og mekanikk. Faga vert praktisert i alle kjøkken, i fritid og arbeid, sport og underhaldning. Pedagogar kan fråtsa i nærliggande døme på praktisk nytte av desse faga.

Fylkestinget har stemt ned eit forslag om å greia ut ei ordning med å prøva bruk av elevassistentar i undervisninga. Leiar og nestleiar i opplæringsutvalet i fylkeskommunen åtvarar sterkt mot at ordninga vert brukt i vidaregåande skular. 18–19 åringar er ikkje vaksne nok som assistentar. Dei kan oppdaga sensitiv informasjon om ulikt kunnskapsnivå og ulik sosial kompetanse. Dei to meiner ordninga kan auka sosiale skilnader og påverka maktbalansen mellom elevane. Ein må krevja teieplikt og politiattestar, og ikkje la assistentar risikera straffansvar. Dei åtvarar mot arbeidstakar-erfaringa assistentane får, og ansvaret som følgjer med.

Les også

La ungdommene få være medelever, ikke assistentlærere!

Les også

Et sørgelig nei til elevassistenter i videregående skole

Ja til elevassistentar!

Av eigen erfaring meiner eg forslaget er særs godt. I mi ingeniørstudietid for 60 år sidan var ordninga ei svært viktig hjelp og ei mykje brukt ordning. I ein læresituasjon er det ein stor skilnad i fagnivå mellom lærar og elev. For dei svakaste elevane er skilnaden ekstra stor. Det er kjent erfaring at mange ikkje vågar å spørja om hjelp fordi ein ikkje vil avsløra kva ein ikkje kan. Elevassistentane minskar denne skilnaden til eit overkomeleg nivå, og hjelp blir å få for fleire.

Assistentane er viktige for å redusera ulikskapen i klassen.
Ordninga trur eg også reduserer skulking og fråfall i vidare skulegang.
Motargumenta frå leiar og nestleiar kan ein snu på. Dei fleste elevane har sensitiv informasjon om medelevane utan krav om særskilt teieplikt. At assistentane får arbeidstakarerfaring og ekstra ansvar må telja positivt for alle partar. For elevassistentane vil ordninga vera attraktiv, ikkje berre økonomisk men også fagleg. Ein får prøvd seg som pedagog og arbeidstakar. Tilsetting må skje etter faglege kvalifikasjonar, kvalifikasjonar som vert noko å strekka seg etter utover minstekrava. Det må vera viktig å prøva ut dette pedagogiske grepet snarast råd.

Elles er det påfallande at matematikkfaget skal få skulda for skulevegring i mange andre fag. Kva med andre fag der det er skilnader i prestasjonane?
Publisert: